Til hovedinnhold
Ledig plass

I vårt toppmoderne studio lærer du kva som skal til for å lage ein god film. Lær om manus, kamerateknikk, lyd, lys, studio og klippm samt direktesendte TV-sendingar. Dette er sosialt og utruleg artig!

Har du drøymd om å lære deg å lage skikkelige filmar? Eller lyst til å bruke eit år på å bli endå betre saman med andre som ønsker å skape film? Då høyrer du heime her!

Hos oss står den gode fortellinga og samarbeidet i fokus, så uavhengig av om du har mykje erfaring eller aldri har tatt i eit kamera før, kan me garantere at du vil få eit lærerikt og spanende år her på Stord folkehøgskule.

Du vil lære om manus, regi, foto, lys, klipp med meir, og korleis ein set dei ulike elementa saman for å skape den best moglege historia.

Ved siden av filmproduksjon skal me også lage eigne direktesendte TV-sendingar. Heile klassen må samarbeide for at resultatet skal bli best mogleg. Spenningen når den raude lampa lyser og sendingen er direkte er heilt unik.

Musikkvideoar, skrekkfilm, drama, komedie eller studioproduksjonar – dette er linja for deg!

Som elev på linja disponerer du heilproft utstyr, både i undervisningstid og utenom. Her kan du sleppe laus kreativiteten din, og berre fantastien set grenser for kva du kan lage. Vårt studio er din sandkasse.

Stord folkehøgskule er ein av landets nyaste skular og ligg sentralt plassert midt i Leirvik sentrum på Stord. Her er det gåavstand til alt. Skulen sine lokaler er eit tidligare hotellbygg så alle rom på internatet har eige bad med toalett og dusj.

Velkomen til eit lærerikt, sosialt, utfordrande og veldig kjekt år her på Stord

 

Deg som ønskjer å læra å laga film og TV i eit praktisk og kreativt miljø, der du samarbeider og utvikler film- og TV-prosjekt saman med andre. Frå manus og kamerateknikk, til framsyning på storskjerm

Dette vil du lære

  • Idéutvikling
  • Manusskriving
  • Film- og TV-regi
  • Filmanalyse
  • Dramaturgilære
  • Kinematografi
  • Videojournalistikk
  • Lydopptak
  • Lyssetting
  • Redigering
  • Innspelingsleiing
  • Sjangerlære
  • Komposisjonsprinsipp
  • Skodespelarinstruksjon

...og mykje meir!

Våre forventninger til deg

Kom som du er! Me vil legge til rette for at du skal få eit så fint år som mogeleg. Her vil du kunne skape eigne prosjekt, samarbeide med andre, og få god hjelp til å realisera ideane dine. Og mest av alt – du møter andre nett som deg, og skaffer deg gode vener for resten av livet.

Obligatorisk: Nei

Pris: 9 000

Våre studieturar går til Oslo og Berlin. I Oslo vil du få eit innblikk i film- og TV-bransjen frå innsida. Me besøker produksjonsselskap, TV-kanaler og filmsett for å få sjå korleis proffane arbeidar. Me tar deretter toget sørover til Tyskland og besøker filmfestivalen i Berlin. Her blir det sightseeing og mange gode filmar!

Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.

Vintereventyr

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Når vinteren slår til reiser me inn til Hovden for dager med ski og alpint. Her er det mogeleg for flate turer, slalom, slakke turer, aking, toppturer, bratte turer eller veldig bratte turer. Noko for alle nivå!

Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Skuleåret får ein pang-start med at heile skulen reiser på tur med Veteranskipet MS Sunnhordland inn i vakre Hardangerfjorden og rundt i Øyriket Sunnhordland. Me opplever flotte stoppestader og nyter vakker natur og unike sund ombord i eit historisk skip!

Petter Misje

Lærar

Vår stjernelærar på, bak og rundt kameraet! Petter har arbeida i NRK i Oslo med Sommar- og Vinter-OL, og dekka live-sendingar av mange verdensmesterskap.

Før han byrja på Stord jobba han som filmleiar/regissør ved Zpirit Reklamebyrå, med mange prisar i ryggen for sine filmar. Han er musikar, komponist, filmskapar og filmar, og lagar dokumentarar innimellom jobben som lærar!

 

Epost: petter@stordfhs.no
Telefon: 97733852

Yngve Eikeland Øvregard

Lærar

Vår filmentusiast, serieskapar og klippar, som han har jobba som i ti år. Han klippar i dokumentarserien “Toll” på TV 2, og har klipt for NRK, TV 2, TVNorge og TV3. Som The Voice, Unge Lovende, Else om: Selvmord, Iskrigerne, Skal vi danse, kjør meg til OL og Åndenes Makt. 

Den gode historia, og vegen til den, står i sentrum for Yngve. Ikkje alt kan fiksast i klippen, planlegging er alfa omega!

Epost: yngve@stordfhs.no
Telefon: 41271004

Magdalena From Delis

Lærar

Magdalena er vår svenske superstjerna, ho har drive teater og dansestudio, og jobba som entreprenør i mange år. Ho ska ta oss gjennom idéutvikling på eit kreativt og gøy sett. Magdalena vil leia klassen i arbeidet og hjelpa deg med å realisera dine draumar og idear til å bli til verkelegheit.

 

Epost: magdalena@stordfhs.no
Telefon: 47343954

  • Skulestart: 20.august 2022
  • Haustferie: 8-17. oktober (8. okt. fri frå kl. 12)
  • Juleferie: 17. desember til 6. januar (17.des. fri frå kl. 12)
  • Vinterferie fredag 25.februar til 6. mars. (25.feb. fri frå kl. 12)
  • Påskeferie 8- april (8.april fri frå kl. 12)
  • Avslutningsfest 14. mai
  • Avreise 15. mai

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Nokre varer ein heil dag, andre går over to eller tre skuletimar.

Filmklubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.

Klatring

Foregår i klatreveggen inne på vikahaugane, om været tillet det kan det bli uteklatring/rapellering. Lære å sikre, øve på klatring, få teknikktips.

Podcast og radio

I vårt eige lydstudio lærer me å laga podcast og radio-sendingar. Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?

Skyting

Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!

Teikning/måling

Her får du mulighet til å prøva ulike teknikkar på eiga hand, sjå på ulike former for teikning og maling

Trening, helse og kosthald

Lær mer om hvordan kosthold og trening påvirker helsen din, og få hjelp til å lage egne treningsprogram for dine behov. Kvar økt startar med litt teori, før me går over til praksis i treningsstudio.

Volleyball

Volleyball er intenst, gøyalt og svært god trening! Og ikkje minst ein utruleg lærerik lagsport nesten alle har vore med på!

Brettspel og Sjakk

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Natur og miljøvern

Lær om korleis me tar vare på naturen, kva som skal til for artsmangfald, og bli med å utforsk ulike naturtypar med eigne auge.

Psykologi og mindfullsness

Å vere bevisst på sine omgivnader, tenke og forstå verden rundt seg og vere med i øyeblikket er noko som kan trenast og lærast opp. Her senker me skuldrene og fokuserer på det menneskelege.

Stop motion

Stop motion er en animasjonsteknikk. Vi tar ett bilde av et stillestående objekt, flytter objektet, tar ett nytt bilde, flytter objektet igjen osv, og til slutt sitter vi igjen med en leken animasjon.

Baking

Me er på kjøkkenet og bakar til vår eigen kafe.

Verdensrekorden

Har du nokonsinne drøymd om å inneha ein verdensrekord? Dette valfaget går ut på å planlegga og gjennomføra eit verdensrekordforsøk. Verdens største pepperkake(by), verdens lengste intervju, o.l.

Alternativt ballspill + fotball

I dette valgfaget får du mulighet til å teste ut alternative ballspill. Flagfootball, Tchoukball med mer.

Dungeons & Dragons

Innlevelse, terningar, grotter, drakar, magi og humor. Har du funne din karakter og bestemt deg for eventyr, eller vert du sitjande i byen og krangla med vaktane? Opp til deg!

Esport

Viss du vil spisse deg litt inn på Esport gjennom skuleåret, er dette faget for deg. Du kan fordjupe deg i diverse gaming, som Fortnite, League of Legends, Warzone, CS, Apex, Starcraft eller andre.

Fantasy Premier League

Vi danner en egen liga på skolen og møtes for å diskutere taktikk, før vi kårer rundens vinner.

Mobilitet/Stretch/ Relax

Lær å kjenn din eigen kropp, strekk, føl og slapp av i kroppens mange muskler. Me går gjennom mobilitetsøvelsar for å læra om førebygging av skader, balansen i ein glad kropp og velbehag.

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg

Båtførarprøven

Pris: 3 000,-

Ta båtførarlappen saman med Redningsselskapet på folkehøgskulen. Dette er eit tilbod alle kan få uavhengig av andre valfag.

Dykking

Pris: 5 000,-

Teoretisk opplæring, praktisk opplæring i basseng og dykk i fjorden. Du får dykkerlappen og vil kunne dykke på egenhånd ned til 20 m dybde. Utforske vrak og korallrev i skjærgården. Krev litt utstyr.

Idrettsmassasje

Her får du lære om å ta vare på deg sjølv. Ved siden av trening, gjennom ein kontordag eller for å støtte opp eller førebygge skader. Idrettsmassasje er svært nyttig for aktive personer.

Maratonet!

Har du vurdert å trene deg opp til maraton? På slutten av skuleåret arrangeres Sunnhordland Maraton, gjennom året vil ein kunne vere med på gøy og aktiv maraton-trening fram mot løpet!

Mykje løye

Klatring inne, rapellering ute, ut i båt til fyrøya, gaming, tur inn i eit tre, skogstur til ei stor grotte, flyting i overlevelsesdrakt...rett og slett mykje løye

Show: Dans & teater

Me regisesserer og øver inn sketsjar og dansenummer for opptreden og framføring for medelevar og kvarandre.

Kjøkken, hybel og gatemat

Her får du læra å laga spanande, rimelege, næringsrike og enkler rettar som de kan laga til dykk sjølv eller til sosiale settingar. Me lagar alt frå norsk tradisjonsmat til internasjonale rettar.

Låtskriving og musikkproduksjon

Dyrk di kreative stemme, og lag musikk – anten gjennom PC-skjermen eller på instrumentet ditt. Her får du tid til å skrive, ro og fred til å skape, samt producer-, og låtskriver-tips.

Escape Room Sunnhordland

I dette faget skal du besøke ulike Escape room i vårt nærområde, og designe, planlegge og bygge eit Escape Room sjølv. Ulikt, lærerikt og veldig spennande fag!

Heilårsbading

Me går ut kvar veka for for å bade i sjøen, uansett vær og vind.

Innsats for andre

I dette valfaget skal me planlegge og arrangere sosiale treffpunkt for folk utanfor skulen.

Bokklubben

Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Nokre sjansar, dei kjem berre ein gong i livet. Viss du trives med at det skjer mykje forskjellig, vil du trives hos oss.  Våre spennande linjer byr på personleg utvikling i eit sosialt år med nye vener frå heile landet. Grip sjansen; kom til kysten, den urbane skulen, og byen midt i naturen!

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 116 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • 4 måltid kvar dag
  • Turar i skulen sin regi
  • Studietur: Vintereventyr
  • Studietur: Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 116 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 116 000,-
(11 600,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

I 2021 bygde me eit heilt nytt moderne studio

Du trenger ikkje noko personleg utstyr for å gå på Film- og TV-skaparlinja, men har du kamera, laptop, eller andre ting, så ta det gjerne med.

  • Topp moderne redigeringsmaskinar
  • Topp-moderne kamerautstyr
  • Lyd-tilbehør og utstyr, stativ, spotter mm
  • Lydrom, teknisk rom, studio, storstue
  • Lys-utstyr, lys-miksar
  • Og mykje meir
  • I tillegg har skulen mykje anna utstyr til andre aktivitetar
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Caroline Eidseter

Veldig sosialt og kjekt å vere her. Så veldig lærerikt med flinke og engasjerande lærarar som har jobba profesjonelt med film og tv.

Caroline Eidseter
Christina Ringheim Koløen

Elske meg her! Å ha folkehøgskule midt i byen med alt du trenge rundt deg er berre konge, det er alltid kort veg til natur, uteliv, kino, eller kva me måtte finna på utanom skulen også. Og så kan me filma på masse tøffe locations!

Christina Ringheim Koløen
Simen Romdahl

Eg valde Film og TV fordi eg har alltid vore interessert i det, og ville læra meir om å laga film. Me har eit fantastisk klassemiljø, mykje samarbeid og kreativt, mykje frie tøyler til å leika oss med utstyr utanfor klassetid. Gøy å gå på FHS!

Frå bloggen

Kunnskapsministeren: - Folkehøgskole er slett ikke utdatert

Med de ordene åpnet kunnskapsminister Guri Melby i dag splitter nye Stord folkehøgskule. Søndag flytter 95 spente elever inn i det tidligere hotellet.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Film & Foto

Voss folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Kreativ data

Lundheim folkehøgskole
Ledig plass
Helårskurs A9 t/ukeKristen

FOTOVIDEO: digital design

Rønningen folkehøgskole
Få ledige plasser
HeilårskursKristen

Film og Foto

Lundheim folkehøgskole
Ledig plass
Helårskurs A9 t/ukeKristen

Spilldesign

Sunnhordland folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt

IT og medieutvikling

Arbfhs Ringsaker
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Skuespiller

Sandefjord folkehøyskole
Venteliste
HeilårskursFrilynt

Skuespiller

Sunnhordland folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt

Foran og bak kamera: film- og skuespillerteknikk

Stavanger Urban Folkehøgskole StUF
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Digital Kreativitet - Japan

Folkehøgskolen Sørlandet
Få ledige plasser
HeilårskursKristen

Filmskuespiller

Nordmøre Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Foto/Opplevelser

Elverum folkehøgskule
Venteliste
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt