Til hovedinnhold

FRILUFTSLIV MED BACKPACKING

Søk på linja
Ledig plass

EKSPEDISJON og tur i VIETNAM med friluftsliv og backpacking. Tog/buss,snorkling,klatring og rappellering,jungeltur,dykking,vakre solnedgangar,padling,sykling og fjelltur.Bytur,båttur på Mekongelva.

EKSPEDISJON i rolige og trygge former. Dette er ei friluftslinja som passar for alle som likar å vera i aktivitet ute.

Du treng ikkje å vera supersprek for å klara dei aktivitetane eller turane vi legg opp til, men i normal form. Det viktigaste er at du vil og er motivert, så kjem formen etter kvart.

Vi gjer det beste naturen og friluftsliv har å by på i Norge og vi drar til Vietnam.

I Vietnam møter vi sommaren. Eit deilig avbrekk frå vinteren i Norge.Vi blir der i 4 veker for å bli bedre kjent med landet, kulturen og historien. 

 Norge:

Vietnam:

Denne linja passar for alle som likar å vera ute. Enkelt norsk friluftsliv med ein fantastisk tur til Vietnam. Høst: barmark,fjell,fjord og fiske. Vinter: ski og tur til Vietnam. Vår:padling,klatring

Dette vil du lære

  • Å ferdast trygt ute i naturen under dei forhold og aktivitetar vi møter
  • Matlaging på tur
  • Samarbeid gjennom utfordringane vi møter på tur
  • Klare deg sjølv ute i naturen
  • Orientering med kart, kompass og GPS
  • Ulike buformer på tur;  telt, snøhole, gapahuk eller under open himmel
  • Skiteknikk
  • Førstehjelp 
  • Bølgesurfing
  • Kiting
  • Rafting
  • Klatring og rapellering 
  • Miljøvern og klimatrussel
  • Reisekompetanse 
  • Å laga eigne turar 

Våre forventninger til deg

Vi forventar at du har stor motivasjon for å læra og at du er nyskjerrig på alle aktivitetane. At du er aktivt deltakande og har lyst til å vere mykje ute på tur tar vi som ein selvfølge sidan du velger denne linja. Vi forventar også at du er glad i naturen og at du er interessert og kan møta nye kulturar utan fordommar. 

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: Inntil 4 veker

Måltider pr dag inkludert: 2

Friluftsliv drar til Vietnam for å driva sommarfriluftsliv og backpacking i dette fantastiske landet. Du får opplæring i kiting, surfing og SUP-board. Dessutan drar vi på fotturar i fjell og jungel, driv terrengsykling, beachvolley, klatring, padlar kajakk og rapellering. Ein unik tur med opplevingar for livet!

Mui Ne er ein fiskerlandsby på østkysten av Vietnam. Her finn du dei tradisjonelle fiskebåtane og utstyret, men du finn også idylliske sandstrender, praktfulle sanddyner og eit typisk vietnamesisk miljø med enkle hus, street-food restaurantar og små verksemder og butikkar.

Da Lat er ein fantastisk liten småby som vil sjarmera deg med sine små europeisk- prega hus og herlig friskt klima. Det er ein fantastisk plass å driva aktivitetar og å bli kjent med vietnamesisk kultur. Dalat er svært kjent for juving. 

Backpacking-delen vil bli planlagt etter at elevane har starta, men vi har nokre ting som skal med og ting som vi må ta omsyn til. Avhengig av når på året turen går. Vi skal avslutta i Ho Chi Min-byen. Ho Chi Min-byen er mangfoldig på alle måtar. Frå dei livlege gatene med all sin trafikk, marknadane som sel alt mogleg ting og tang, gatematen og den djupt forankar historien. Vietnam har regntid på ulike tider i landet, så det styrer litt av kor og når vi kan reisa.

Sjekk ut kor vi skal bu på https://www.namchauresort.com/

For nokre aktivitetar: 

Sjekk ut: 

https://www.youtube.com/channel/UComynAkBFPYDU3Tm5WNICuQ 

https://www.facebook.com/Sourcekite/ 

 

 

DYRDAL - der ingen skulle tru at nokon kunne bu!

Pris: 500

Dyrdal er ein fråflytta plass i Nærøyfjorden. No er det ein fastbuande att der og han samarbeider vi med. Det er ikkje mogleg å koma seg dit med bil eller til fots, kun via båt. Vi kan ta turistbåten frå Gudvangen, bli henta av fritidsbåt eller padle frå Gudvangen til Dyrdal. I Dyrdal hjelper vi Arild med forefallande gårdsarbeid og vi driv viktig kulturarbeid for Nærøyfjorden Verdsarvsenter som t.d. stirydding, merking m.m. 

Vi bur i telt eller i ein renovert skulebygning. 

Ei normal skuleveka vil vera slik:

  • MÅNDAG -   Linjefag
  • TYSDAG -    Linjefag
  • ONSDAG -   Linjefag
  • TORSDAG -  Valfag
  • FREDAG -    Fellesfag, valfag og internatvask
  • LAURDAG - Seminar
  • SUNDAG -   Fri

På årsplanen vil dei "normale" vekene vera i fleirtal, men vi legg inn besøk frå ulike organisasjonar, t.d. FN-sambandet, Røde Kors og Amnesty. Turar, aktivitetsdagar, prosjekt ligg også i timeplanen.

SKULEÅRET:

  • Skulestart midten av august 
  • Valgfri fottur på Hardangervidda, 2 dagar
  • Verdensarvprosjekt før haustferien
  • Veke 40 haustferie
  • Miljøprosjekt - ila hausten
  • Kulturprosjekt - ila hausten
  • Juleferie ca. 20.desember
  • Skulestart andre semester ca. 4-5. januar
  • Showprosjekt felles ila vinteren
  • Vinterferie
  • Reiseperiode til utlandet
  • PÅSKEFERIE
  • Vinterfjellveka - ski på Hovden fjellstoge
  • Avslutning ca. 10. mai

 

Du kan velgja ni ulike valfag.Tilbodet varierer frå år til år i fht til kva lærarkrefter vi har tilgjengeleg.
Store klassikarar - film
Yoga
Besøk Dyrdal, verdsarvstaden Nærøyfjorden
Friluftsliv
Fotball
Volleyball
Hund
Skyting - miniatyrbane
Bokbinding
Utetrening
Basketball
Praktisk arbeid
m.m.

Årbok/minnealbum

Lag skulen sitt minnealbum! Skriv tekstar, ta bilete og utforme det grafiske designet.

Bålprat

Vi lagar bål og tar den tunge praten om dei store emna rundt bålet.

Blodslit

Dette er eit valfag som sit krav til viljestyrke og gjennomføringsevne. Knallhard trening utendørs. Intervallar, bakkeløp, spenst og smidighet.

Dans

Salsa og samba

Diskusjonsforum

Dungeons and Dragons

Film - klassikarar

Filmklubb Dokumentar

Ikkje alle sider ved verda er like gode. Mange gode filmar er lagd for å kritisere dårlege/negative sider ved samfunnet i håp om å vekkje og engasjere. Vi vil vise fleire slike filmar og diskuterer det som er gjenstand for kritikken, trigge kvarandres haldningar og stille spørsmål. Døme på filmar: Supersize me, Bloody Sunday, The constant gardener, Sicko, Bowling for Columbine, m.fl.

Fotball

Fotball for dei som har spelt før. Grunnteknikk, samspel, individuelle og relasjonelle øvelsar. Fotball er moro, og skal vera moro. Det fokuserer vi på. Spel - mykje spel!

Friluftsliv

Frivillig arbeid

Førstehjelp

Lær deg basic førstehjelp.

Geriljabroderi

Sømfag. Vi syr ulike slagord, korte dikt, etc

Go Green

Valgfag med fokus på miljø og bærekraft

Idrett

Her vil du få boltre deg i ulike idrettar. Du får ulike ballspel som volleyball, basket, innebandy, slåball, og andre idrettar som klatring/buldring, symjing, styrketrening, leik, aking eller ski/alpint.

Improteater

Teater og sketsjar uten manus

Innebandy

Isbading

Vi badar i fjorden i den kaldaste tida på året. Oppvarming, bading, og retur til skulen.

Klatring

I hovudsak innandørs klatring i klatrevegg.

Knivlaging

Elevane får laga sin eigen kniv

Kondisjon og styrke

Ein time med styrketrening og evt. spinning på det nye og godt utrusta treningssenteret på Lofthus. Spinningen vil vere på nybyrjarnivå og utfordre både kondisjon og styrke. Fengjande musikk, variert tempo, mykje svetting og slit, -og tjohei for ein form du kjem i! Godt for kropp og sjel. Det vert ei økt i for- og etterkant med oppvarming og uttøying.

Kreativ verkstad

Her får du lære ulike teknikkar for å lage fine ting til deg sjølv eller julegåver. Vi strikker plagg vi etterpå kan lære å tove, t.d. tøflar, vottar, vesker eller hattar. Vi syr buff/panneband, du kan få lære nålefilting, male på glas, eller lage armband av ulike materiale.

Litteratur

Vi leser og diskuterer bøker

LUDO - vi leker!

Mat på bål

Vi er ute og lærar laga enkle matrettar på bålet

Meditasjon

Lær deg teknikken å meditere.

