Til hovedinnhold
Få ledige plasser

Me er stolte av å presentere den einaste brassbandlinja i landet. Har du slite ut nokre sko i skulekorps? Me tar deg nokre steg lenger med inspirerande undervisning tilpassa til ditt nivå.

Dette er linja for deg som har slite ut nokre sko i skulekorpset og er klar for meir! Brassbandlinja gir deg akkurat det – meir musikk. Dyktige lærarar sørgjer for variert og inspirerande undervisning tilpassa deg og det nivået du har nådd med instrumentet ditt. Gled deg til mykje godt samspel!

Du møter likesinna ungdom på alle nivå. Nokre har ambisjonar om å gå vidare på høgare musikkutdanning, medan andre vil ha korps som ein gjevande hobby.

Gjestar frå inn- og utland

Brassbandlinja nyt godt av eit stort kontaktnett i Noreg, men også rundt omkring i Europa. Me får jamleg besøk av gjestedirigentar på toppnivå som jobbar med profesjonelle orkester, militærkorps og dei aller fremste brassbanda i verda. Me samarbeider med Manger Musikklag og Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

Samspel

Hovudfokus på brassbandlinja er samspel i fullt brassband. I løpet av ei veke har me 2–4 fellesøvingar. Musikkutvalet varierer på dei ulike prosjekta.

I løpet av året deltar brassbandet mellom anna på kveldskonsertar saman med lokale korps, turnéar og ikkje minst vår eigen julekonsert og avslutningskonsert. Du får moglegheiter til å spele på kryss og tvers av alle linjene med eigne arrangement, blåserekker for band og storband.

Mange av våre elevar finn seg eit korps å spele med på fritida, og skulen legg tilrette for at dette skal vera mogleg og set deg gjerne i kontakt med lokale korps.

Hovudinstrument

Du får individuelle timar saman med topp kvalifiserte instrumentallærarar.

Dette er linja for deg som har slite ut nokre sko i skulekorpset og er klar for meir! Me tar deg nokre steg lenger med inspirerande undervisning tilpassa til ditt nivå.

Dette vil du lære

Hovudfokus på brassbandlinja er samspel i fullt brassband. Andre samspelfag er ensemble og fellestimar.

For å byggje opp under samspelsferdighetane, har me i løpet av veka også ei rekkje andre musikkrelaterte fag:

  • Musikkteori
  • Høyrelære
  • Arrangering
  • Musikkorientering
  • Direksjon
  • Aspirantopplæring

Våre forventninger til deg

Me jobbar ut frå nivået du er på og strekkjer oss så langt du har lyst og kapasitet. Sidan folkehøgskule er ein eksamensfri skule, er det din eigen motivasjon til å bli betre som driv deg. Kva du arbeider med og kor langt du når er mykje opp til deg sjølv og di vilje til arbeid mellom timane.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 7 dagar

Måltider pr dag inkludert: 2

Brassbandlinja sin utanlandstur går til Nord-England, der dei spelar konsertar, både med andre korps og åleine. Der besøker dei mellom anna Black Dyke Band, Brighouse and Rastrick’s Band, University of Huddersfield, Royal Northern College of Music og University of Salford. I tillegg vert det ofte litt tid til sightseeing i York, og å ta inn storbykjensla i Manchester eller Liverpool. Nokre år har ein og vore så heldig å få med seg diverse konkurransar. som til dømes Europameisterskapet i Birmingham 2022 og det Walisiske regionale meisterskapet. 

Dei har og hatt meisterklassar/workshops med:

  • James Fountain
  • Ben Dixon
  • Shaun Crowther
  • Gary Curtin
  • Brett Baker
  • Sheona White
  • Owen Farr
  • Philip McCann

Henning Anundsen

Linjeleiar brassband og lærar

Henning startet å arbeide på Manger Folkehøgskule (MFHS) i 2009. Han jobber på Brassbandlinjen som dirigent, og på Musikk, bu og fritid som musikklærer. Utdanningen har han fra griegakademiet, der han studerte trompet og musikkpedagogikkI tillegg til å arbeide på MFHS dirigerer Henning Skodvin Skulemusikk og er freelancemusiker. På fritiden spiller han principal i Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

Epost: henning.anundsen@vlfk.no

Grethe Westbø Tonheim

Lærar Brassband

Grethe er utdanna ved Bergen musikkonservatorium og Norgen Musikkhøgskole under Kim Lofthouse, John-Aril Suther og Ingemar Roos. Ho jobbar med messing og samspel, på kryss og tvers av linjer og sjanger. I tillegg til å vera profesjonell utøvar har ho stor glede av å ha brassband som hobby, og kan visa til 30 år som solotrombonist i Eikanger-Bjørsvik. På fritida er det segling og fjelltur som gjeld

Epost: Grethe.Tonheim@vlfk.no

Margaret Antrobus

Lærar, dirigent

Margaret er utdanna i utøvande musikk, musikkvitenskap og musikkpedagogikk, og har arbeidd som musikar sidan 2003. Ho vaks opp på Manger folkehøgskule, gjekk på brassbandlinja og har alltid visst at det var der ho ville arbeide. Margaret dirigerer brassbandet, underviser diverse fag på både brassband- og stipendiatlinja, og har nokre fellesfag for heile skulen.  

Epost: Margaret.Sutherland.Antrobus@vlfk.no
Telefon: 45439548

Jane G. Westervik

Lærar

Jane er trompet/kornettlærar på Manger Folkehøgskule. Ho er utdanna på Konservatoriet i Bergen og ved Guildhall i London.
Jane har brei erfaring frå brassband miljøet. Ho har spelt Principal kornett i Eikanger Bjørsvik Musikklag i 20 år. Jane er musikalsk leiar i  Krohnengen Brassband. Ho dirigerar BB i periodar på skulen, og har Yoga valfag. Gjestar har vore bla; Rapa og Guggenberger.

Epost: Jane.Westervik@vlfk.no

Helga Vetås

Lærar

Helga har jobba på Manger sidan 1991, er messingblåsar og leier instruksjon/aspirant, lytting, ensemble, valfag, fellestime, ind.time på alle grovmessing. Ped.utdanning med euphonium/tromb frå Bergen Musikkonservatorium med mentor Kim Lofthouse. Spelte baritone, tuba, solo og tutti euphonium i Manger Musikklag frå 1977-2015 og lært mykje av gode dirigentar. Valfag kaldvassbading. 

Epost: Helga.Vetas@vlfk.no

Torstein Aagaard-Nilsen

Lærar

Epost: Torstein.Aagaard-Nilsen@vlfk.no

Bjørn Sagstad

Dirigent

Sagstad er en dirigent med et stort repertoar og sjangerbredde. Hans tro på et lyttende og utforskende lederskap har ført til engasjementer som kunstnerisk leder, gjestedirigent og dirigentlærer i Norden og Europa, Nord-Amerika, Afrika og Asia. Sagstad brenner for utvikling av ny musikk og det å være en sparringspartner for både etablerte og unge komponister. 

Stian Alver-Villanger

Lærar

Stian Villanger er utdanna musikar frå University of Salford i England, der han studerte trommesett med Dave Hassell. Som frilans trommeslager har han jobba i ei rekkje samanhengar, og for tida spelar han fast med Carsten Dyngeland Trio/Kvartett, Ole Amund Gjersvik Trio, Monks Mood m/Knut Kristiansen og Scandinavian Entertainment Service sitt eventorkester.

Epost: Stian.Villanger@vlfk.no

Årsplan 2023/2024

  • 27. august: Skulestart
  • 7. - 16. oktober: Haustferie
  • 16. desember - 2. januar: Juleferie
  • 24. februar - 4. mars: Vinterferie
  • 23. mars - 1. april: Påskeferie
  • 11. mai: Siste skuledag. Avslutningskonsert
  • 12. mai: Heimreisedag

I løpet av skuleåret har vi tre valfagperiodar. Ein på hausten, ein på vinteren og ein på våren. Det er ulike former for musikk, sport, forming, spel, teoretiske fag og andre aktivitetar. Tilbodet varierer for kvar periode alt ettersom kva lærar eller elev som har timane. Det er ulikt frå år til år.

Kreative meg

Kreative aktiviteter med fokus på indre prosessar. Me lagar zentangles, mandalas, draumefangarar m.m.

Piano

Lær deg piano eller få hjelp til å vidareutvikle dugleiken din. Undervisninga er tilpassa ditt nivå.

Storband

Spel storbandmusikk av Leiva og Barnes. Mogleik for å spele eigne arrangement og improvisere.

Konsert-trening

Føregår som “åpen undervisning” der ein spelar for kvarandre, anten ein vil førebu seg til prøvespel eller berre trene seg på å spele for andre.

Sibelius

Få grunnleggjande dugleik i notasjons-programmet Sibelius.

Kammerkor

Har du sangglede og ynskjer å synge i eit mindre vokalensemble og utfordre deg sjølv, så er kammerkoret rette plass.

Sang

Lyst å utvikle stemmen din? Få sangtime med vår sangpedagog.

Speleteknikk

For messingblåsare som ynskjer å jobbe ekstra med korrekt speleteknikk.

Musikkdokumentar

Eit tilbod til elevar som ynskjer å sjå ulike musikkdokumentarar og diskutera innhaldet i desse. Ein får innsyn i ulike genre og blir kjend med korleis ulike artistar påverkar samtida og ettertida si.

Strikking

Her kan du få vera med i ei gruppe som strikker og prater. Me satser på å strikke tøfler som me skal tova i vaskemaskin. Om du vil kan du også få strikka ullsokker, pannebånd og andre varme bruksting.

Yoga

Ein introduksjon til enkel yoga og meditasjon.

Isbading

Ikkje ofte det er is på sjøen her i vest, men me kan lova at det er kaldt i vatnet.

Bootcamp

Gjer kroppen sterkare med sirkeltrening/intervalltrening.

Forming

Kreative aktivitetar som toving, laga t-skjorte, laga sitteunderlag og laga drops.

Leseglede

Ein slags bokklubb for deg som er glad i å lesa bøker (romanar/faglitteratur/tekstar). Her får du moglegheit til å diskutera/samtale kring det du har lest.

Me ventar på deg! Hjå oss på Manger folkehøgskule får du utvikla talentet ditt i lag med andre kreative, musikalske ungdommar og dyktige lærarar. Me lovar deg eit år med musikk frå morgon til kveld. 

Bli med oss og ta musikken din eit steg vidare.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 126 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Reiseforsikring
  • Bruk av idretts- og svømmehall
  • Individuell undervisning på hovudinstrument
  • Studietur: Konsertturné og kultur i brassbandverdas vugge
    • Mat (2 måltider per dag)
    • Reiseforsikring
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 126 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 126 000,-
(12 600,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Skulen har ei rekkje øvingsrom, dei fleste med piano, som er tilgjengelege fram til 22.00 kvar dag. På vår maclab finn du 10 iMac-maskiner med Sibelius noteprogram og EarMaster.

Skulen har også ein del messinginstrument til disposisjon og fullt utstyrt slagverksavdeling, av høg standard.

  • Vi har god erfaring med å tilrettelegga for deg med funksjonsnedsetjing eller kronisk sjukdom som til dømes rullestolbrukarar, svaksynte, høyrslehemma, maga/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret.
  • Vi tilrettelegg for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg
  • Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar, eller lurer på om vi kan tilrettelegga for deg.
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Håvard Liknes

Et fantastisk sted som gjør det mulig å både utvikle og finna seg selv, samt finne venner for livet! Blir varm om hjertet når jeg tenker på Manger!

Håvard Liknes
Asora Humlestøl

Eg lærte mykje og fekk mange nye, gode venna, både på brassbandlinja og dei andre linjene på skolen. Og lærerane der er berre herlige. Eg kunne ikkje drømt om bedre.

Asora Humlestøl
Hanne Abelseth

Mitt år på manger var et flott år som ga meg mange nye venner som jeg fortsatt har kontakt med!

Frå bloggen

- Folkehøgskole er det beste valget jeg har tatt

For Nor var aldri folkehøgskole noe alternativ. Hun skulle studere og rett ut i jobb. Så orket hun ikke mer, og trengte en pause. En ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Klassisk stryk

Toneheim Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

Klassisk treblås

Toneheim Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

Klassisk slagverk

Toneheim Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

Klassisk piano og strenger

Toneheim Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

Direksjon

Toneheim Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

Klassisk messing

Toneheim Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

Komposisjon/Låtskriving

Toneheim Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

Musikk.Friluft

Sunnmøre Folkehøgskule
HeilårskursKristen

Vokal, Band og Låtskrivar

Stord Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Sang

Toneheim Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

Musikk

Sunnhordland folkehøgskule
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt