Til hovedinnhold

Cosplay X // Asia - vår 25

Søk på linja

På Cosplay på Møre handlar alt om kostyme og rollespel! Vi samarbeider tett med linjene for Animasjon og Design & Redesign og skaper eit unikt miljø på skulen!

På Cosplaylinja får du lage dine eigne kostymer! Om du kan mykje eller lite frå før spelar inga rolle. Vi tek tak i deg der du er og saman skaper vi den verda du lever i dette året! Linja er ny i år og du vil i stor grad kunne vere med og forme korleis desse månadane skal bli både for deg og alle som kjem etter i dei komande åra!

Samarbeidet med "Animasjon" gir oss tilgang til masse kompetanse innanfor film og foto. Og det kan no vere greitt å ha den type minne etter dette året også? "Design & Redesign" er suverene på å teikne først og så skape etterpå. Berekraft er viktig for oss på Møre folkehøgskule og dette blir også eit viktig tema på denne linja. Samarbeidet med "Design & Redesign" er midt i blinken for å sikre at nyskaping og gjenbruk går hand i hand!

Cosplay er både heil- og halvårslinje. For å få den heile gode folkehøgskulepopplevinga tilrår vi sjølvsagt at du går heile skuleåret hos oss! Men om dette ikkje passar kan du, viss der er plass, også vere med berre på vårhalvåret!

Studieturen er på våren og går til Japan og kanskje også til andre stadar i Asia. Vi reiser saman med dei vi kjenner frå Animasjon og Design & Redesign og får ei fantastisk oppleving saman!

Enten du er ny i cosplay eller er ein erfaren cosplayer er dette linja for deg! Du startar på ditt nivå og utviklar deg derifrå. Du vil også snart oppleve at du kan vere med å utvikle andre!

Dette vil du lære

  • Grunnleggjande om cosplay
  • Grunnleggjande om handarbeid og bruk av material i cosplay
  • Bruk av sminke i Cosplay.
  • Spesialeffekter og korleis skape dei
  • Opptreden i rolla. Framfor publikum og framfor kamera. Og i kvardagen!

Våre forventninger til deg

Du må først og fremst ville vere med! Og det er greitt å ikkje ta seg sjølv så veldig høgtidleg heile tida. Det blir mykje latter undervegs!

Fra kr 85 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 85 000,-

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 85 000,-
(17 000,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.
Prisen inkluderer opphald og undervisning på skulen, samt eksursjonar og studietur.

Dette utstyret får du låne av skolen

Alt utstyr for å skape og tilpasse kostymer

Ta kontakt med skulen før du søkjer om du har behov for spesiell tilrettelegging. Det er lurt å ta ein prat om du er i tvil!

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Lederen i Utdanningsforbundet angrer på at han ikke gikk folkehøgskole

Ungdom får stort utbytte av et folkehøgskoleår, mener Handal.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Musikkteater halvår, vår 2024

Solbakken folkehøgskole
Halvårskurs vårFrilynt

Eventyrleg idrett, vår 2025

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vårKristen

Friluftsliv LETT (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Multisport - halvårskurs vår 2024

Ringerike Folkehøgskole
Fullt
Halvårskurs vår16 t/ukeFrilynt

Country - musikkproduksjon og turnè - Vår 2024

Seljord Folkehøgskule
Halvårskurs vårFrilynt

Dans Idrett, vår 2025

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vårKristen

Idrett og Friluftsliv (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Helse & Trening, vår 2025

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vårKristen

Humor & Scene - halvårskurs vår 2024

Ringerike Folkehøgskole
Halvårskurs vår16 t/ukeFrilynt

SKUESPILLLER - film og teater (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Musikkproduksjon (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Musikkteater halvår, vår 2025

Solbakken folkehøgskole
Halvårskurs vår36 t/ukeFrilynt