Til hovedinnhold

Er du interessert i foto og likar å reise så er dette linja for deg! Me oppsøker spennande motiv, både i lokalmiljøet og ute i verda.

Fotoreise er ei fotolinje med fokus på kultur, natur og verda.

Er du nygjerrig på kva livet og verda kan by på og samstundes ynskjer å lære foto? Då er dette ei linje for deg!

Du vil få grundig opplæring i fotofaget, så du treng ikkje ha mykje førehandskunnskapar. Kan du derimot mykje om foto frå før, treng du ikkje vere redd for å ikkje få nye utfordringar. Fotoreise er altså ei reise i fotofaget, samt ei fotolinje som er mykje på reise.

Når me ikkje er på reise jobbar me med spennande prosjekt på skulen. For at du skal bli ein betre fotograf og for at du skal utvikle di eiga personlege stil blir det lagt opp til ein god del fotooppgåver. 

Me skal blant anna innom portrettfotografering, dokumentarfotografi, landskapsfotografi, studiofotografering og skulen har flotte mørkerom der me jobbar med analog fotografi. Skulen har alt du treng av utstyr til dette.

I klasserommet har me iMac maskiner og ein flott printer for storformat. Du vil få opplæring i Lightroom og Photoshop, og jobbe både med utstillingar og digitale bildepresentasjonar. Det blir lagt vekt på at du skal bygge deg ei portefolie på Instragram. Sosiale medier er ein flott stad å marknadsføre seg sjølv som fotograf.

Fotoreise passer for alle, uansett bakgrunn og forkunnskaper. Undervisninga er lagt opp til at den enkelte elev får moglegheita til utvikle seg frå det stadiet ein er på.

Dette vil du lære

  • Kamerateknikk
  • Bildekomposisjon og motivvalg
  • Bilderedigering i Lightroom og Photoshop
  • Dokumentar og reportasjefoto
  • Reisefoto
  • Landskapsfoto
  • Portrett-/Studiofotografering
  • Miljøportrett
  • Fotomaraton
  • Gatefotografi
  • Utstillingar

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 8 dager

På hausten reiser me til Budapest. Me skal oppleve Budapest, ein storby som har både det urbane og det aust europeiske over seg. Med kamera rundt halsen tek me inn impulsar og motiv. Me jobbar spesifikt med Street Photograhy og møter lokale fotografer som tek oss med til autentiske gater og viser oss den ekte sia av Budapest. I løpet av studieturen skal me læra oss å lage ungarsk mat og me besøker det spennande, interaktive museet som Light Art Museum. Det blir utfluktar ut av byen og me besøker hyggelege, småstader utanfor Budapest. 

 

 

 

Fjærland, fjord, fjell og bre :)

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

Eit par uker etter skulestart dreg vi alle saman til Fjærland på ein tredagars tur. Dette gjere vi for å bli betre kjent med kvarandre, og for å oppleve eit av Noregs vakraste fjellområde. Vi tek dagsturar og deltek i bli-kjende aktivitetar. På kvelden blir vi samla rundt bålet til ein betre middag, og tek oss tid til å småprate, synge, eller berre slappe av etter ein dag med frisk luft og flotte opplevingar. Etter 3 dagar saman har vi allereie masse fellesopplevingar, og skaper eit godt grunnlag for å bli meire kjend med gode venner.

Eitt år på Sogndal folkehøgskule gir deg personleg og fagleg utvikling, gjennom spennande aktivitetar! I den aktive studentbygda har du Jotunheimen, Jostedalsbreen og Sognefjorden som næraste nabo. Du får venner for livet!

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 69 700,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen
  • Studietur: Studietur til Budapest
Minimumspris for linja 69 700,-

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 69 700,-
(13 940,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret må du stille med selv

  • Kamera
  • Ladar til kamera
  • Minnekort (gjerne to)
  • Batteri (ekstrabatteri om du har det)
  • Lett stativ
  • Berbar datamaskin
  • Adobe Photoshop hvis du har
  • Ekstern harddisk

Turutstyr:

  • Jakke som toler vêr og vind
  • Bukse som toler vêr og vind
  • Fjellsko (sko som er gode å gå ute i naturen med)
  • Ullundertøy
  • Varm genser/fleeze
  • Vottar
  • Skjerf/hals/buff
  • Lue
  • Ullsokkar
  • Dagstursekk (rundt 25lit+)
  • Sitteunderlag
  • Termos
  • Sovepose
  • Liggeunderlag
  • Pass
  • Reiseforsikring

Me tilrettelegg for deg så godt me kan og gjer justeringar i samråd med deg.Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpasningar, eller lurar på om me kan tilrettelegge for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Nå kan du nominere din skole til bærekraftprisen

For tredje år på rad skal folkehøgskolenes bærekraftpris deles ut. Les mer om hvordan du nominerer din skole her.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Tegneserier & Illustrasjon - HØST 2023

Buskerud Folkehøgskole
Få ledige plasser
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Hundekjøring og villmarksliv / Høst

Pasvik Folkehøgskole
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

E-Sport - Halvårskurs Høst

Nordmøre Folkehøgskule
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Romskip - HØST 2023

Buskerud Folkehøgskole
Få ledige plasser
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv X // Bali -Topptur, klatring og surf

Møre Folkehøgskule
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Filmskuespiller - Halvårskurs Høst

Nordmøre Folkehøgskule
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv - Sør-Afrika — høst 2023

Bømlo Folkehøgskule
Halvårskurs høst13 t/ukeFrilynt

Musikal Teater, haust 2023

Sunnfjord Folkehøgskule
Kontakt skulen
Halvårskurs høst14 t/ukeKristen

Tren - Halvårskurs Høst

Nordmøre Folkehøgskule
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Arctic Bushcraft - Sápmi / Høst

Pasvik Folkehøgskole
Halvårskurs høstFrilynt

Foto Film Friluftsliv (høst)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Kontakt skulen
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Historisk håndverk (høst 2023)

Sund folkehøgskole
Halvårskurs høst18 t/ukeFrilynt