- Hardanger Folkehøgskule
- Telefon: 53 67 14 00
- E-post: kontor@hardanger.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur for linja: CUBA. Internasjonal solidaritet og bacpacking, NEPAL. ISB
- Studietur for skolen: SEGLTUR MED STATSRAAD LEHMKUHL
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Lofthus
- Oppstartsdato: 17.08.2020
- Linjefag: 15 timar/veke
- Pris: fra 131 600,-
Dette er linja for deg som vil forstå meir av verda. Vi har valgt ut turmål, men de er med å forma turane i stor grad. De skal, etter dette året, bli sjølvstendige innan reising og backpacking.
Denne linja skal gi nødvendig kunnskap og opplysning om konflikttemaene i verda. Det er dessverre nok å ta av i vår tid, men vi ser også bakover i tid for å forstå og lære av historien. Samtidig prøver vi gjennom det vi lærer å finna ut kva som i verste fall kan bli dei neste områda for politisk, kulturell eller religiøs konflikt.
Vi vil skapa engasjement hos elevane for befolkningsgrupper som treng vår oppmerksomhet. Vi vil at de skal få nye perspektiv på ting gjennom reisene vi gjer.
Vi må ut i verda for å kunne ta inn alt som foregår, fattigdom, konfliktar og religiøse spørsmål. Derfor blir ein del av opplæringa å reisa til ulike destinasjonar for å sjå og forstå.
Ved å opne opp og forstå vil du få mykje ny kunnskap om internasjonale, politiske spørsmål. Sidan vi brukar «sjå og forstå» - metoden vil det også gi deg ein unik innsikt og bakgrunn for dei spørsmåla/tema vi tar opp. Engasjement og forståing for internasjonale spørsmål er eit viktig signal utad til studieplassar og arbeidsgjevarar.
Du får ei fagleg oppdatering på interesseområdet. Du opplever spennande og interessante forelesarar, besøk i område som har vore herja av krig eller konflikt. Du kan også få oppleva å dra til område som framleis er i konflikt med den spenninga som er knytta til det. Du vil få oppleva storpolitikk når vi besøker organisasjonar eller politiske parti.
Du får og lære om konfliktsaker knytta til bruk av eller mangel på naturressursar, analyserer fiendebilder og fattigdomsproblematikken.