Til hovedinnhold

Fjord, fjell og friskliv!

Søk på linja
Ledig plass

Me held fokus på det fine friluftslivet, og krydrar dette med spektakulære opplevingar. Seine kveldar ved bålet, soloppgang over fjella, solnedgang i havet, skikøyring i vakker vestlandsk natur,

og ikkje minst alt det fjorden og havet har å tilby. Dette er noko det du skal få oppleve gjennom året med oss. Opplev, utforsk og lær om å ta deg fram i naturen!

Du vil i løpet av året bli god på dei grunnleggjande friluftslivsferdighetane som; primus, bål, leirplass, kart og kompass og generell ferdsel i ulik natur og årstider. Rundt skulen har vi både vatn, skog, fjell og kyst og her vil vi krydre dei fine opplevingane med meir utfordrande og spektakulære aktivitetar. 

Me vil legge opp aktivitetene til det du og klassen har lyst til, men nokre eksempler:
Hausten, vinteren og våren.
Kajakk, overnattingsturer i skog, mark og fjell, hytte-vandring, øyhopping med båt og kano, frivillig å prøve ut rafting, strikkhopping og anna. Nokre skiturer når anledningen byr seg. Og mykje forskjellig spennade.

Du som elev får være med å påverka kva aktivitetar vi finner på, og moglegheitene er mange. Det som går igjen er dei grunnleggjande friluftslivsferdighetane uansett kva aktivitetar vi endar opp med underveis i året. Kombinasjonen av adrenalin og heftige opplevingar med det å finne roa i naturen, kjenne på stillheten og være til stede, kjem vi til å jobbe mykje med.

Naturopplevingar, samarbeid og meistring er viktige for oss på denne linja.

Vi har ein del kortare turar i regionen, men vi kjem også til å reise på to lengre linjeturer i Sør-Norge. Den eine i september, den andre i februar-april alt etter innhaldet, som vi planlegger saman med deg og klassen.


Du er velkommen som nybegynner, og vil få innføring og lære etterkvart. Året startar kjekt og blir betre og betre! Det blir eit år med livsglede, personleg utvikling og sosialt fellesskap i naturen.

Dette vil du lære

  • Mange turer med kos rundt bålet
  • Båtturar i det vestlandske øyriket
  • Overnatting på fyr
  • Tradisjonelt friluftsliv
  • Kunsten å lage god turmat
  • Havkajakk og kanoturar på fjord og vatn
  • Kurs med Den Norske Turistforening og Turlaget
  • Hytte-til-hyttevandring over fjellet
  • å stå på ski
  • Rolig camping i hengekøye, telt eller under open himmel
  • Organisere og planlegge turer
  • Skiturer for erfarne og nybegynnarar

og mykje meir!

Våre forventninger til deg

  • Ha eit ønske om å vere aktiv og sosial
  • Glad i friluftsliv (eller lyst å bli glad i det)
  • Fokus på eigen livsglede og vener for livet

Men viktigast av alt: Kom som du er. Me har eit mål om å skape eit flott år saman med ulike mennesker under same tak.

Studietur: Hardangervidda

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

På starten av året, når sesongen er best tar me ein herleg fjellvandring over Hardangervidda. Me spaserer frå hytte-til-hytte og nyter nokre av det vakraste som er å finna.

bildetekst

Studietur: Preikestolen, Dronningstien og mykje meir

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Saman vil me planlegge lengre og korte utflukter til kjente, spektakulære turmål, eller meir ukjente men lika nydelege reisemåldu ikkje har høyrd om.

bildetekst

Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.

Øyhopping i vikingøyane!

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Skuleåret får ein nydeleg avslutting med øyhopping ut i Fitjar-øyene, kor me reiser, utforsker, utfordrer og nyter våren over nokre dagar. Vakre Smedholmen vert vår base.

Vintereventyr

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Når vinteren slår til reiser me inn til Røldal/Hovden for dager med ski og alpint. Her er det mogeleg for flate turer, slakke turer, toppturer, bratte turer eller veldig bratte turer. Noko for alle nivå!

Folgefonna

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Me vandrar langs nydelege bondhusvatnet og opp Keiserstien frå Kvinnherad til Fonnabu, overnatter i hyttene på toppen. Der vandrar me over Folgefonna, Norges tredje største isbre, og ned til Odda, eller tilbake ned til Kvinnherad.

bildetekst

Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Skuleåret får ein pang-start med at heile skulen reiser på tur med Veteranskipet MS Sunnhordland inn i vakre Hardangerfjorden og rundt i Øyriket Sunnhordland. Me opplever flotte stoppestader og nyter vakker natur og unike sund ombord i eit historisk skip!

Marte Rykkje Halstensen

Lærar

Epost: marte@stordfhs.no
Telefon: 47943593

Andreas Kjempenes

Lærar

Epost: andreas@stordfhs.no
Telefon: 45500534

  • Skulestart: 23.august 2021
  • Haustferie: 8-17. oktober (8. okt. fri frå kl. 12)
  • Juleferie: 17. desember til 6. januar (17.des. fri frå kl. 12)
  • Vinterferie 26.februar til 6. mars. (26.feb. fri frå kl. 12)
  • Påskeferie 8- april (8.april fri frå kl. 12)
  • Avslutningsfest 14. mai
  • Avreise 15. mai

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Nokre varer ein heil dag, andre går over to eller tre skuletimar.

Escape Room Sunnhordland

I dette faget skal du besøke ulike Escape room i vårt nærområde, og designe, planlegge og bygge eit Escape Room sjølv. Ulikt, lærerikt og veldig spennande fag!

Film-klubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.

Shanty choir!

I dette koret øver me på allsong, gamle sjømannsviser og shanty-tradisjonen!

Volleyball

Volleyball er intenst, gøyalt og svært god trening! Og ikkje minst ein utruleg lærerik lagsport nesten alle har vore med på!

Brettspel og table-top

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

E-Sport

Viss du vil spisse deg litt inn på E-sport gjennom skuleåret, er dette faget for deg. Du kan fordjupe deg i diverse gaming, som Fortnite, League of Legends, Warzone, CS, Apex, Starcraft eller andre.

Natur og miljøvern

Lær om korleis me tar vare på naturen, kva som skal til for artsmangfald, og bli med å utforsk ulike naturtypar med eigne auge.

Redesign og gjenbruk!

Alt for mange brukbare ting vert kasta! Me tar for oss gamle klede, møbler og anna og gir dei nytt liv, i freshe fargar eller nye stilar!

La det skje!

Her får du planlegge, organisere og arrangere noko heilt eige. Vil du lage til ei markering, demonstrasjon eller festival? Du får lære om arrangementer og korleis du arrangerer noko på eigahand.

Opptaksprøven Politihøgskolen!

Lyst å gå ei anna linje enn Politi og Vekter, men har lyst å trene for å klare politihøgskolen sine fysiske og psykiske opptakskrav? Dette faget er eit intenst treningsopplegg for deg!

Podcast og radio

I vårt eige lydstudio lærer me å laga podcast og radio-sendingar. Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?

Preik og journalistikk

Lurt på korleis det er å skrive i nett- og papiraviser, kva som skal til? Me besøker NRK og lokalavisene, og lærer om journalistikk og nyhetsformidling i samarbeid med ungdomsavisa Framtida.

Psykologi og mindfullsness

Å vere bevisst på sine omgivnader, tenke og forstå verden rundt seg og vere med i øyeblikket er noko som kan trenast og lærast opp. Her senker me skuldrene og fokuserer på det menneskelege.

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg

100 Dagar Musikkfestival

Lurt på korleis festivalane velger artister? Det gjer dei på eigne arrangørfestivaler som 100 Dagar på Stord. Her får du mulighet til å vere med å arrangera, gjennomføra og læra om festivalbransjen.

Aktiviteter frå andre linjefag!

Prøve noko frå ei anna linje? Vald Film og TV, men vil teste motocross? Tatt E-sport og gaming, men kunne tenkt deg litt ekstra friluftsliv? Me legger til rette for lit

Båtførarprøven

Pris: 3 000,-

Ta båtførarprøven på folkehøgskule

Dans

I vår eigen dansesal lære me å vrikka på rumpa, og kosa oss til rytmiske toner. Six-step, moderne dans, salsa og meir! Gøy og god trening.

Dykking

Pris: 8 000,-

Teoretisk opplæring, praktisk opplæring i basseng og dykk i fjorden. Du får dykkerlappen og vil kunne dykke på egenhånd ned til 20 m dybde. Utforske vrak og korallrev i skjærgården rundt Stord.

Idrettsmassasje

Her får du lære om å ta vare på deg sjølv. Ved siden av trening, gjennom ein kontordag eller for å støtte opp eller førebygge skader. Idrettsmassasje er svært nyttig for aktive personer.

Maratonet!

Har du vurdert å trene deg opp til maraton? På slutten av skuleåret arrangeres Sunnhordland Maraton, gjennom året vil ein kunne vere med på gøy og aktiv maraton-trening fram mot løpet!

Skyting

Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!

Verdensrekorden

Har du nokonsinne drøymd om å inneha ein verdensrekord? Dette valfaget går ut på å planlegga og gjennomføra eit verdensrekordforsøk. Verdens største pepperkake(by), verdens lengste intervju, o.l.

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Skøyter/Hockey/isdans/løp

Når vinteren kjem så tar me på oss skøytene og spelar hockey, trener på isdans og skøyteløp eller berre kosar oss på glattisen.

Bazaar!

Me drar med oss den eldre garde og fyre i veg ein skikkeleg basar, med lodd-årer, kaker, lubbesokker og kaffi. Her snakker med beinhard tradisjonell basar-kos for pensjonistar og barneborn!

Bokklubben

Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Fleire valfag kjem!

Fleire valfag kjem. Som ny skule, er ikkje alle våre valfag avgjort. Det du som elev måtte ønske, vil me forsøke å få realisert! Me vil sørge for at alle skal få attraktive valfag.

Nokre mogelegheiter, dei kjem berre ein gong i livet. Folkehøgskule er ein slik. Velkomen til landets nyaste frilynte folkehøgskule. Våre spennande linjer byr på personleg utvikling i eit sosialt år med nye vener frå heile landet. Du får fulgt dine interesser, opplevingar, eit annerledes år med mange spennande fag.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 111 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Skulegenser
  • 4 måltid kvar dag
  • Studietur: Øyhopping i vikingøyane!
  • Studietur: Vintereventyr
  • Studietur: Folgefonna
  • Studietur: Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet
  • Studietur: Hardangervidda
  • Studietur: Preikestolen, Dronningstien og mykje meir
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 111 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 111 000,-
(11 100,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Skulen stiller med det som måtte vere av viktig fellesutstyr, som primuser, telt, våtdrakter, redningsvester, kanoer, transport og slikt. Personlege ting som soveposer og tøy må du ha eige av.

Me har mellom anna:

  • lavvo og telt
  • kano/kajakk
  • skøyter
  • Ståbrett
  • primus
  • ski
  • båt
  • Isfiskeutstyr
  • spesialutstyr som truger, isklatreøkser o.l.

Dette utstyret må du stille med selv

Skulen stiller med alt av felles og spesialutstyr. Det du treng er ditt personlege turtøy.

  • Fjellsko/støvler og gjerne lettere tursko
  • Storsekk (minimum 60L, helst 75+)
  • Sovepose (god vinterpose)
  • Vindtett/vanntett jakke og bukse: Litt «baggy» vindtett/vanntett ytterbekledning.
  • 2 sett ullundertøy
  • Tjukke ull-sokker
  • Tjukk ullgenser (evt fleece)
  • Luer (1 lettere strikket, og 1 vindtett) + hals/buff
  • Ull balaklava
  • Liggeunderlag
  • Skjerf/hals

Meir kjem :)

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Kunnskapsministeren: - Folkehøgskole er slett ikke utdatert

Med de ordene åpnet kunnskapsminister Guri Melby i dag splitter nye Stord folkehøgskule. Søndag flytter 95 spente elever inn i det tidligere hotellet.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Friluftsliv / X-Sport

Helgeland Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Friluftsliv - fjord, fjell, hav

Fjordane folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

FriXtreme

Nordhordland Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Basecamp Nordvestlandet

Nordvestlandet folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs13 t/ukeKristen

Friluftsliv Lofoten

Lofoten folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Mayday Rescue - Alpene

Valdres folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Utendørs

Risøy Folkehøyskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv - oppdrag Norge

Hallingdal Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Friluft Sunnmøre New Zealand

Ålesund Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv LETT

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Explore

Nordvestlandet folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Idrett, Friluftsliv og spenning!

Stord Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt