Til hovedinnhold

Lyst til å lære nye idrettar? Med Vestlandet sin vakre natur som kulisse får du sport og opplevingarfor livet. Kanotur, Via Faretta og skiskøyring, samt studietur til Brasil.

Sogndal er ein fantastisk plass for deg som likar allsidig og utfordrande idrett.

 

Linja inviterer til allsidig og utfordrande idrett. Når vêret er bra prioriterer me aktivitetar ute, i den vakre naturen som omkransar oss. Me spelar fotball, basket og volleyball, går turar i fjellet og ror kano i fjorden - berre meter frå skulen. I tillegg vil me teste kampsport, yoga, bike n´run, parkour, softball, dans og klatring.

På skulen har me eigen gymsal, kunstgrasbane og sandvolleyballbane. Det er kort veg til sentrum og Fosshaugane Campus, som er eit av dei største idrettsfaglege miljøa i Noreg samla under eit tak. Elever på idrettslinja får medlemsskap på Idrettssenteret, som er eit flott treningssenter i Sogndal med Norges største innandørs klatrefasilitetar. Medlemsskapet gir deg unike treningsmoglegheiter både i skule og fritidssamanheng. 
 

Idrett har fleire flotte turar i løpet av året, med aktivitetar som Via Ferrata, rafting, surfing på Stadt og racketsport i Bergen og Ålesund.

På vinteren legg me opp til flotte skidager, med alpint og langrenn, ved skianlegget - berre 20 min frå skulen. I tillegg blir det skileik og me omdannar kunstgrasbana til skøytebane ser me spelar ishocket. Me nyttar også vinteren til forskjellige ballidrettar i gymsalen. På planen er også Muay Thai, squash, dans, crossfit og massasje. Det er også her me førebur oss på studieturen til Brasi.

Idrett er linja for deg som er glad i sport, utfordringar og nye venskap.

 

Idrett er linja som passer for alle, både nybyrjarar og erfarene som har lyst på eit flott år med meistring og utfordring i Noregs flottaste bygd!

Dette vil du lære

  • Fotball
  • Basket
  • Freesbee golf
  • Volleyball og sandvolleyball
  • Innebandy
  • Bike ´n Run
  • Ultimate
  • Parkour
  • Orientering
  • Squash og andre racket sportsgreiner
  • Dans
  • Kampsport
  • Grunntrening styrke, uthaldenheit og beveging
  • Tilpassa styrketrening på Idrettssenteret
  • Massasje
  • Grunnleggjande friluftsliv
  • Grunnleggjande klatring
  • Ski
  • Tilpassa teknikkurs alpint
  • Langrenn
  • Surfekurs
  • Kano - padleteknikk og redning
  • Studietur til Brasil

Våre forventninger til deg

  • Interessert i allsidig idrett
  • Bidra til eit positivt klassemiljø
  • Utfordre deg sjølv og bevege deg ut av eiga komfortzone
  • Nysgjerrig på å prøve ut nye idrettar og treningsformer
  • Ha eit ynskje om å vere aktiv og sosial 

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: ca 14 dager

Måltider pr dag inkludert: 3

Bli med idrett på ein fantastisk flott studietur til sjølvaste Rio de janeiro.

Her kan du oppleva varmen, folkelivet og stemningen rundt OL og VM byen!
Me bur rett på ei av verdas mest kjende strender Copacabana i omkring to veker.

Dagane blir brukt på stranda der me speler beachvolleyball, beachsoccer, og får prøve oss på paddleboard og surfing. Me får sjå både volleyball og fotballkamp, der fotballkampen anten er på den legendariske Maracana stadion eller Estádop Olímpico João Havelange (olympiastadion). I løpet av turen er me óg litt turistar og besøker dei mest kjende landemerka, Kristusstatuen og sukkertoppen.

Rundt Rio er det ulike favelaer, disse favelaene kommer av at tilbudet av husvere er begrensa og/eller dyrt. Me skal besøke den største favelaen Rochina, der me får møta ein ung lokal guide som har vakse opp der. For å reise rundt inne i favelaen skal me bruke motorsykkeltaxi.

Fokuset vil vera på trening, men òg viktigheita over å kunne gjera ein forskjell, ved at me besøkjer ein lokal barneskule og tar ei tur til Karanba. Karanba er eit sosialt prosjekt i Rio de Janeiro, Brasil. Fotball blir brukt som eit verkemiddel for å hjelpa mange barn og unge frå slumområda med utdanning, personlig utvikling og utfolding.

Dette er eit utrulig spennande prosjekt som me er veldig heldige som har moglegheit til å besøkja. I forkant av turen jobbar klassen med å samle inn kler og utstyr slik at me kan gi det til barn og unge som deltar på prosjektet.

Fjærland, fjord, fjell og bre :)

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

Eit par uker etter skulestart dreg vi alle saman til Fjærland på ein tredagars tur. Dette gjere vi for å bli betre kjent med kvarandre, og for å oppleve eit av Noregs vakraste fjellområde. Vi tek dagsturar og deltek i bli-kjende aktivitetar. På kvelden blir vi samla rundt bålet til ein betre middag, og tek oss tid til å småprate, synge, eller berre slappe av etter ein dag med frisk luft og flotte opplevingar. Etter 3 dagar saman har vi allereie masse fellesopplevingar, og skaper eit godt grunnlag for å bli meire kjend med gode venner.

Hemsedal

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

I veke 3 reiser heile skulen over fjellet til Hemsedal. Vi bur i botnen av bakken, heilt perfekt for "ski inn og ski ut". Heile 3 dagar får vi i bakken for å utvikle skiteknikken og lære nye triks. Elevane blir delt inn i små grupper etter nivå, der du kan velje mellom telemark og slalom/randonnè. Nokre av instruktørane er innleigde, men det er mange lærarar frå skulen som er med! Det er to økter på dagtid med instruksjon, mens resten av tiden kan du bruke på frikøyring.

På kveldane er det god middag og sosialt i samlingsstova.

Vårcruise på Sognefjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Måltider pr dag inkludert: 3

Mot slutten av skuleåret drar vi på en todagers båtcruise på Sognefjorden. Vi har hele båten for oss selv, og vi seiler inn i Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden - hvor vi overnatter i vakre Dyrdal -en veglaus boplass med gode muligheter for uteaktiviteter og fjelltur for de som ønsker det. Vi bor ombord i båten, i skolehuset, og for de mere friluftsglade, i telt. Vi lager  grillmat på kaien om ettermiddagen, og legger opp til sosialt samvær rundt bålet om kvelden. Dagen etter går vi i land på nordsiden av Nærøyfjorden for å gå langs den vakre postvegen-sti til Styvi, hvor vi spiser grillmat til lunsj, og for de som er vil er det mulig å ta seg en dukkert i fjorden.

Vibe Ørum Rasmussen

Linjelærar

Vibe er idrettsstjerna vår. Ho har master i idrett og kultur og har jobba fleire år i Alpane som profesjonell skiinstruktør. I tillegg er ho tennis- og kanoinstrutør, samt utdanna yogalærer, for å nevne litt frå CV-en hennar. Her manglar det ikkje på kreative måtar å bevega seg på! Trivsel og samspel står dessutan sentralt for Vibe.

Epost: vibe@sogndal.fhs.no
Telefon: 46296898
Facebook

Timeplanen varierer litt frå veke til veke. Linjefaga går heile året. Når du startar om hausten vil veldig mykje tid går til linje. I oktober er det lengre turar og studiereiser, frå november mot slutten av januar er det litt meir fokus på valfag og fellesprosjekt. Linjefag og studieturar er igjen i fokus frå februar mot slutten av året. 

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Skulestart - 27. august 2023
  • Fellestur i september
  • Haustferie: uke 41
  • Oktober: Studietur haust
  • Juleferie
  • Fellestur Hemsedal i januar
  • Vinterferie: uke 8
  • Studietur utlandet mars/april
  • Påskeferie
  • Skuleslutt - 11. Mai 2024

I valfagsperiodar kan du velje 2 eller 3 valfag i veka. I kvar periode er det 6-8 ulike fag du kan velje imellom.

Analog foto

Pris: 100,-

Lær meistaren sine teknikkar! Det er spennende å lage bilder på "gamlemåten". Her lærer du grunnleggjande fototeknikk, korleis ta gode bilete, så fremkaller du filmen på mørkerommet. Høyres enkelt ut.

Autogen trening

Dette er ein behageleg avspenningsteknikk som ikkje er ulik enkelte meditasjonsøvingar – men det er heilt utan religiøse koplingar. Du treng eit teppe, ei pute, litt lause men varme klede.

Band

Lær samspel og start eit band! Me har bandinstrument og utstyr: alt frå kontrabass, elbass og -gitar, trommesett og godt lydutstyr. Bandet får gjerne oppdrag både på og utanfor skulen.

Barista

Pris: 100,-

Me har vår eiga proffe kaffimaskin og lagar vår eigen kaffi. Me besøkjer Sognefjorden kaffibrenneri og lærer om korleis me brenner kaffibrønner.

Basketball

Basketball: her er det oppvarming, øvelsar, forsvar/angrepstaktikk, og mykje, mykje spel.

Beachvolley

Målet for faget er å utvikle tekniske, taktiske ferdigheiter og kunnskap ved teknisk trening og spel i ulike former. Me jobbar med ulike typar serve, smash, legg og blokk, samt alle grunnslaga.

Film

Målet er å lage så mange gode filmar som mogeleg, men fyrst og fremst gi deg idéar og erfaring med å lage film. Faget er tilpassa interessene og erfaringane dine.

Foto

Pris: 50,-

Lær å ta gode bilete med digitalkamera, kamerateknikk og komposisjon. Introduksjon til biletbehandling i Photoshop, studio og printing. Du treng eit vanleg digitalkamera.

Fyrstehjelp

Å kunne handle rett i ein stressande situasjon er inga sjølvfølgje. Fyrstehjelp gjer deg betre i stand til å hjelpe sjuke eller skadde menneske i alvorlege situasjonar. Praktiske og teoretiske økt.

Geriljabrodering

Når nok er nok, men du ikkje heilt veit kvar du skal rette aggresjonen din kan eit par timar med eit stykkje stoff, ei butt nål og litt tråd vere forløysande. Få ut gørra med kreativ korsstingsaum!

Gitar

Lær å spele gitar medan du er på folkehøgskule. Valgfaget egner seg for nybyrjarar. Du må ha guitar sjølv, eller låne ein for dette valgfaget.

Hybelkokken

Me kjem til å lage middagar med god smak og rimeleg pris. Dette er valfaget som gjer deg i stand til å kome gjennom studietida utan å bruke opp stipendet på nærmaste fastfood restaurant!

Jakt

Pris: 200,-

Har du lyst til å prøve jakt, eller har du jakta litt før er dette perfekt. Me har spennade jaktterreng nær skulen og moglegheit til å gå på måneskinnsjakt. Me prøver både leirdueskyting og rifle.

Kajakk

Pris: 300,-

Me padlar tre dagar på Sognefjorden, som er verdas lengste fjord. Du lærer om grunnleggande kajakkteknikk og redning, og får oppleve spektakulær og vill natur på ferda. Du får muligheit å ta våtkort.

Klatring

Sikring på topptau og led, klatring på topptau og led, grunnleggjande klatreteknikk, utstyrsval, klatrehistorie. Valgfaget ender med at du får moglegheit til å ta brattkort. Utstyr kan lånast gratis.

Kniv og slire

Pris: 250,-

Lag din egen kniv. Velg mellom ulike tresortar til skaftet og design det til å passe perfekt til nettopp di hand. Du lærer å sy slire som du kan prege med initialer eller dekorere med ornament.

Longboard

Pris: 900,-

Bygg ditt eige longboard heilt frå grunnen og bestem korleis form og design skal vere. Du lærer bruk av verktøy og får utfordra dine kreative sider. Til slutt sit du att med eit fantastiskt produkt!

Saum

Lær å reparere kleda eller utstyret ditt, sy di eiga jakke, vottar, fleece-sovepose, kalkpose, fotposar, puter, nyttårskjole eller sy om bestemor sitt gamle sengetøy til di nye yndlingsskjorte.

Ski

Pris: 900,-

Valgfag ski er for alle som vil lære seg å svinge med sine eigne ski, altså om du har telemark, alpint, Randonee eller fjellski så er dette valgfaget for deg. Undervisninga er i Sogndal skisenter.

Street Art

Pris: 100,-

Lær grafitti og sjablongtrykk på lerret og t-skjorter. Me nyttar foto og photoshop, spraybokser og anna taggeutstyr.

Teikning

Pris: 50,-

Liker du å teikne? Kunne du kanskje tenkje deg å teikne meir? Her kan du lære om ulike teikneteknikkar gjennom ulike oppgåver.

Terrengsykkel

Her får du lære deg terrengsykling. Sogndal og Kaupanger har nokre av dei flottaste terrengsykkelstigane i landet.

Turmat

Her er det ikkje snakk om frosne brødskiver og svidd graut - lær å lage gode rettar på bålet. God mat på tur gjer turen til ei oppleving.

Volleyball

Målet for faget er å utvikle tekniske, taktiske ferdigheiter og kunnskap ved teknisk trening og spel i ulike former. Jobb med ulike typar serve, smash, legg og blokk, samt alle grunnslaga og reglar.

Wellness

Pris: 400,-

Me skal lage eigen massasjeolje, ansiktskrem, saltbad, ansiktsmaske og sjølvsagt bruke dette. Me skal og lage frisk juice av grønsaker og frukt. Her kan du lære å ta godt vare på deg sjølv.

Yoga

Iyengar yoga legg vekt på å gjere kroppen og sinnet sterkt og fleksibelt på same tid. Dette blir gjort gjennom fysiske stillingar asanas og pusteøvingar pranayama.

Yogamat

Pris: 200,-

Me skal gå eitt skritt videre med matlaging og sjå på fleire moderne kokekunstar. Her får du lage steinalder mat, "raw food" og lære om fermenteringens kunst.

Ølbrygging

Me brygger vårt eige øl, flasker og brukar blant anna malt som me lagar sjølve. Du får vere med å brygge fleire forskjellige ølsortar og blir kjent med litt av vår historie og tradisjon knytt til øl

Årbok

Årbok-gjengen skriv, utformar og set saman årboka for folkehøgskulen. Du lærer enkel biletredigering, artikkelskriving og korrekturlesing, sideutformingsprogram, godt hjelpt av store mengdar kaffi.

Eitt år på Sogndal folkehøgskule gir deg personleg og fagleg utvikling, gjennom spennande aktivitetar! I den aktive studentbygda har du Jotunheimen, Jostedalsbreen og Sognefjorden som næraste nabo. Du får venner for livet!

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 140 900,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Treningskort til klatrevegg, buldrevegg og treningssenter
  • Bad på gangen
  • Studietur: Fjærland, fjord, fjell og bre :)
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Hemsedal
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vårcruise på Sognefjorden
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: Studietur til Brasil
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 140 900,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

  • 8 900,-

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 140 900,-
(14 090,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Reiseforsikring på studietur Studietur til Brasil
  • Vaksiner på studietur Studietur til Brasil
  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Utstyr til linja (se Utstyr til linja nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Hvis du har ekstra lang hjemreise er det mulig å bo på skolen i feriene. Ønsker du å være igjen noen av feriene grunnet noe annet er vi fleksible.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret må du stille med selv

  • Treningstøy og joggesko til ute og inne
  • Badetøy og symjebriller
  • Sykkel (gjerne med demper) og sykkelhjelm
  • Regntøy
  • Til fjelltur: Gore-Tex jakke, turbukse, ullundertøy, lue og vottar.
  • Fjellstøvlar eller Gore-Tex sko
  • Termos, bestikk, turkopp, tallerken
  • Ryggsekk 30-36 L (dagstur)
  • Sovepose og liggeunderlag
  • Alpin- eller randoneeski m/stavar
  • Langrennski m/stavar
  • Skitøy (m/hjelm og briller)

Og dersom du har:

  • Squash racket
  • Fotballsko
  • Knebeskyttar (volleyball)
  • Snøspade, søkestand og skredsøker
  • Skøyter
  • Ryggsekk ca 20L/46L 

 

Me tilrettelegg for deg så godt me kan og gjør justeringer i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpasninger, eller lurer på om me kan tilrettelegge for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Ingrid Steensland Hoelsæter

Sogndal fhs gir deg et år fylt med latter, aktivitet, nye opplevelser,gode venner, flott natur og masse av glede.Gled deg til mestringen du får når du klarer å stå på surfebrettet, vinner en volleyballkamp eller kommer deg til toppen av en klatrerute

Frå bloggen

Byungdom strømmer til bygda for å gå på folkehøgskole

Storslått natur, fjell og fjord lokker. Det samme gjør lysten til å oppleve livet på bygda. Stadig flere byungdom flytter til mindre steder for å ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Eventyrleg Idrett

Sunnfjord Folkehøgskule
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Idrett Adventure Brasil

Molde Folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Linje 7 - Hawaii

Ringebu Folkehøgskole
Kontakt skulen
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Idrett+

Haugetun Folkehøyskole
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Toppidrett OSLO

Rønningen folkehøgskole
HeilårskursKristen

Adventure Action Sport

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Sjakk

Grenland Folkehøgskole
Fullt
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Trening, sjøsport og friluftsliv

Risøy Folkehøyskole
HeilårskursKristen

Golf.Idrett

Sunnmøre Folkehøgskule
HeilårskursKristen

Sport & Outdoor

Nordhordland Folkehøgskole
Heilårskurs18 t/ukeKristen

Padel+

Haugetun Folkehøyskole
HeilårskursKristen

TURN / troppsturn, tumbling, teknikk

Stavern folkehøyskole
Få ledige plasser
HeilårskursKristen