Til hovedinnhold

Idrett, Friluftsliv og spenning!

Søk på linja
Ledig plass

Lyst på eit år fylt med gode opplevingar? Kombiner friluftsliv med idrett og spenning! Den beste kombinasjonen for ein aktiv kvardag, med nye vener og opplevingar for livet!

Du vil oppleva:

Idrettar

Testa dine eigne grenser og oppleva spenning:

Unike opplevingar i friluft:

Oppleva det sosiale felleskapet og ha tid til dine interesser!
Eit år på internat med andre med felles interesser betyr nye opplevingar, og venskap for livet. Du får tid til å orientere deg i livet, og kanskje gjere noko anna før du går ut i høgare utdanning eller arbeidslivet. Du former året med linje og valfag som du liker.

Ønskjer du å bli betre på langrenn eller alpint, eller bare cruise i bakken? Lyst til å prøve «aleinedøgn», OB løp eller skyting? Linjelærar er fleksibel og gjer sitt beste for at du skal få den opplevinga du drøymer om.

For deg som ønske eit aktivt og variert år med idrett, friluftsliv og spenning. Linja er open for alle uansett kva erfaring du har frå tidlegare.

Dette vil du lære

  • Innføring i mange ulike idrettar og friluftslivaktivitetar
  • Samarbeide med andre
  • Utfordre og lære om deg sjølv
  • Ha det gøy!

Våre forventninger til deg

  • At du deltar på dei ulike aktivitetane.
  • At du er klar for eit intenst og spennande år som utfordrar deg litt.
  • At du er engasjert og bidrar med positiv innstilling til fellesskapet.
  • At du er åpen for nye vennskap.

Kanariøyane

Obligatorisk: Nei

Pris: 12 000

Denne turen planlegger me i fellesskap. Flotte opplevingar i ein anna natur og eit varmt klima. Under utvikling.

bildetekst

Studietur: Voss ekstremsport

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Rafting og fallskjerm/vindtunnel. Me reiser til Voss og får ein spennande opplevelse på hausten! Me gyv laus på elva, det er mogeleg å hoppa i fallskjerm eller prøva vindtunnel. 

Studietur: Fjell over fjord

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Stord, Bømlo, Dronningstien, Kvinnheradsalpane. Saman vil me planlegge lengre og korte utflukter til kjente, spektakulære turmål, eller meir ukjente men lika nydelege reisemål du ikkje har høyrd om.

Studietur: Surfing

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Me tilbringer eit par spennande dagar på stranda, med surfebrettet og det våte element.

Studietur: Åkrafjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Via Ferrata / Juving . Før haustferien tar me oss ein tur inn i Åkrafjorden. Her kan du som elev velge mellom den heftige Via Ferrata Kyrkjeveggen, eller den litt snillere alternative ruta. Om ikkje klatring er tingen for deg er det muligheter for juving eller fjelltur. 

Våre turar er unike opplevingar som ofta er vanskeleg å gjennomføra på eigahand, som fjordcruise med veteranskip i nydelege Hardangerfjorden. Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.

Vintereventyr

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Når vinteren slår til reiser me inn til Hovden for dager med ski og alpint. Her er det mogeleg for flate turer, slalom, slakke turer, aking, toppturer, bratte turer eller veldig bratte turer. Noko for alle nivå!

Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Skuleåret får ein pang-start med at heile skulen reiser på tur med Veteranskipet MS Sunnhordland inn i vakre Hardangerfjorden og rundt i Øyriket Sunnhordland. Me opplever flotte stoppestader og nyter vakker natur og unike sund ombord i eit historisk skip!

Bent Brattbakken

Lærar

Bent er vår sporty og sprudlande lærar. Trening med høg eller låg puls, friluftsliv på vatn, til lands, på snø og fjell. Det er alltid spenning med Bent på tur!

Utdanna faglærer i kroppsøving -og idrettsfag samt mastergrad i friluftsliv -og idrettspsykologi, svømmeinstruktør i mange år, og har jobba ved alle typar skuleslag. Bent finner alltid på noko sprell, og vil skapa eit herleg år med deg!

Epost: bent@stordfhs.no
Telefon: 98806862

Andreas Kjempenes

Lærar

Tømrar, malar, byggar, roar, fiskar, fangstmann, artigmann og knallert. Andreas er vår kreative kameleon, han stepper inn i alt mogeleg med brask og bram og drar deg som elev med på dei artigaste påfunn. Gjennom entreprenørskap, handtverk og aktivitetar innandørs og utandørs.

Epost: andreas@stordfhs.no
Telefon: 45500534

  • Skulestart: 21.august 2022
  • Haustferie: 8-17. oktober (8. okt. fri frå kl. 12)
  • Juleferie: 17. desember til 6. januar (17.des. fri frå kl. 12)
  • Vinterferie fredag 25.februar til 6. mars. (25.feb. fri frå kl. 12)
  • Påskeferie 8- april (8.april fri frå kl. 12)
  • Avslutningsfest 14. mai
  • Avreise 15. mai

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Nokre varer ein heil dag, andre går over to eller tre skuletimar.

Filmklubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.

Klatring

Foregår i klatreveggen inne på vikahaugane, om været tillet det kan det bli uteklatring/rapellering. Lære å sikre, øve på klatring, få teknikktips.

Podcast og radio

I vårt eige lydstudio lærer me å laga podcast og radio-sendingar. Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?

Skyting

Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!

Teikning/måling

Her får du mulighet til å prøva ulike teknikkar på eiga hand, sjå på ulike former for teikning og maling

Trening, helse og kosthald

Lær mer om hvordan kosthold og trening påvirker helsen din, og få hjelp til å lage egne treningsprogram for dine behov. Kvar økt startar med litt teori, før me går over til praksis i treningsstudio.

Volleyball

Volleyball er intenst, gøyalt og svært god trening! Og ikkje minst ein utruleg lærerik lagsport nesten alle har vore med på!

Brettspel og Sjakk

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Natur og miljøvern

Lær om korleis me tar vare på naturen, kva som skal til for artsmangfald, og bli med å utforsk ulike naturtypar med eigne auge.

Psykologi og mindfullsness

Å vere bevisst på sine omgivnader, tenke og forstå verden rundt seg og vere med i øyeblikket er noko som kan trenast og lærast opp. Her senker me skuldrene og fokuserer på det menneskelege.

Stop motion

Stop motion er en animasjonsteknikk. Vi tar ett bilde av et stillestående objekt, flytter objektet, tar ett nytt bilde, flytter objektet igjen osv, og til slutt sitter vi igjen med en leken animasjon.

Baking

Me er på kjøkkenet og bakar til vår eigen kafe.

Verdensrekorden

Har du nokonsinne drøymd om å inneha ein verdensrekord? Dette valfaget går ut på å planlegga og gjennomføra eit verdensrekordforsøk. Verdens største pepperkake(by), verdens lengste intervju, o.l.

Alternativt ballspill + fotball

I dette valgfaget får du mulighet til å teste ut alternative ballspill. Flagfootball, Tchoukball med mer.

Dungeons & Dragons

Innlevelse, terningar, grotter, drakar, magi og humor. Har du funne din karakter og bestemt deg for eventyr, eller vert du sitjande i byen og krangla med vaktane? Opp til deg!

Esport

Viss du vil spisse deg litt inn på Esport gjennom skuleåret, er dette faget for deg. Du kan fordjupe deg i diverse gaming, som Fortnite, League of Legends, Warzone, CS, Apex, Starcraft eller andre.

Fantasy Premier League

Vi danner en egen liga på skolen og møtes for å diskutere taktikk, før vi kårer rundens vinner.

Mobilitet/Stretch/ Relax

Lær å kjenn din eigen kropp, strekk, føl og slapp av i kroppens mange muskler. Me går gjennom mobilitetsøvelsar for å læra om førebygging av skader, balansen i ein glad kropp og velbehag.

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg

Båtførarprøven

Pris: 3 000,-

Ta båtførarlappen saman med Redningsselskapet på folkehøgskulen. Dette er eit tilbod alle kan få uavhengig av andre valfag.

Dykking

Pris: 5 000,-

Teoretisk opplæring, praktisk opplæring i basseng og dykk i fjorden. Du får dykkerlappen og vil kunne dykke på egenhånd ned til 20 m dybde. Utforske vrak og korallrev i skjærgården. Krev litt utstyr.

Idrettsmassasje

Her får du lære om å ta vare på deg sjølv. Ved siden av trening, gjennom ein kontordag eller for å støtte opp eller førebygge skader. Idrettsmassasje er svært nyttig for aktive personer.

Maratonet!

Har du vurdert å trene deg opp til maraton? På slutten av skuleåret arrangeres Sunnhordland Maraton, gjennom året vil ein kunne vere med på gøy og aktiv maraton-trening fram mot løpet!

Mykje løye

Klatring inne, rapellering ute, ut i båt til fyrøya, gaming, tur inn i eit tre, skogstur til ei stor grotte, flyting i overlevelsesdrakt...rett og slett mykje løye

Show: Dans & teater

Me regisesserer og øver inn sketsjar og dansenummer for opptreden og framføring for medelevar og kvarandre.

Kjøkken, hybel og gatemat

Her får du læra å laga spanande, rimelege, næringsrike og enkler rettar som de kan laga til dykk sjølv eller til sosiale settingar. Me lagar alt frå norsk tradisjonsmat til internasjonale rettar.

Låtskriving og musikkproduksjon

Dyrk di kreative stemme, og lag musikk – anten gjennom PC-skjermen eller på instrumentet ditt. Her får du tid til å skrive, ro og fred til å skape, samt producer-, og låtskriver-tips.

Escape Room Sunnhordland

I dette faget skal du besøke ulike Escape room i vårt nærområde, og designe, planlegge og bygge eit Escape Room sjølv. Ulikt, lærerikt og veldig spennande fag!

Heilårsbading

Me går ut kvar veka for for å bade i sjøen, uansett vær og vind.

Innsats for andre

I dette valfaget skal me planlegge og arrangere sosiale treffpunkt for folk utanfor skulen.

Bokklubben

Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Nokre sjansar, dei kjem berre ein gong i livet. Viss du trives med at det skjer mykje forskjellig, vil du trives hos oss.  Våre spennande linjer byr på personleg utvikling i eit sosialt år med nye vener frå heile landet. Grip sjansen; kom til kysten, den urbane skulen, og byen midt i naturen!

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 114 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • 4 måltid kvar dag
  • Turar i skulen sin regi
  • Studietur: Vintereventyr
  • Studietur: Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet
  • Studietur: Voss ekstremsport
  • Studietur: Fjell over fjord
  • Studietur: Surfing
  • Studietur: Åkrafjorden
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 114 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 114 500,-
(11 450,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Mat på Kanariøyane, frivillig studietur
  • Fallskjerm eigenandel på studietur Voss ekstremsport (1 700,-)
  • Mat på studietur Voss ekstremsport
  • Mat på studietur Surfing
  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Alternativ mat (allergi, intoleranse etc.) om du har behov for dette. Ta kontakt med skolen for mer informasjon.
  • Utstyr til linja (se Utstyr til linja nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret får du låne av skolen

Skulen stiller med det som måtte vere av viktig fellesutstyr.

  • Telt
  • Hengekøyer
  • Lavvo
  • Stormkjøkken
  • Tur utstyr: (Spade, øks, sag, kniv osv)
  • Kajakker/kano
  • Våtdrakt
  • Flytevestar
  • Skøyter
  • Båt

Dette utstyret må du stille med selv

Her er ei lita oversikt, for komplett pakkelista finner du på nettsida vår.

  • Ryggsekk minimum.60L (tursekk)
  • Sovepose (3-sesong)
  • Liggjeunderlag
  • Sykkel (Litt tjukke dekk). Treng ikkje være ein ny/dyr sykkel!
  • Vindtett/vanntett jakke og bukse: Litt stor vindtett/vanntett ytterbekledning.
  • Vinterjakke- og bukse
  • Fjellstøvlar
  • Vanntette tursko
  • Tjukk genser (helst ull)
  • Minst 2 sett ullundertøy
  • Sko til innebruk
  • Treningstøy inne og ute
  • Badetøy
  • Termos, turbestikk, solbriller, hodelykt
  • Godt humør

 

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Selma Winther

Jeg valgte Idrett og Friluftsliv fordi jeg ville ha en hverdag med mye variasjon og med masse gøy å finne på. Jeg ble på ingen måte skuffet! Kort avstand til fin natur, idrettsanlegg og bymiljøet. Jeg er veldig fornøyd med mitt år her på FHS

Selma Winther
Úlfur Ólafsson

I did not want to decide my future yet. I wanted a year off, meet new people and experiencing something new sounded awesome. I took Idrett og Friluftsliv because I am a sportsperson and i like to be outdoors in beautiful nature, and it's been great!

Frå bloggen

Kunnskapsministeren: - Folkehøgskole er slett ikke utdatert

Med de ordene åpnet kunnskapsminister Guri Melby i dag splitter nye Stord folkehøgskule. Søndag flytter 95 spente elever inn i det tidligere hotellet.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Arktisk reiseliv - Svalbard

Pasvik Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Botrening & Aktiv fritid

Stavern folkehøyskole
Venteliste
Heilårskurs30 t/ukeKristen

Norgespakken - et eventyr

Bakketun Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeKristen

Surfing & ski

Lofoten Folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Aktiv Bo og Fritid - Europa

Valdres folkehøgskole
Få ledige plasser
HeilårskursKristen

Ski og sykkel

Sogndal folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Surf, seil og backpacking

Kristiansand folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Ledertrening

Svalbard folkehøgskole
Fullt
Stipendiatlinje30 t/ukeKristen

Friluftsliv og fotoreiser

Agder Folkehøgskole
Få ledige plasser
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Vill Vest

Bømlo Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Friluftsliv / Nord

Helgeland Folkehøyskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Bu og fritid

Nordfjord folkehøgskule
Fullt
HeilårskursKristen