Musikklytting og plateprat

Natt i naturen

To- dagars valfag der vi går ut og har eit døgn i naturen

Overnattingstur på Hardangervidda

Pris: 800,-

Vi brukar to dagar på Hardangervidda. Turen går til Sandhaug. Der får vi gode senger og tre-rettars middag når vi kjem fram. 2-dagars valfag

Presentasjonsteknikk

Lær deg å lage og framføre dine presentasjoner på ein trygg måte

Sjakk

Lær deg kunsten å spela sjakk. Kampar og turneringar

Ski

Pris: 1 100,-

Vi drar til skisenter og køyrer på ski, evt. går tur for dei som vil det. To-dagars valfag

Skikk og bruk

Gamle gode skikkar. Nokon er kanskje i bruk framleis, Nokon burde vore det. Nokon har vi heilt glømt betydningen av.

SKINN OG LÆRARBEID

Elevane får lage lommebøker, etui, små vesker, belter, osv

Skriveverkstad

Skyting

Bli bedre skyttar, eller lær deg skyting. Vi brukar innandørs skytehall og skyter med 22 kal.salongrifler. 15 meter bane på elektroniske blinkar.

Strandhogg på ein annan folkehøgskule

Vi fyller minibussen og drar på besøk til ein annan folkehøgskule nokre dagar. 2-dagars valfag

Strikking

Opplæring i strikking. Evt. hjelp til å strikke det plagget du alltid har ynskt å strikke.

Toving

Vi lagar tøflar eller vottar i ull

Trolltunga

Pris: 400,-

To-dagars tur til Trolltunga. Overnatting i telt.

TUR TIL DYRDAL

Vi drar til den veglause og fråflytta grenda Dyrdal i Sognefjorden. 3-4 dagars valfag

Ut på tur!

Ikkje alle elevane får like stor glede av å være ute i naturen i løpet av linjetida.I dette valfaget får ein ta del i deler av dei aktivitetane som foregår på friluftslivlinja.

Veien vidare

Kva skal du bli? Korleis kan du planlegge veien vidare etter folkehøgskuleåret?

VIKTIG OM VALFAG!

For det meste praktiske valfag!

Volleyball

Spill i 4.divisjon, damer og herrer. Teknikk, taktikk, samspill. Spenst- og styrketrening.

  • SØK FRÅ 1.NOVEMBER 2020!
  • Frilynt folkehøgskule.
  • Vi legg vekt på å skape eit godt, trygt og inkluderande miljø.
  • Trivsel for alle er ein nøkkelfaktor.
  • Mange aktivitetar.
  • Det meste av undervisninga er praktisk.
  • Du skal få utvikle samarbeidsevne, toleranse og lære å ta ansvar for eiga utvikling.
  • Godt sosialt miljø.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 123 250,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: tremannsrom eller dobbeltrom)
  • Linjeturar
  • Bad på gangen
  • Mat og rom
  • Årbok
  • ISIC Studiebevis
  • WIFI
  • Vaskemaskin
  • Sangbok
  • Studietur: VIETNAM.
    • Mat (2 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 123 250,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 123 250,-
(12 325,- per måned)
Du betaler eit høgare beløp med forfall 1.september og i januar sidan utbetalinga frå Lånekassen er høgare då. Dei andre månadane vert også tilpassa Lånekassen sine utbetalingssatsar.
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Noen ekstra måltider på studietur VIETNAM. (2 måltider per dag er inkludert)
  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Alternativ mat (allergi, intoleranse etc.) om du har behov for dette. Ta kontakt med skolen for mer informasjon.
  • Utstyr til linjen (se Utstyr til linjen nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Internatet vert stengt kl. 18.00 siste skuledag før feriar. Internatet er ope att frå kl. 17.00 etter alle feriar.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret får du låne av skolen

Telt, primus, kokeutstyr, pulk, søkestenger, snøspader, isøks,  vindsekk, hodelykt 

Vi har også moglegheit til å leige inn det utstyr som kvar elev treng slik at du ikkje treng å kjøpa.

 

Dette utstyret må du stille med selv

  • klær og sko til friluftsliv
  • fjellski med feller
  • kartmappe og kompass
  • min 80 l sekk
  • ullundertøy
  • noko klatreutstyr (sjå tilsendt utstyrsliste)
  • solbriller og skibriller
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Tidligere folkehøgskoleelev i TV2-programmet Glow Up

Emma Louise Orskaug hadde akkurat fullført året med cosplay på Hardanger folkehøgskule da hun ble plukket ut som deltager til TV2-programmet Glow Up. I høst ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2021/2022

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Seiling

Fosen folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv - oppdrag Norge

Hallingdal Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Explore Norge

Molde Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Friluftsliv: Kyst & fjell

Bømlo Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Vann & Villmark

Folkehøgskolen Nord-Norge
Ledig plass
Heilårskurs24 t/ukeKristen

Mountain Rescue - Alpene

Valdres folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Natur

Seljord Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

FIT -Friluftsliv Idrett Trening

Møre Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Fjellsport og Kajakk

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeFrilynt

Fjord, fjell og friskliv!

Stord Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Topptur New Zealand

Molde Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Fjell & ekspedisjon

Lofoten folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt