Til hovedinnhold

Brassband - Nord-England

Søk på linja
Ledig plass

Med hjartet på rett brass! Me har den einaste brassbandlinja i landet. Har du slite ut nokre sko i skulekorps? Me tar deg nokre steg lenger med inspirerande undervisning tilpassa til ditt nivå.

Dette er linja for deg som har slite ut nokre sko i skulekorpset og er klar for meir! Brassbandlinja gir deg akkurat det – meir musikk. Dyktige lærarar sørgjer for variert og inspirerande undervisning tilpassa deg og det nivået du har nådd med instrumentet ditt. Gled deg til mykje godt samspel!

Hjå oss møter du likesinna ungdom på alle nivå. Nokre har ambisjonar om å gå vidare på høgare musikkutdanning, medan andre vil ha korps som ein givande hobby.

Gjestar frå inn- og utland
Brassbandlinja nyt godt av eit stort kontaktnett i Noreg, men også rundt omkring i Europa. Me får jamleg besøk av gjestedirigentar på toppnivå som jobbar med profesjonelle orkester, militærkorps og dei aller fremste brassbanda i verda.

Samspel
Hovudfokus på brassbandlinja er samspel i fullt brassband. I løpet av ei veke har me 2–4 fellesøvingar. Musikkutvalet er, saman med dirigenten, med på å avgjera kva som skal spelast på dei ulike prosjekta. I løpet av året deltar brassbandet mellom anna på kveldskonsertar saman med lokale korps, turnéar og ikkje minst vår eigen julekonsert og avslutningskonsert.

Hovudinstrument
Du får individuelle timar saman med topp kvalifiserte instrumentallærarar.

Dette er linja for deg som har slite ut nokre sko i skulekorpset og er klar for meir! Me tar deg nokre steg lenger med inspirerande undervisning tilpassa til ditt nivå.

Dette vil du lære

Hovudfokus på brassbandlinja er samspel i fullt brassband. Andre samspelfag er ensemble og fellestimar.

For å byggje opp under samspelsferdighetane, har me i løpet av veka også ei rekkje andre musikkrelaterte fag:

  • Musikkteori
  • Høyrelære
  • Arrangering
  • Musikkorientering
  • Direksjon
  • Aspirantopplæring

Våre forventninger til deg

Me jobbar ut frå nivået du er på og strekkjer oss så langt du har lyst og kapasitet. Sidan folkehøgskule er ein eksamensfri skule, er det din eigen motivasjon til å bli betre som driv deg. Kva du arbeider med og kor langt du når er mykje opp til deg sjølv og di vilje til arbeid mellom timane.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 7 dagar

Måltider pr dag inkludert: 2

Brassband spelar konsertar på sin utanlandstur. I tillegg besøker dei mellom anna Black Dyke Band, Brighouse and Rastrick’s Band, University of Huddersfield og University of Salford.

Dei har og hatt meisterklassar/workshops med:

  • James Fountain
  • Ben Dixon
  • Shaun Crowther
  • Gary Curtin.

Margaret Sutherland Antrobus

Assisterande rektor

Epost: Margaret.Sutherland.Antrobus@hfk.no
Telefon: 56348070

Grethe Westbø Tonheim

Linjeleiar og lærar Brassband

Epost: Grethe.Tonheim@hfk.no
Telefon: 56348070

Henning Anundsen

Lærar

Epost: Henning.Anundsen@hfk.no

Stian Villanger

Lærar

Epost: Stian.Villanger@hfk.no

Jane Westervik

Lærar

Epost: Jane.Westervik@hfk.no

Helga Vetås

Lærar

Epost: Helga.Vetas@hfk.no

Torstein Aagaard-Nilsen

Lærar

Epost: Torstein.Aagaard-Nilsen@hfk.no

Årsplan 2019/2020

  • 25. august: Skulestart
  • 5. oktober - 13. oktober: Haustferie
  • 18. desember - 2. januar: Juleferie
  • 22. februar - 1. mars: Vinterferie
  • 4. april - 13. april: Påskeferie
  • 09. mai: Siste skuledag. Avslutningskonsert
  • 10. mai: Heimreisedag

Du rekk ikkje å bli lei av valfaget ditt; det kan du nemleg velja tre gonger i året. Det er ulike former for sport og friluftsliv, yoga, piano, storband, meir teoretiske fag og sjølvsagt aktivitetar knytta opp til musikk.

Piano

Lær deg piano eller få hjelp til å vidareutvikle dugleiken din. Undervisninga er tilpassa ditt nivå.

Storband

Spel storbandmusikk av Leiva og Barnes. Mogleik for å spele eigne arrangement og improvisere.

Konsert-trening

Føregår som “åpen undervisning” der ein spelar for kvarandre, anten ein vil førebu seg til prøvespel eller berre trene seg på å spele for andre.

Sibelius

Få grunnleggjande dugleik i notasjons-programmet Sibelius.

Improvisasjonsteknikk

For dei som ynskjer å lære seg vokal improvisasjon.

Kammerkor

Har du sangglede og ynskjer å synge i eit mindre vokalensemble og utfordre deg sjølv, så er kammerkoret rette plass.

Sang

Lyst å utvikle stemmen din? Få sangtime med vår sangpedagog.

Speleteknikk

For messingblåsare som ynskjer å jobbe ekstra med korrekt speleteknikk.

Skala

Skalaklasse - lær deg alle dei ulike variasjonane av skala.

Strikking

Her kan du få vera med i ei gruppe som strikker og prater. Me satser på å strikke tøfler som me skal tova i vaskemaskin. Om du vil kan du også få strikka ullsokker, pannebånd og andre varme bruksting.

Yoga

Ein introduksjon til enkel yoga og meditasjon.

"Isbading"

Ikkje ofte det er is på sjøen her i vest, men me kan lova at det er kaldt i vatnet.

Bootcamp

Gjer kroppen sterkare med sirkeltrening/intervalltrening.

Forming

Kreative aktivitetar som toving, laga t-skjorte, laga sitteunderlag og laga drops.

Me ventar på deg! Hjå oss på Manger folkehøgskule får du utvikla talentet ditt i lag med andre kreative, musikalske ungdommar og dyktige lærarar. Me lovar deg eit år med musikk frå morgon til kveld. 

Bli med oss og ta musikken din eit steg vidare.

Linjer ved skulen

Fra kr 116 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Reiseforsikring
  • Bruk av idretts- og svømmehall
  • Individuell undervisning på hovudinstrument
  • Studietur: Konsertturné i Storbritannia
    • Mat (2 måltider per dag)
    • Reiseforsikring
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 116 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 116 000,-
(11 600,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Skulen har ei rekkje øvingsrom, dei fleste med piano, som er tilgjengelege fram til 22.00 kvar dag. På vår maclab finn du 10 iMac-maskiner med Sibelius noteprogram og EarMaster.

Skulen har også ein del messinginstrument til disposisjon og fullt utstyrt slagverksavdeling, av høg standard.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Hanne Abelseth

Mitt år på manger var et flott år som ga meg mange nye venner som jeg fortsatt har kontakt med!

Frå bloggen

- Et samfunn der vi kan se tilbake på hatske holdninger - og kalle dem historie!

Nor Sarira, elev ved Manger folkehøgskule, har fra ung alder av opplevd at mennesker ansvarliggjør henne for en hel tro. Hvordan kan hun forklare motivasjonene bak ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Orkester og korps

Toneheim Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Direksjon

Toneheim Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Klassisk slagverk

Toneheim Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Strykere

Toneheim Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Musikk - New York og Irland

Seljord Folkehøgskule
Få ledige plasser
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Utøvende musikk: Band

Rønningen folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Musikk

Sunnhordland folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt