Til hovedinnhold

Har du lyst til å oppleve gleda ved å flyte nedover fjellsidene i botnlaus puddersnø? Bølgesurfe på Stadt? Sykle på smale stiar frå fjelltoppar!

I Sogndal byr hausten på eit hav av moglegheiter for spennande aktivitetar. Me skal nyte noko av den beste stisyklinga du finn i Noreg.  Me skal klatre både utandørs på klippene på Kvam og inne på eit av dei flottaste klatreanlegga i landet. Me har høve til å prøve oss på Via Ferreta i Hemsedal eller Loen, og me skal til Stadt for å surfe på bølgene i legendariske Hoddevika.

Gjennom både grunnleggande og vidaregåande teknikkurs vil du få ferdigheiter til å sykle med fart og kontroll i variert terreng. Du vil også bli kursa i bygging av stiar, og derigjennom få høve til å bli ein del av sykkelmiljøet i Sogndal. Skulen har eigen sykkelverksted der du får lære grunnleggjande vedlikehald av sykkelen. Verkstaden står open og er ein populær møteplass for sykkelmiljøet ved skulen.

Du treng ikkje å vere ekspert på sykkel: linja passar for alle nivå - også nybyrjarar.

Når snøen kjem er det ski for alle pengane. Sogndal er eit eldorado for skikøyring. Gjennom vinteren vert du lommekjend i eitt av dei beste toppturområda i Noreg. Me har fokus på sikkerheit og skredfare slik at me kan nyte dei beste nedfartslinjene på ein god og sikker måte. I løpet av året vil du lære nok til å kunne reise på eventyr med ski på beina på eigahand både i inn- og utland.  

Når våren kjem er det berre å velge. Vil du køyre ski i Sogndalsdalen, klatre på solvarme klipper med utsikt til Sognefjorden eller merke flyten frå stiane med sykkelen i Kaupangerskogen.

Velkommen til Sogndal!

 

Dette er linja som passer for alle, både nybegynnere og erfarene som har lyst på eit flott år med sykling og ski i fantastisk vestlandsnatur.

Dette vil du lære

  • Grunnleggande teknikkurs stisykling 
  • Videregående teknikkurs stisykling 
  • Stibyggerkurs 
  • Toppturskurs vinter 
  • Grunnleggande skredkurs 
  • Vidergående(Alpint) skredkurs
  • Teknikkurs ski i Hemsedal
  • Klatring 
  • Surfing 
  • Studietur til Cold Hawaii i Danmark og roadtrip i Noreg på våren

Våre forventninger til deg

  • Interessert i sykkel, ski og surfing 
  • Nysgjerrig  
  • Ha eit ynskje om å vere aktiv og sosial 

Danmark med sykkel og surfing

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: ca 12 dager

Måltider pr dag inkludert: 3

På studieturen på hausten er det stisykling og surfing som tel. Men turen er mykje meir enn berre sykling.

Vi reiser til Danmark, der me får oppleve flytsykling på bygde stiar. Det blir surfing på vest-kysten på legendariske “Cold Hawai”.

Roadtrip og vårski i Noreg

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

Studieturen på våren går nordover. Me kjem til å pakke bilane for å legge ut på eventyr. Forholda bestemmer vår endelege destinasjon.

På vegen stoppar vi kanskje i Sunnmørsalpane eller Romsdalen for å få med oss nokre av dei klassiske toppturane der. Som krydder på turen reiser vi kanskje til kysten og finner fram surfebrett.

Me vil køyre på leit etter den beste snøen og fineste bølgene som me kan finne i Noreg på denne to veker lange Roadtrip`en.

Fjærland, fjord, fjell og bre :)

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

Eit par uker etter skulestart dreg vi alle saman til Fjærland på ein tredagars tur. Dette gjere vi for å bli betre kjent med kvarandre, og for å oppleve eit av Noregs vakraste fjellområde. Vi tek dagsturar og deltek i bli-kjende aktivitetar. På kvelden blir vi samla rundt bålet til ein betre middag, og tek oss tid til å småprate, synge, eller berre slappe av etter ein dag med frisk luft og flotte opplevingar. Etter 3 dagar saman har vi allereie masse fellesopplevingar, og skaper eit godt grunnlag for å bli meire kjend med gode venner.

Hemsedal

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

I veke 3 reiser heile skulen over fjellet til Hemsedal. Vi bur i botnen av bakken, heilt perfekt for "ski inn og ski ut". Heile 3 dagar får vi i bakken for å utvikle skiteknikken og lære nye triks. Elevane blir delt inn i små grupper etter nivå, der du kan velje mellom telemark og slalom/randonnè. Nokre av instruktørane er innleigde, men det er mange lærarar frå skulen som er med! Det er to økter på dagtid med instruksjon, mens resten av tiden kan du bruke på frikøyring.

På kveldane er det god middag og sosialt i samlingsstova.

Vårcruise på Sognefjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Måltider pr dag inkludert: 3

Mot slutten av skuleåret reise me på ein todagers båtcruise på Sognefjorden. Me har heile båten for oss sjølv, og me seglar inn i majastetiske Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. I vakre Dyrdal, ei veglaus grend, overnattar me for natta. I denne grenda er det gode moglegheiter for uteaktivitetar og fjelltur for dei som ynskjer det. Me bur ombord i båten, i skulehuset, og for dei meir friluftsglade, i telt. På ettermiddagen lagar me grilmat på kaien og legg opp til sosialt samvær rundt bålet om kvelden. Neste dag går me i lang på nordsia av Nærøyfjorden for å gå langs den vakre postveg stien til Styvi. Her tek me lunsjen, som er grillmat, og for dei som er ekstra tøffe, er det moglegheit for å ta seg ein dukkert i fjorden. 

Martin Buch Larsen

Linjelærar

Martin er den "dorske" bonden vår, meir tradisjonell enn nordmenn sjølv. Mellom sykling og ski går det i sau, økologisk gardsdrift og ullgensarar. Engasjement har denne karen i bøtter og spann av, han vik ikkje unna for å brøle for klima, sjå løysingar der andre sit fast og går alltid i eit forrykande tempo. Men han spelar gjerne gitar om du syng til, iført "martingensaren" alle vil ha.

Epost: martin@sogndal.fhs.no
Telefon: 976 57 451
Facebook
Instagram: @martinbuchlarsen

Timeplanen varierer litt frå veke til veke. Linjefaga går heile året. Når du startar om hausten vil veldig mykje tid går til linje. I oktober er det lengre turar og studiereiser, frå november mot slutten av januar er det litt meir fokus på valfag og fellesprosjekt. Linjefag og studieturar er igjen i fokus frå februar mot slutten av året. 

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Skulestart - 25. august 2024
  • Fellestur i september
  • Haustferie: uke 41
  • Oktober: Studietur haust
  • Juleferie
  • Fellestur Hemsedal i januar
  • Vinterferie: uke 8
  • Studietur utlandet mars/april
  • Påskeferie
  • Skuleslutt - 10. Mai 2025

I valfagsperiodar kan du velje 2 eller 3 valfag i veka. I kvar periode er det 6-8 ulike fag du kan velje imellom.

Akrobatikk

Jepp, du les rett! Her går du på line og sjonglerer- du øver hvert fall på det. Kanskje du står litt på hender eller klarer en piruett på lina- her får du prøve deg som akrobat for ein dag.

Analog foto

Pris: 100,-

Lær meistaren sine teknikkar! Det er spennende å lage bilder på "gamlemåten". Her lærer du grunnleggjande fototeknikk, korleis ta gode bilete, så fremkaller du filmen på mørkerommet. Høyres enkelt ut.

Autogen trening

Dette er ein behageleg avspenningsteknikk som ikkje er ulik enkelte meditasjonsøvingar – men det er heilt utan religiøse koplingar. Du treng eit teppe, ei pute, litt lause men varme klede.

Band

Lær samspel og start eit band! Me har bandinstrument og utstyr: alt frå kontrabass, elbass og -gitar, trommesett og godt lydutstyr. Bandet får gjerne oppdrag både på og utanfor skulen.

Barista

Pris: 200,-

Me lærer om malegrad og forskjellen på ulike bønner og ikkje minst å byrgge perfekt espresso som er ein kunst i seg sjølv. Me besøkjer det lokale kaffibrenneriet for innføring i brenning.

Basketball

Her varmar me opp og gjer oss klar til øvelsar, forsvar/angrepsteknikk, fintar og spel. Leik med ball og litt alvor på kamp- det er basketball det!

Beachvolley

Målet for faget er å utvikle tekniske, taktiske ferdigheiter og kunnskap ved teknisk trening og spel i ulike former. Me jobbar med ulike typar serve, smash, legg og blokk, samt alle grunnslaga.

Dessertverksted

Pris: 200,-

Freisting for smakssansene! Me lagar alt frå kaker til is, sjokolade og sitronterte. Her er de med på å bestemme kva som skal stå på menyen.

DIY- saum

Pris: 50,-

Sy din eigen jakke eller snekkarbukse? Eller kanskje du vil sy di eiga penskjorte til juleballet? Eller kalkpose? På valfaget treng du ikkje noko erfaring, du skal få kledd deg opp i eige design lell.

Film

Målet er å lage så mange gode filmar som mogeleg, men fyrst og fremst gi deg idéar og erfaring med å lage film. Faget er tilpassa interessene og erfaringane dine.

Foto

Pris: 50,-

Lær å ta gode bilete med digitalkamera, kamerateknikk og komposisjon. Introduksjon til biletbehandling i Photoshop, studio og printing. Du treng eit vanleg digitalkamera.

Førstehjelp

Førstehjelp er nyttig å kunne uavhengig kva stadiet i livet ein er i. Me nytter både teori og praktiske øvingar på alt frå sår til alvorlege ulukker.

Gardsarbeid

Pris: 100,-

Her vitjar me den økologiske garden Bøtun på Indre Hafslo. Me får eit innblikk i kva det å produsere mat betyr. Dette er skikkelig god stemning med litt fysisk arbeid attåt.

Gitar

Nå har du sjansen til å bli bålets must have! Dette er gitar for nybyrjarar som likar å dra i gong ein allsong eller berre klimpre litt for deg sjølv ein roleg stund. Skulen har fleire gitarer.

Hybelkokken

Unngå å leve på junk food i studietida og bruk pengane på anna moro! Me lagar enkle og gode rettar som er sunne for kropp og sinn. Mykje godt kan lagast rimelig og kjapt!

Jakt

Pris: 200,-

Har du lyst til å prøve jakt, eller har jakta litt før er dette valfaget for deg. Med spanande jaktterreng nær skulen får du prøve deg på både leirdueskyting og bruk av rifle.

Kajakk

Pris: 300,-

Me padlar på verdas lengste fjord- Sognefjorden. Her får du grunnleggjande kajakkteknikk og opplæring i redning- alt i spektakulære omgjevnader langs fjorden vår.

Klatring

Sikring på topptau og led, klatring på topptau og led, grunnleggjande klatreteknikk, utstyrsval, klatrehistorie. Valgfaget ender med at du får moglegheit til å ta brattkort. Utstyr kan lånast gratis.

Kniv

Pris: 250,-

Lag din eigen kniv- med slire til. Velg mellom ulike tresortar til skaftet og design det til å passe perfekt i handa di. Slira kan du setje ditt eige preg på med initialar eller dekorere med ornament.

Konfekt

Akkurat passe store til ein munnfull med lykke! Mørk eller lys, med basilikumsukker eller karamell? Kanskje du finn din eigen kombinasjon av favorittsmakar og får plass til det i ein einsleg bit. NAM!

Kreative valfag

Pris: 100,-

Me har fleire kreative sjeler, både blant dei tilsette, men og blant elevane. Dei kreative valfaga kan vere å lage eiga saopa (sognemål), sy kalkposer, snekring eller smiing.

Linotrykk

Pris: 200,-

Å sjå det første, ferske trykket frå presset er som å opne ei julegåve! Med litt enkel teknikkopplæring og kreativiteten din vil du garantert verte overraska over resultatet.

Longboard

Pris: 900,-

Design ditt eige personlege kvalitetsbrett til asfaltsurfing! Longboard er ikkje berre moro å lage, men og eit genialt framkomstmiddel- miljøvenleg og artig.

Mat på bål

Her diskar me opp med god mat som er enkelt å ta med seg i sekken. Kan det freiste med kake på bål, varme skillingsbollar, eller ei lefse med mykje godt i? 

Måling

Pris: 150,-

Her kan du utfolde deg kreativt. Me måler på økologiske handlenett, lerret eller ark- alt etter motiv og teknikk. Du kan produsere gåver eller til pynt på rommet ditt.

Pudderklar

Melkesyre og blodsmak- men du så herleg til vinteren når beina er rusta for pudderkøyring og bratte fjellsider! Her vert det trappeløp og barmarkstrening i høgt tempo.

Roadtrip til kysten

Pris: 600,-

Her pakkar me bagen og tek turen ut til kysten. Avhengig kvar me dreg så kan me hvertfall skilte med fisking, god stemning, kanskje ein krabbe eller berre nyte solnedgangen i lag.

Selbuvott

Pris: 100,-

Lær deg å strikke flotte selbuvottar. Om du aldri har strikka før så kan me garantere at dette klarar du! Er du erfaren så kan du leike deg med mønster og lage ditt eige, eller berre strikke julegåver

Ski

Pris: 900,-

Her kan du finspisse svingteknikken eller lære deg å stå på ski. Undervisninga skjer ved Sogndal skisenter og du kan nytte dei skia du har, enten det er telemark, alpint, langrenn eller fjellski. 

Snekring og sløyd

Pris: 150,-

I sløydsalen kan du arbeide med treslag av mange sortar tre. Frå lite til stor- her er det du som utforskar kva du kan lage. Teikn- lag ein plan og set i gong, resultatet gler me oss til å sjå.

Street Art

Pris: 100,-

Lær grafitti og sjablongtrykk på lerret og t-skjorter. Me nyttar foto og photoshop, spraybokser og anna taggeutstyr.

Terrengsykkel

I Sogndal har me flotte terrengstiar som mange kjem langveisfrå for å teste. Stiane er både utfordrande og krevjande, men om du aldri har prøvd det før så er det tilpassa stier for alle nivå.

Topptur basis

Pris: 900,-

Å gå på randonee å sjå utover snøkledde fjell og dalar er berre vakkert. Om du ikkje har gjort det før så får du deg ei oppleving for livet. Sogndal er eit eldorado for toppturar på ski!

Volleyball

Her er det berre å strekke godt ut handledd og førebu deg på teknikkar, øvingar og ikkje minst kampar. Høgt tempo, smashar og action. Me kan og bruke sandvolleyballbana på tunet dersom det er mildt!

Wellness

Pris: 400,-

Me skal lage eigen massasjeolje, ansiktskrem, saltbad, ansiktsmaske og sjølvsagt bruke dette. Me skal og lage frisk juice av grønsaker og frukt. Her kan du lære å ta godt vare på deg sjølv.

Yoga

Iyengar yoga legg vekt på å gjere kroppen og sinnet sterkt og fleksibelt på same tid. Dette blir gjort gjennom fysiske stillingar asanas og pusteøvingar pranayama.

Yogamat

Pris: 200,-

Me skal gå eitt skritt videre med matlaging og sjå på fleire moderne kokekunstar. Her får du lage steinalder mat, "raw food" og lære om fermenteringens kunst.

Ølbrygging

Me brygger vårt eige øl, flasker og brukar blant anna malt som me lagar sjølve. Du får vere med å brygge fleire forskjellige ølsortar og blir kjent med litt av vår historie og tradisjon knytt til øl

Årbok

Årbok-gjengen skriv, utformar og set saman årboka for folkehøgskulen. Du lærer enkel biletredigering, artikkelskriving og korrekturlesing, sideutformingsprogram, godt hjelpt av store mengdar kaffi.

Lag dine egen ski

Pris: 800,-

Her får du mulighet til å lage dine egne ski. Vi har egen sløydsal og lærer som er "Skimaker". Du får god opplæring og sitter igjen med dine egne ski!

Fra kr 140 400,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Studietur: Fjærland, fjord, fjell og bre :)
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Hemsedal
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vårcruise på Sognefjorden
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: Danmark med sykkel og surfing
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: Roadtrip og vårski i Noreg
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 140 400,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

  • 8 900,-

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 140 400,-
(14 040,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret må du stille med selv

Dette trenger du av utstyr når du kommer til skolen:

  • Stisykkel - Hardtail eller fulldempet. Ikkje elektrisk terrengsykkel
  • Sykkelhjelm.
  • Knebeskytter
  • Ekstra sykkelslange
  • Multitool til sykkel
  • Girøre som passar sykkelen din
  • Ryggsekk
  • Sovepose (3 sesongs)
  • Hodelykt
  • Kler til og vera i aktivitet ute og inne
  • Ullundertøy
  • Lue og vottar/hanskar
  • Termos
  • Kompass
  • Randonnéeski med binding m/gåfunsjon
  • Feller
  • Skihjelm
  • Skibriller
  • Snøspade
  • Søkestang
  • Skredsøker

Me tilrettelegger for deg så godt me kan og gjør justeringer i samråd med deg.Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpasninger, eller lurer på om me kan tilrettelegge for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Julie Nærstad

Etter 13 år med skole var det fristende å gjøre noe annet og det hørtes gøy ut med folkehøgskole. Flott natur og interessante linjer gjordet at valget falt på Sogndal fhs. Dette valget har gitt meg unike opplevelser, gode venner, kunnskap og erfaring

Frå bloggen

Byungdom strømmer til bygda for å gå på folkehøgskole

Storslått natur, fjell og fjord lokker. Det samme gjør lysten til å oppleve livet på bygda. Stadig flere byungdom flytter til mindre steder for å ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Pudder Surf - Japan

Nordvestlandet folkehøgskole
Heilårskurs18 t/ukeKristen

Freeski Park – Park City

Rødde folkehøgskole – Trondheim
HeilårskursKristen

Snowboard/Freeski

Elverum folkehøgskule
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Freeride Canada

Molde Folkehøgskole
HeilårskursKristen

Ski sykkel surf

Hedmarktoppen folkehøyskole
HeilårskursKristen

Ski og klatring

Sogndal folkehøgskule
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt

Switch - park & pudder Geilo & Hemsedal

Hallingdal Folkehøgskule
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Friluftsliv / Ski og surf

Nordfjord folkehøgskule
Heilårskurs20 t/ukeKristen

Freeride Japan

Rødde folkehøgskole – Trondheim
HeilårskursKristen

Park og Akrobatikk

Ringebu Folkehøgskole
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Boards Bali

Rødde folkehøgskole – Trondheim
HeilårskursKristen

X-sport

Hedmarktoppen folkehøyskole
Venteliste
Heilårskurs20 t/ukeKristen