Til hovedinnhold

Friluftsliv, idrett og spenning!

Søk på linja
Ledig plass

Lyst på eit år fyllt med det beste av to verdener? Kombiner friskt friluftsliv, med aktiv idrett. Her kjeder du deg aldri, samtidig som du tilbringer eit sosialt år på landets nyaste folkehøgskule!

Er du klar for eit spennande år på Stord?

Byen midt i naturen har utallige anledninger til spennande opplevinger i friluft, samtidig som me får opp pulsen med idrettsaktiviteter innandørs og utandørs, over og under (om du vil!) vatnet, og på fjellet og skiløypene. Her vil du få velje i mange varierte og spennande aktiviteter.

Her dyrker me det sosiale fellesskapet – eit år på internat med andre med felles interesser betyr nye opplevinger, og venskap for livet. Du får tid til å orientere deg i livet, og kanskje gjere noko anna før du går ut i høgare utdanning eller arbeidslivet. Er du skulelei, er folkehøgskulen perfekt for deg, kor du former året med linje og valfag til det du liker. Det er ikkje uten grunn at folkehøgskulen blir kalla livets skule.

Unike opplevingar og samhald i friluft

Me reiser til spennande destinasjoner utenfor høgsesongen, det betyr at du slepp å gå i kø, men får nyte turen. Me reiser på turer på vatn og til fjells. Hytte-til-hytte vandringer, spennande destinasjoner som Folgefonna, Hardangervidda, Preikestolen, Dronningsstien og mykje meir!

Utfordrande og gøy med idrett og spenning

Stord er eit knutepunkt for mange idretter. Med store idrettsanlegg vil me innom alt av tradisjonelle idrettar - i tillegg ligg me rett ved vatnet. Kor vannski, kajakk-padling er mogeleg. Det samme er spennande aktiviteter som skyting, surfing, dykking og rafting! Her vil klassen få vere med å planlegge.

Kom å bli med på lærerike opplevinger og eit aktivt år på Stord!

Du som ønsker variert og aktivt år fidrett og friluftsliv. Me vil tilpasse nivået til forskjellige elever gjennom skuleåret. Kom med ein interesse for varierte opplevinger og så klarer me resten saman

Dette vil du lære

  • Kajakk/kano
  • Planlegge tur og overnatte ute i naturen
  • Idrettar inne og ute, volleyball, padel, tennis
  • brattkort
  • Toppturar
  • Planlegging av korte og lange turer i fjellet
  • Dykkekurs (valfritt)
  • Hockey, skøyter
  • Klatreopplæring inne og ute
  • Surfing og vannski
  • Solodøgn
  • Brevandring på Folgefonna
  • Rafting og intense opplevinger (frivillig)
  • Øyhopping i vakker natur
  • Friluft- og idrettsglede

Våre forventninger til deg

At du er lysten på eit år med opplevinger.

At du tar med personleg friluftsutstyr, som klede og sko.

At du bidrar i det sosiale fellesskapet

Fokus på eigen livsglede

Hardangervidda

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

På starten av året, når sesongen er best tar me ein herleg fjellvandring over Hardangervidda. Me spaserer frå hytte-til-hytte og nyter nokre av det vakraste som er å finna.

bildetekst

Preikestolen, Dronningstien og mykje meir

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Saman vil me planlegge lengre og korte utflukter til kjente, spektakulære turmål, eller meir ukjente men lika nydelege reisemåldu ikkje har høyrd om.

bildetekst

Rallarvegen

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

På starten av året, når sesongen er best tar me ein rundtur, til fots, på sykkel, i kajakk eller det vi sammen blir einige om. Mange muligheitar. Er været godt kan sjå fjellets gull i nydelege haustfargar, og utfordre oss sjølv med varierte aktivitetar.

Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.

Øyhopping i vikingøyane!

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Skuleåret får ein pang-start med øyhopping ut i Fitjar-øyene, kor me reiser, utforsker, utfordrer og blir kjent med kvarandre over nokre dagar. Vakre Smedholmen vert vår base.

Vintereventyr

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Når vinteren slår til reiser me inn til Røldal/Hovden for dager med ski og alpint. Her er det mogeleg for flate turer, slakke turer, toppturer, bratte turer eller veldig bratte turer. Noko for alle nivå!

Folgefonna

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Me vandrar langs nydelege bondhusvatnet og opp Keiserstien frå Kvinnherad til Fonnabu, overnatter i hyttene på toppen. Der vandrar me over Folgefonna, Norges tredje største isbre, og ned til Odda, eller tilbake ned til Kvinnherad.

bildetekst

Opplevingstur gjennom Hardangerfjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Det er umogeleg å bu ved munnen av Hardangerfjorden, uten å oppleve det nydelege fjordlandskapet. Mot slutten av skuleåret reiser me på opplevelsestur i Hardangerfjorden. Du kan ikkje vere i regionen så lenge uten å oppleve dette. 

Det blir rafting, nydelege friluftsaktiviteter over Dronningstien, ein fjord i full blomstring og mykje meir spennande du kan bli med på. 

På turen skal me kose oss, oppleve natur og kultur, spise godt og nyte dagane.

  • Skulestart: 23.august 2021
  • Haustferie: 3. – 11. oktober
  • Julebord 16. desember
  • Juleferie: 17. desember til 4. januar
  • Dei ulike linjene har sine turer på våren.
  • Påskeferie 7-19. april
  • Felles-reise for skulen i april
  • Avslutningsfest 14. mai
  • Avreise 15. mai

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Nokre varer ein heil dag, andre går over to eller tre skuletimar.

Escape Room Sunnhordland

I dette faget skal du besøke ulike Escape room i vårt nærområde, og designe, planlegge og bygge eit Escape Room sjølv. Ulikt, lærerikt og veldig spennande fag!

Film-klubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.

Shanty choir!

I dette koret øver me på allsong, gamle sjømannsviser og shanty-tradisjonen!

Volleyball

Volleyball er intenst, gøyalt og svært god trening! Og ikkje minst ein utruleg lærerik lagsport nesten alle har vore med på!

Brettspel og table-top

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

E-Sport

Viss du vil spisse deg litt inn på E-sport gjennom skuleåret, er dette faget for deg. Du kan fordjupe deg i diverse gaming, som Fortnite, League of Legends, Warzone, CS, Apex, Starcraft eller andre.

Natur og miljøvern

Lær om korleis me tar vare på naturen, kva som skal til for artsmangfald, og bli med å utforsk ulike naturtypar med eigne auge.

Redesign og gjenbruk!

Alt for mange brukbare ting vert kasta! Me tar for oss gamle klede, møbler og anna og gir dei nytt liv, i freshe fargar eller nye stilar!

La det skje!

Her får du planlegge, organisere og arrangere noko heilt eige. Vil du lage til ei markering, demonstrasjon eller festival? Du får lære om arrangementer og korleis du arrangerer noko på eigahand.

Opptaksprøven Politihøgskolen!

Lyst å gå ei anna linje enn Politi og Vekter, men har lyst å trene for å klare politihøgskolen sine fysiske og psykiske opptakskrav? Dette faget er eit intenst treningsopplegg for deg!

Podcast og radio

I vårt eige lydstudio lærer me å laga podcast og radio-sendingar. Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?

Preik og journalistikk

Lurt på korleis det er å skrive i nett- og papiraviser, kva som skal til? Me besøker NRK og lokalavisene, og lærer om journalistikk og nyhetsformidling i samarbeid med ungdomsavisa Framtida.

Psykologi og mindfullsness

Å vere bevisst på sine omgivnader, tenke og forstå verden rundt seg og vere med i øyeblikket er noko som kan trenast og lærast opp. Her senker me skuldrene og fokuserer på det menneskelege.

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg

100 Dagar Musikkfestival

Lurt på korleis festivalane velger artister? Det gjer dei på eigne arrangørfestivaler som 100 Dagar på Stord. Her får du mulighet til å vere med å arrangera, gjennomføra og læra om festivalbransjen.

Aktiviteter frå andre linjefag!

Prøve noko frå ei anna linje? Vald Film og TV, men vil teste motocross? Tatt E-sport og gaming, men kunne tenkt deg litt ekstra friluftsliv? Me legger til rette for lit

Dans

I vår eigen dansesal lære me å vrikka på rumpa, og kosa oss til rytmiske toner. Six-step, moderne dans, salsa og meir! Gøy og god trening.

Dykking

Pris: 8 000,-

Teoretisk opplæring, praktisk opplæring i basseng og dykk i fjorden. Du får dykkerlappen og vil kunne dykke på egenhånd ned til 20 m dybde. Utforske vrak og korallrev i skjærgården rundt Stord.

Idrettsmassasje

Her får du lære om å ta vare på deg sjølv. Ved siden av trening, gjennom ein kontordag eller for å støtte opp eller førebygge skader. Idrettsmassasje er svært nyttig for aktive personer.

Maratonet!

Har du vurdert å trene deg opp til maraton? På slutten av skuleåret arrangeres Sunnhordland Maraton, gjennom året vil ein kunne vere med på gøy og aktiv maraton-trening fram mot løpet!

Skyting

Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!

Verdensrekorden

Har du nokonsinne drøymd om å inneha ein verdensrekord? Dette valfaget går ut på å planlegga og gjennomføra eit verdensrekordforsøk. Verdens største pepperkake(by), verdens lengste intervju, o.l.

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Skøyter/Hockey/isdans/løp

Når vinteren kjem så tar me på oss skøytene og spelar hockey, trener på isdans og skøyteløp eller berre kosar oss på glattisen.

Bazaar!

Me drar med oss den eldre garde og fyre i veg ein skikkeleg basar, med lodd-årer, kaker, lubbesokker og kaffi. Her snakker med beinhard tradisjonell basar-kos for pensjonistar og barneborn!

Bokklubben

Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Fleire valfag kjem!

Fleire valfag kjem. Som ny skule, er ikkje alle våre valfag avgjort. Det du som elev måtte ønske, vil me forsøke å få realisert! Me vil sørge for at alle skal få attraktive valfag.

Nokre mogelegheiter, dei kjem berre ein gong i livet. Folkehøgskule er ein slik. Velkomen til landets nyaste frilynte folkehøgskule. Våre spennande linjer byr på personleg utvikling i eit sosialt år med nye vener frå heile landet. Du får fulgt dine interesser, opplevingar, eit annerledes år med mange spennande fag.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 111 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Skulegenser
  • 4 måltid kvar dag
  • Studietur: Øyhopping i vikingøyane!
  • Studietur: Vintereventyr
  • Studietur: Folgefonna
  • Studietur: Opplevingstur gjennom Hardangerfjorden
  • Studietur: Hardangervidda
  • Studietur: Preikestolen, Dronningstien og mykje meir
  • Studietur: Rallarvegen
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 111 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 111 000,-
(11 100,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Elles stiller me med det meste av større utstyr som telt, kajakker og denslags.

Dette utstyret må du stille med selv

Her trenger du generellt friluftsutstyr og treningstøy.

  • Fjellklede
  • Regntøy,
  • Langt ullundertøy
  • Lue
  • Vottar
  • Tjukk genser
  • Anorakk/bukse
  • Termos
  • Solbriller
  • Ryggsekk min.60L (tursekk)
  • Fjellstøvlar eller kraftige og gode joggesko
  • Sovepose
  • Liggeunderlag
  • Treningstøy ute/inne
  • Joggesko ute/inne
  • Badetøy
  • Ski og skiutstyr (langrenn, alpint o.l) me har noko til utlåns.

Og dersom du har:

  • Badmintonracket
  • Fotballsko
  • Skøyter (me har nokre til utlåns)
  • Fiskesaker
  • Redningsvest
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Bestill katalogen for 2021/2022

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

LinjeX - Villmark

Idrettsskolen Numedal folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Arktisk reiseliv - Svalbard

Pasvik Folkehøgskole
Fullt
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Finnmark - Afrika

Pasvik Folkehøgskole
Fullt
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv / KRIK

Nordfjord folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv - fjord, fjell, hav

Fjordane folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Kompani Hauge

Haugetun Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Friluftsliv: Vill vest

Bømlo Folkehøgskule
Få ledige plasser
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Friluftsliv - Beginner

Fredly Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Opplev Nord-Norge

Alta folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Seiling

Fosen folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv / Norske eventyr

Nordfjord folkehøgskule
Venteliste
HeilårskursKristen

Fjell & ekspedisjon

Lofoten folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt