Til hovedinnhold

Er du interessert i foto og likar å reise? Då er dette linja for deg! Me oppsøkjer spennande motiv, både i lokalmiljøet og ute i verda.

Fotoreise - ei fotolinje med fokus på kultur, natur og verda.

Er du nygjerrig på kva livet og verda kan by på, og samstundes ynskjer å lære foto? Då er dette ei linje for deg!

 

Du treng ikkje ha mykje kunnskap om foto på førehand, då du får grundig opplæring i faget hjå oss. Kan du derimot mykje om foto frå før, kan me love deg nye utfordringar.

Når me ikkje er på reise jobbar me med spennande prosjekt på skulen. Det er lagt opp til ei rekke fotooppgåver, med mål om at du skal kunne utvikle deg til å bli ein betre fotograf, med din heilt personlege stil.

Me skal lære meir om mellom anna portrettfotografering, dokumentarfotografi, landskapsfotografi og studiofotografering. Skulen har flotte mørkerom, der me jobbar med analog fotografi, og har alt du treng av utstyr til dette.

I klasserommet har me iMac maskiner og ein flott printer for storformat. Du vil få opplæring i Lightroom og Photoshop, og jobbe både med utstillingar og digitale bildepresentasjonar. Det blir lagt vekt på at du skal bygge deg ei portefolie på Instragram. Sosiale medier er ein flott stad å marknadsføre seg sjølv som fotograf.

Fotoreise passer for alle, uansett bakgrunn og forkunnskaper. Undervisninga er lagt opp til at den enkelte elev får moglegheita til utvikle seg frå det stadiet ein er på.

Dette vil du lære

  • Kamerateknikk
  • Bildekomposisjon og motivvalg
  • Bilderedigering i Lightroom og Photoshop
  • Dokumentar og reportasjefoto
  • Reisefoto
  • Landskapsfoto
  • Portrett-/Studiofotografering
  • Miljøportrett
  • Fotomaraton
  • Gatefotografi
  • Utstillingar

Studietur: Studietur til Budapest

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 8 dager

På hausten reiser me til Budapest. Me skal oppleve Budapest, ein storby som har både det urbane og det aust europeiske over seg. Med kamera rundt halsen tek me inn impulsar og motiv. Me jobbar spesifikt med Street Photograhy og møter lokale fotografer som tek oss med til autentiske gater og viser oss den ekte sia av Budapest. I løpet av studieturen skal me læra oss å lage ungarsk mat og me besøker det spennande, interaktive museet som Light Art Museum. Det blir utfluktar ut av byen og me besøker hyggelege, småstader utanfor Budapest. 

 

 

 

Studietur: Studietur til Vietnam

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 14 dager

Måltider pr dag inkludert: 3

På våren reiser me til Vietnam! Der skal me gjere ei rundreise mellom risåkrar og kalksteinsklipper, på vandring i fjerne landsbyar vekk frå storbyens mas og jag, og på båttur i Halong Bay. Du vil komme tett på den fantastiske naturen, den spennande kulturen og dei gjestfrie menneska. Me skal overnatte mellom anna hjå ein Vietnamesisk familie på "homestay" og du skal få oppleve ein av Asias vakreste storbyer, Hanoi. Den vetle skreddarbyen Hoian med dens mange lyslangterner skal me og innom!

Fjærland, fjord, fjell og bre :)

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

Eit par uker etter skulestart dreg vi alle saman til Fjærland på ein tredagars tur. Dette gjere vi for å bli betre kjent med kvarandre, og for å oppleve eit av Noregs vakraste fjellområde. Vi tek dagsturar og deltek i bli-kjende aktivitetar. På kvelden blir vi samla rundt bålet til ein betre middag, og tek oss tid til å småprate, synge, eller berre slappe av etter ein dag med frisk luft og flotte opplevingar. Etter 3 dagar saman har vi allereie masse fellesopplevingar, og skaper eit godt grunnlag for å bli meire kjend med gode venner.

Hemsedal

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

I veke 3 reiser heile skulen over fjellet til Hemsedal. Vi bur i botnen av bakken, heilt perfekt for "ski inn og ski ut". Heile 3 dagar får vi i bakken for å utvikle skiteknikken og lære nye triks. Elevane blir delt inn i små grupper etter nivå, der du kan velje mellom telemark og slalom/randonnè. Nokre av instruktørane er innleigde, men det er mange lærarar frå skulen som er med! Det er to økter på dagtid med instruksjon, mens resten av tiden kan du bruke på frikøyring.

På kveldane er det god middag og sosialt i samlingsstova.

Vårcruise på Sognefjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Måltider pr dag inkludert: 3

Mot slutten av skuleåret drar vi på en todagers båtcruise på Sognefjorden. Vi har hele båten for oss selv, og vi seiler inn i Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden - hvor vi overnatter i vakre Dyrdal -en veglaus boplass med gode muligheter for uteaktiviteter og fjelltur for de som ønsker det. Vi bor ombord i båten, i skolehuset, og for de mere friluftsglade, i telt. Vi lager  grillmat på kaien om ettermiddagen, og legger opp til sosialt samvær rundt bålet om kvelden. Dagen etter går vi i land på nordsiden av Nærøyfjorden for å gå langs den vakre postvegen-sti til Styvi, hvor vi spiser grillmat til lunsj, og for de som er vil er det mulig å ta seg en dukkert i fjorden.

Sivelin Kjølstad

Linjelærar

Sivelin må ta skulda for mange skarpe blikk. Skulen sin fotolærar veit å skape god stemning med musikk, eit venleg smil og ei skulder å lene seg på. Som ei motvekt til å springe til fjells, sørgjer Sivelin for at me andre har høg trivsel på skulen. Mang ein kjekkas har funnet vegen til målarpenslar, strikkepinnar og geriljabroderi med denne kreative dama. Rå på revy og få oss rundt ho glade.

Epost: sivelin@sogndal.fhs.no
Telefon: 971 66 977
Facebook
Instagram: @sivelin

Timeplanen varierer litt frå veke til veke. Linjefaga går heile året. Når du startar om hausten vil veldig mykje tid går til linje. I oktober er det lengre turar og studiereiser, frå november mot slutten av januar er det litt meir fokus på valfag og fellesprosjekt. Linjefag og studieturar er igjen i fokus frå februar mot slutten av året. 

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Skulestart - 27. august 2023
  • Fellestur i september
  • Haustferie: uke 41
  • Oktober: Studietur haust
  • Juleferie
  • Fellestur Hemsedal i januar
  • Vinterferie: uke 8
  • Studietur utlandet mars/april
  • Påskeferie
  • Skuleslutt - 11. Mai 2024

I valfagsperiodar kan du velje 2 eller 3 valfag i veka. I kvar periode er det 6-8 ulike fag du kan velje imellom.

Analog foto

Pris: 100,-

Lær meistaren sine teknikkar! Det er spennende å lage bilder på "gamlemåten". Her lærer du grunnleggjande fototeknikk, korleis ta gode bilete, så fremkaller du filmen på mørkerommet. Høyres enkelt ut.

Autogen trening

Dette er ein behageleg avspenningsteknikk som ikkje er ulik enkelte meditasjonsøvingar – men det er heilt utan religiøse koplingar. Du treng eit teppe, ei pute, litt lause men varme klede.

Band

Lær samspel og start eit band! Me har bandinstrument og utstyr: alt frå kontrabass, elbass og -gitar, trommesett og godt lydutstyr. Bandet får gjerne oppdrag både på og utanfor skulen.

Barista

Pris: 100,-

Me har vår eiga proffe kaffimaskin og lagar vår eigen kaffi. Me besøkjer Sognefjorden kaffibrenneri og lærer om korleis me brenner kaffibrønner.

Basketball

Basketball: her er det oppvarming, øvelsar, forsvar/angrepstaktikk, og mykje, mykje spel.

Beachvolley

Målet for faget er å utvikle tekniske, taktiske ferdigheiter og kunnskap ved teknisk trening og spel i ulike former. Me jobbar med ulike typar serve, smash, legg og blokk, samt alle grunnslaga.

Film

Målet er å lage så mange gode filmar som mogeleg, men fyrst og fremst gi deg idéar og erfaring med å lage film. Faget er tilpassa interessene og erfaringane dine.

Foto

Pris: 50,-

Lær å ta gode bilete med digitalkamera, kamerateknikk og komposisjon. Introduksjon til biletbehandling i Photoshop, studio og printing. Du treng eit vanleg digitalkamera.

Fyrstehjelp

Å kunne handle rett i ein stressande situasjon er inga sjølvfølgje. Fyrstehjelp gjer deg betre i stand til å hjelpe sjuke eller skadde menneske i alvorlege situasjonar. Praktiske og teoretiske økt.

Geriljabrodering

Når nok er nok, men du ikkje heilt veit kvar du skal rette aggresjonen din kan eit par timar med eit stykkje stoff, ei butt nål og litt tråd vere forløysande. Få ut gørra med kreativ korsstingsaum!

Gitar

Lær å spele gitar medan du er på folkehøgskule. Valgfaget egner seg for nybyrjarar. Du må ha guitar sjølv, eller låne ein for dette valgfaget.

Hybelkokken

Me kjem til å lage middagar med god smak og rimeleg pris. Dette er valfaget som gjer deg i stand til å kome gjennom studietida utan å bruke opp stipendet på nærmaste fastfood restaurant!

Jakt

Pris: 200,-

Har du lyst til å prøve jakt, eller har du jakta litt før er dette perfekt. Me har spennade jaktterreng nær skulen og moglegheit til å gå på måneskinnsjakt. Me prøver både leirdueskyting og rifle.

Kajakk

Pris: 300,-

Me padlar tre dagar på Sognefjorden, som er verdas lengste fjord. Du lærer om grunnleggande kajakkteknikk og redning, og får oppleve spektakulær og vill natur på ferda. Du får muligheit å ta våtkort.

Klatring

Sikring på topptau og led, klatring på topptau og led, grunnleggjande klatreteknikk, utstyrsval, klatrehistorie. Valgfaget ender med at du får moglegheit til å ta brattkort. Utstyr kan lånast gratis.

Kniv og slire

Pris: 250,-

Lag din egen kniv. Velg mellom ulike tresortar til skaftet og design det til å passe perfekt til nettopp di hand. Du lærer å sy slire som du kan prege med initialer eller dekorere med ornament.

Longboard

Pris: 900,-

Bygg ditt eige longboard heilt frå grunnen og bestem korleis form og design skal vere. Du lærer bruk av verktøy og får utfordra dine kreative sider. Til slutt sit du att med eit fantastiskt produkt!

Saum

Lær å reparere kleda eller utstyret ditt, sy di eiga jakke, vottar, fleece-sovepose, kalkpose, fotposar, puter, nyttårskjole eller sy om bestemor sitt gamle sengetøy til di nye yndlingsskjorte.

Ski

Pris: 900,-

Valgfag ski er for alle som vil lære seg å svinge med sine eigne ski, altså om du har telemark, alpint, Randonee eller fjellski så er dette valgfaget for deg. Undervisninga er i Sogndal skisenter.

Street Art

Pris: 100,-

Lær grafitti og sjablongtrykk på lerret og t-skjorter. Me nyttar foto og photoshop, spraybokser og anna taggeutstyr.

Teikning

Pris: 50,-

Liker du å teikne? Kunne du kanskje tenkje deg å teikne meir? Her kan du lære om ulike teikneteknikkar gjennom ulike oppgåver.

Terrengsykkel

Her får du lære deg terrengsykling. Sogndal og Kaupanger har nokre av dei flottaste terrengsykkelstigane i landet.

Turmat

Her er det ikkje snakk om frosne brødskiver og svidd graut - lær å lage gode rettar på bålet. God mat på tur gjer turen til ei oppleving.

Volleyball

Målet for faget er å utvikle tekniske, taktiske ferdigheiter og kunnskap ved teknisk trening og spel i ulike former. Jobb med ulike typar serve, smash, legg og blokk, samt alle grunnslaga og reglar.

Wellness

Pris: 400,-

Me skal lage eigen massasjeolje, ansiktskrem, saltbad, ansiktsmaske og sjølvsagt bruke dette. Me skal og lage frisk juice av grønsaker og frukt. Her kan du lære å ta godt vare på deg sjølv.

Yoga

Iyengar yoga legg vekt på å gjere kroppen og sinnet sterkt og fleksibelt på same tid. Dette blir gjort gjennom fysiske stillingar asanas og pusteøvingar pranayama.

Yogamat

Pris: 200,-

Me skal gå eitt skritt videre med matlaging og sjå på fleire moderne kokekunstar. Her får du lage steinalder mat, "raw food" og lære om fermenteringens kunst.

Ølbrygging

Me brygger vårt eige øl, flasker og brukar blant anna malt som me lagar sjølve. Du får vere med å brygge fleire forskjellige ølsortar og blir kjent med litt av vår historie og tradisjon knytt til øl

Årbok

Årbok-gjengen skriv, utformar og set saman årboka for folkehøgskulen. Du lærer enkel biletredigering, artikkelskriving og korrekturlesing, sideutformingsprogram, godt hjelpt av store mengdar kaffi.

Eitt år på Sogndal folkehøgskule gir deg personleg og fagleg utvikling, gjennom spennande aktivitetar! I den aktive studentbygda har du Jotunheimen, Jostedalsbreen og Sognefjorden som næraste nabo. Du får venner for livet!

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 143 400,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Studietur: Fjærland, fjord, fjell og bre :)
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Hemsedal
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vårcruise på Sognefjorden
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: Studietur til Budapest
  • Studietur: Studietur til Vietnam
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 143 400,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

  • 8 900,-

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 143 400,-
(14 340,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Reiseforsikring på studietur Studietur til Vietnam
  • Vaksiner på studietur Studietur til Vietnam
  • Visum på studietur Studietur til Vietnam
  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Utstyr til linja (se Utstyr til linja nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Hvis du har ekstra lang hjemreise er det mulig å bo på skolen i feriene. Ønsker du å være igjen noen av feriene grunnet noe annet er vi fleksible.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret må du stille med selv

  • Kamera
  • Ladar til kamera
  • Minnekort (gjerne to)
  • Batteri (ekstrabatteri om du har det)
  • Lett stativ
  • Berbar datamaskin
  • Adobe Photoshop hvis du har
  • Ekstern harddisk

Turutstyr:

  • Jakke som toler vêr og vind
  • Bukse som toler vêr og vind
  • Fjellsko (sko som er gode å gå ute i naturen med)
  • Ullundertøy
  • Varm genser/fleeze
  • Vottar
  • Skjerf/hals/buff
  • Lue
  • Ullsokkar
  • Dagstursekk (rundt 25lit+)
  • Sitteunderlag
  • Termos
  • Sovepose
  • Liggeunderlag
  • Pass
  • Reiseforsikring

Viss de kan låna eller finne noko brukt er det heilt flott!

Me tilrettelegg for deg så godt me kan og gjer justeringar i samråd med deg.Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpasningar, eller lurar på om me kan tilrettelegge for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Amanda Kruke Røysi

Sogndal fhs er fylt av utrolig gode mennesker, masse opplevelser og mye mye mer. Skolen byr på en fantastisk natur og mange muligheter. linjen gir deg mulighet til å forbedre deg og lære masse nytt. Dette er et år som jeg aldri kommer til å glemme.

Amanda Kruke Røysi
Andreas Kvarme

Eit år på Sogndal fhs kan påvirke livet ditt i mye større grad enn du tror. Rett utenfor dørstokken finnes alle de fantastiske mulighetene Sogndal har å by på, og mange finner seg en ny lidenskap i løpet av året. Kanskje du også finer en ny hobby?

Frå bloggen

Nå kan du nominere din skole til bærekraftprisen

For tredje år på rad skal folkehøgskolenes bærekraftpris deles ut. Les mer om hvordan du nominerer din skole her.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Instarail - Foto, Reiser og Opplevelser - Europa

Stord Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

FotoVideo OSLO

Rønningen folkehøgskole
HeilårskursKristen

Film & Foto

Voss folkehøgskule
Få ledige plasser
HeilårskursFrilynt

Naturfoto

Lofoten folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Foto

Sund folkehøgskole
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Foto/Opplevelser

Elverum folkehøgskule
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Kreativ & Foto

Hedmarktoppen folkehøyskole
Heilårskurs24 t/ukeKristen

Analog foto

Fana folkehøgskule - Bergen
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Naturfoto

Svalbard folkehøgskole
Få ledige plasser
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Foto & Video - Kreativ Innholdsproduksjon

Danvik Folkehøgskole
Få ledige plasser
HeilårskursKristen

Foto - fashion og kunst

Skjeberg Folkehøyskole
Heilårskurs17 t/ukeFrilynt

Foto

Ringsaker Folkehøgskole (arbfhs)
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt