Ledig plass

I øvingsrommet, på scena og i studio får du skrive, formidle, syngje og dyrke fram ditt uttrykk. Bli med i eit kreativt miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar.

Vi vil utvikla talentet ditt som vokalist: med band, som solist, på scena og i studio. I tett samarbeid med elevane på Band og Musikkproduksjon tar du del i eit kreativt miljø der låtskriving, konsertar og studioinnspeling er ein naturleg del av kvardagen.

Som elev på Artist og låtskrivar arbeider du med å dyrka fram di personlege stemme og ditt uttrykk. Du frontar band, er korist, syng i vokalgruppe og solo. Saman med Band og Musikkproduksjon gjer du studioinnspelingar og konsertar. 

Låtskriving er ein naturleg del av det å uttrykkja seg vokalt og har høg prioritet hjå oss. På Manger går du gjennom heile prosessen frå idé til ferdig produkt i studio og på scena.

For deg som vil skrive, formidle, syngje og dyrke fram ditt uttrykk. Bli med i eit kreativt miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar.

Dette vil du lære

  • Individuelle timar med songpedagog
  • Låtskriving
  • Musikkteori
  • Høyrelære
  • Øvingsmetodar
  • Improvisasjon
  • Musikkteknologi med Logic Pro X

Våre forventninger til deg

Skulen sitt faglege opplegg og timeplan gjer muligheter for høg fagleg aktivitet, men mykje er opp til deg og din interesse, lærelyst og evne til å arbeide målretta og sjølvstendig.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 8 dagar

Måltider pr dag inkludert: 2

Studietur til Los Angeles! Byen er eit mekka innanfor våre fagfelt, og med gode kontaktar i byen ser vi fram til eit solid fagleg opplegg i "The City of Angels". Vi bur på hotell i Hollywood og besøker studio, musikkprodusentar og høyrer musikarar og vokalistar i verdsklasse.

På turen i år hadde vi mellom anna dette på programmet:

  • Masterclass med Wayne Miller i Selma studio, Hollywood. Tema: Vokal produksjon
  • Omvisning i EastWest studios på Sunset boulevard.
  • Masterclass med produsent og låtskrivarduoen Andre Lindal (Justin Bieber, Britney Spears, Maroon 5) og Anthony Preston (David Guetta, will.i.am, Pitbull)
  • Besøk hjå APG Studios

Av konsertar fekk vi med oss:

  • Fleet Foxes
  • Jessie Ware
  • Mark Goldenberg trio
  • ZZ Top
  • Aurora
  • 6LACK

Håvard Matland

Linjeleiar og lærar Band, Vokal, Musikkproduksjon

Epost: Havard.Matland@hfk.no
Telefon: 56348070

Johan Modahl Leiva

Lærar

Epost: Johan.Leiva@hfk.no

Stian Villanger

Lærar

Epost: Stian.Villanger@hfk.no

Silje Louise Spurkeland

Lærar

Epost: Silje.Louise.Spurkeland@hfk.no

Årsplan 2019/2020

  • 25. august: Skulestart
  • 5. oktober - 13. oktober: Haustferie
  • 18. desember - 2. januar: Juleferie
  • 22. februar - 1. mars: Vinterferie
  • 13. april - 20. april: Påskeferie
  • 09. mai: Siste skuledag. Avslutningskonsert
  • 10. mai: Heimreisedag

Du rekk ikkje å bli lei av valfaget ditt; det kan du nemleg velja tre gonger i året. Det er ulike former for sport og friluftsliv, yoga, piano, storband, meir teoretiske fag og sjølvsagt aktivitetar knytta opp til musikk.

Piano

Lær deg piano eller få hjelp til å vidareutvikle dugleiken din. Undervisninga er tilpassa ditt nivå.

Storband

Spel storbandmusikk av Leiva og Barnes. Mogleik for å spele eigne arrangement og improvisere.

Konsert-trening

Føregår som “åpen undervisning” der ein spelar for kvarandre, anten ein vil førebu seg til prøvespel eller berre trene seg på å spele for andre.

Sibelius

Få grunnleggjande dugleik i notasjons-programmet Sibelius.

Improvisasjonsteknikk

For dei som ynskjer å lære seg vokal improvisasjon.

Kammerkor

Har du sangglede og ynskjer å synge i eit mindre vokalensemble og utfordre deg sjølv, så er kammerkoret rette plass.

Sang

Lyst å utvikle stemmen din? Få sangtime med vår sangpedagog.

Speleteknikk

For messingblåsare som ynskjer å jobbe ekstra med korrekt speleteknikk.

Skala

Skalaklasse - lær deg alle dei ulike variasjonane av skala.

Strikking

Her kan du få vera med i ei gruppe som strikker og prater. Me satser på å strikke tøfler som me skal tova i vaskemaskin. Om du vil kan du også få strikka ullsokker, pannebånd og andre varme bruksting.

Yoga

Ein introduksjon til enkel yoga og meditasjon.

"Isbading"

Ikkje ofte det er is på sjøen her i vest, men me kan lova at det er kaldt i vatnet.

Bootcamp

Gjer kroppen sterkare med sirkeltrening/intervalltrening.

Forming

Kreative aktivitetar som toving, laga t-skjorte, laga sitteunderlag og laga drops.

Me ventar på deg! Hjå oss på Manger folkehøgskule får du utvikla talentet ditt i lag med andre kreative, musikalske ungdommar og dyktige lærarar. Me lovar deg eit år med musikk frå morgon til kveld. 

Bli med oss og ta musikken din eit steg vidare.

Linjer ved skulen

Fra kr 116 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Reiseforsikring
  • Bruk av idretts- og svømmehall
  • Individuell undervisning på hovudinstrument
  • Studietur: Los Angeles
    • Mat (2 måltider per dag)
    • Reiseforsikring
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 116 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 116 000,-
(11 600,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

  • To store bandøvingsrom med det som trengs av utstyr.
  • Maclab med 10 iMac'er med Logic Pro X og MIDI keybord.
  • Lydstudio
  • Konsertscene

Rom og utstyr på Manger folkehøgskule.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Hildegunn Muri

For eit år! Manger folkehøgskule, du leverte på høgt nivå!

Hildegunn Muri, elev 2016/2017
Aron Jasperr Lona

Det aller beste er all inspirasjonen man får der. Manger folkehøgskule er fyllt med mennesker som ELSKER musikk! Det er en opplevelse bare å være en del av det.

Aron Jasperr Lona, elev 2016/2017
Anna Solnørdal

Dersom du har lyst nok får du virkelig muligheten til å utvikle deg som musiker her!

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Musikk og VokalLedig plass

Musikk og Vokal

Åsane folkehøgskole - Bergen
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt
StemmebrukLedig plass

Stemmebruk

Solbakken folkehøgskole
Heilårskurs42 t/ukeFrilynt
VOKAL - Kor- og solosangLedig plass

VOKAL - Kor- og solosang

Follo Folkehøgskole
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt
SangLedig plass

Sang

Solbakken folkehøgskole
Heilårskurs42 t/ukeFrilynt
Vokal - London BLedig plass

Vokal - London B

Karmøy Folkehøgskule
Helårskurs B6 t/ukeFrilynt
VoiceLedig plass

Voice

Musikkfolkehøgskolen Viken
Heilårskurs9 t/ukeKristen
VokalLedig plass

Vokal

Trøndertun folkehøgskole
Heilårskurs21 t/ukeFrilynt
SangLedig plass

Sang

Toneheim Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt
Music Live StudioLedig plass

Music Live Studio

Harstad Folkehøgskole
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt
TeaterVenteliste

Teater

Romerike Folkehøgskole
Heilårskurs27 t/ukeFrilynt
Musikk og teaterVenteliste

Musikk og teater

Romerike Folkehøgskole
Heilårskurs27 t/ukeFrilynt
Musikk & Friluftsliv - London & DublinLedig plass

Musikk & Friluftsliv - London & Dublin

Voss folkehøgskule
HeilårskursFrilynt
Musikk - sang/scene/studioKontakt skulen

Musikk - sang/scene/studio

Haugetun Folkehøyskole
Heilårskurs14 t/ukeKristen
Utøvende musikk: Artist/LåtskriverVenteliste

Utøvende musikk: Artist/Låtskriver

Rønningen folkehøgskole
Heilårskurs18 t/ukeKristen
Musikk, dans, drama, Los AngelesVenteliste

Musikk, dans, drama, Los Angeles

Risøy Folkehøyskole
HeilårskursKristen
Folkemusikk og dansLedig plass

Folkemusikk og dans

Setesdal Folkehøgskule
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt
Nordiska Visskolan - sång och scenträning.Ledig plass

Nordiska Visskolan - sång och scenträning.

Nordiska Folkhögskolan
Heilårskurs36 t/ukeFrilynt
Musikk Band VokalLedig plass

Musikk Band Vokal

Sagavoll Folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeKristen
Musikal - BroadwayVenteliste

Musikal - Broadway

Seljord Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt
MusikkproduksjonLedig plass

Musikkproduksjon

Holtekilen Folkehøgskole
HeilårskursKristen
Musikk London New YorkLedig plass

Musikk London New York

Bakketun Folkehøgskole
Heilårskurs17 t/ukeKristen
Sang- Music Live StudioLedig plass

Sang- Music Live Studio

Harstad Folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt
Låtskriving.Studio.NewYorkFullt

Låtskriving.Studio.NewYork

Sunnmøre Folkehøgskule
HeilårskursKristen
Dans/SceneLedig plass

Dans/Scene

Elverum folkehøgskule
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt
Utøvende musikk: VokalVenteliste

Utøvende musikk: Vokal

Rønningen folkehøgskole
HeilårskursKristen
Musikk - New York og IrlandLedig plass

Musikk - New York og Irland

Seljord Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt
Musikkproduksjon & låtskrivingLedig plass

Musikkproduksjon & låtskriving

Skiringssal folkehøyskole
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt