Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Nokre varer ein heil dag, andre går over to eller tre skuletimar.
Escape Room Sunnhordland
I dette faget skal du besøke ulike Escape room i vårt nærområde, og designe, planlegge og bygge eit Escape Room sjølv. Ulikt, lærerikt og veldig spennande fag!
Film-klubben
Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.
Shanty choir!
I dette koret øver me på allsong, gamle sjømannsviser og shanty-tradisjonen!
Brettspel og table-top
Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.
E-Sport
Viss du vil spisse deg litt inn på E-sport gjennom skuleåret, er dette faget for deg. Du kan fordjupe deg i diverse gaming, som Fortnite, League of Legends, Warzone, CS, Apex, Starcraft eller andre.
Natur og miljøvern
Lær om korleis me tar vare på naturen, kva som skal til for artsmangfald, og bli med å utforsk ulike naturtypar med eigne auge.
Redesign og gjenbruk!
Alt for mange brukbare ting vert kasta! Me tar for oss gamle klede, møbler og anna og gir dei nytt liv, i freshe fargar eller nye stilar!
La det skje!
Her får du planlegge, organisere og arrangere noko heilt eige. Vil du lage til ei markering, demonstrasjon eller festival? Du får lære om arrangementer og korleis du arrangerer noko på eigahand.
Podcast og radio
I vårt eige lydstudio lærer me å laga podcast og radio-sendingar. Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?
Preik og journalistikk
Lurt på korleis det er å skrive i nett- og papiraviser, kva som skal til? Me besøker NRK og lokalavisene, og lærer om journalistikk og nyhetsformidling i samarbeid med ungdomsavisa Framtida.
Psykologi og mindfullsness
Å vere bevisst på sine omgivnader, tenke og forstå verden rundt seg og vere med i øyeblikket er noko som kan trenast og lærast opp. Her senker me skuldrene og fokuserer på det menneskelege.
Årbok
Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg
100 Dagar Musikkfestival
Lurt på korleis festivalane velger artister? Det gjer dei på eigne arrangørfestivaler som 100 Dagar på Stord. Her får du mulighet til å vere med å arrangera, gjennomføra og læra om festivalbransjen.
Aktiviteter frå andre linjefag!
Prøve noko frå ei anna linje? Vald Film og TV, men vil teste motocross? Tatt E-sport og gaming, men kunne tenkt deg litt ekstra friluftsliv? Me legger til rette for lit
Dans
I vår eigen dansesal lære me å vrikka på rumpa, og kosa oss til rytmiske toner. Six-step, moderne dans, salsa og meir! Gøy og god trening.
Dykking
Pris: 8 000,-
Teoretisk opplæring, praktisk opplæring i basseng og dykk i fjorden. Du får dykkerlappen og vil kunne dykke på egenhånd ned til 20 m dybde. Utforske vrak og korallrev i skjærgården rundt Stord.
Idrettsmassasje
Her får du lære om å ta vare på deg sjølv. Ved siden av trening, gjennom ein kontordag eller for å støtte opp eller førebygge skader. Idrettsmassasje er svært nyttig for aktive personer.
Maratonet!
Har du vurdert å trene deg opp til maraton? På slutten av skuleåret arrangeres Sunnhordland Maraton, gjennom året vil ein kunne vere med på gøy og aktiv maraton-trening fram mot løpet!
Skyting
Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!
Verdensrekorden
Har du nokonsinne drøymd om å inneha ein verdensrekord? Dette valfaget går ut på å planlegga og gjennomføra eit verdensrekordforsøk. Verdens største pepperkake(by), verdens lengste intervju, o.l.
Kreativ Maling
Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.
Skøyter/Hockey/isdans/løp
Når vinteren kjem så tar me på oss skøytene og spelar hockey, trener på isdans og skøyteløp eller berre kosar oss på glattisen.
Bazaar!
Me drar med oss den eldre garde og fyre i veg ein skikkeleg basar, med lodd-årer, kaker, lubbesokker og kaffi. Her snakker med beinhard tradisjonell basar-kos for pensjonistar og barneborn!
Bokklubben
Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!
Forbetre VGS-fag
Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.
Fleire valfag kjem!
Fleire valfag kjem. Som ny skule, er ikkje alle våre valfag avgjort. Det du som elev måtte ønske, vil me forsøke å få realisert! Me vil sørge for at alle skal få attraktive valfag.