
- Manger Folkehøgskule
- Telefon: 56348070
- E-post: kontor@manger.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
MiljøfyrtårnSertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
- Stad: Manger, Vestland
- Oppstartsdato: 21.08.2022
- Linjefag: 19 timar/veke
- Pris: fra 118 000,-
Musikk er ein viktig del av livet ditt. På denne linja får du kunnskap om samanhengen mellom musikk og helse, samt innblikk i faget musikkterapi og om helsefremjande arbeid i eit vidare perspektiv.
Musikk er ein aktivitet som bygger på alle menneske si medfødde evne til å kommunisere gjennom lyd og rørsle.
Musikken gir tilgang til sosialt samvær, kommunikasjon og kjensler, og kan ha stor innverknad på helsa vår. Helse er eit vidt omgrep. Verdas helseorganisasjon (WHO) har denne defininsjonen på helse: ”Helse er en tilstand av fullstendig fysisk, mental og sosial velvære, og ikke bare fravær av sykdom og lyter.”
Fagfeltet musikkterapi vert ein sentral del av undervisninga. Musikkterapi er studiet av samanhengar mellom musikk og helse, og fokuserer bl.a. på omsorg, helsefremjande arbeid og rehabilitering. Vi arbeider med utvikling og endring ved hjelp av ulike musikkaktivitetar, som t.d. lytting, song, samspel, låtskriving, improvisasjon og konsertar. Musikken blir brukt som eit medium for samhandling, kommunikasjon og utvikling. Musikkterapi blir brukt på mange område i samfunnet, slik som i barnehage, skule og kulturskule, tilrettelagt undervisning, barnevern, eldresenter, sjukehus, mm.
I tillegg til musikken sin innverknad på helsa vår, arbeider vi også med andre fagfelt innanfor helsefremjande arbeid, slik som ernæring, trening, sosialt arbeid, psykologi og kommunikasjon.
Elevar som ønsker å søke seg vidare på musikkterapistudiet, vil få hjelp til å førebu seg til opptaksprøven.