Til hovedinnhold

FRILUFTSLIV - HARDANGER OG VIETNAM

Søk på linja
Ledig plass

Friluftsliv som passar for alle. Vi brukar naturen i Hardanger, fjella, fjorden og vidda til fotturar og fiske og ski. Tur til Vietnam for opplæring i ulike vannsporter, terrengsykling, klatring m.m.

Vi legg vekt på at det skal vera eit friluftsliv som alle kan klara så lenge du er i normalt god form. Vi har verdens beste klasserom utanfor døra og brukar det til både lange og korte turar. Hardangervidda og Hardangerfjorden blir flittig brukt. Vi har ein stor ro-/seilbåt kor vi får plass til heile klassen. Med den kan vi ta turar på den nydelege fjorden like ved skulen. Fjorden kan også brukast til kajakkpadling. Vi har tilgang på klatreveggar inne og buldring og to stk Via Ferrata. I Hardanger fins det fleire fjelltoppar for topptur med panoramautsikt mot fjord og bre. Hardangervidda inviterer til flotte fotturar og fjellskiturar frå hytte til hytte, iglobygging, fiske og vintertelting. I den kaldaste årstida drar vi til Vietnam og har sommarfriluftsliv i Mui Ne og Da Lat. Der fins eit paradis for surfing, SUP og annan vannsport. Vi har lagt inn kurs i både kiting, surfing og SUP til deg. Vi drar på jungeltur, fjelltur, syklar og rapellerer i Da Lat. Hos oss får du altså friluftsliv gjennom 4 årstider.

Haust -/vinterfriluftsliv får vi rikeleg av i Hardanger og Sør-Norge forøvrig. Det same gjeld vårfriluftsliv. Sommarfriluftsliv får vi i Vietnam.

 

 

Denne linja passar for alle som likar å vera ute. Enkelt norsk friluftsliv med ein fantastisk tur til Vietnam. Høst: barmark,fjell,fjord og fiske. Vinter: ski og tur til Vietnam. Vår:padling,klatring

Dette vil du lære

  • Å ferdast trygt ute i naturen under dei forhold og aktivitetar vi møter
  • Matlaging på tur
  • Samarbeid gjennom utfordringane vi møter på tur
  • Klare deg sjølv ute i naturen
  • Orientering med kart, kompass og GPS
  • Ulike buformer på tur;  telt, snøhole, gapahuk eller under open himmel
  • Skiteknikk
  • Førstehjelp 
  • Bølgesurfing
  • Kiting
  • SUP
  • Klatring og rapellering

Våre forventninger til deg

Vi forventar at du har stor motivasjon for å læra og at du er nyskjerrig på alle aktivitetane. At du er aktivt deltakande og har lyst til å vere mykje ute på tur

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 12 døgn

Måltider pr dag inkludert: 2

Friluftsliv drar til Vietnam for å driva sommarfriluftsliv midt på vinteren. Du får opplæring i kiting, surfing og SUP-board. Dessutan drar vi på fotturar i fjell og jungel, driv terrengsykling, beachvolley, klatring og rapellering. Ein unik tur med opplevingar for livet!

Sjekk ut kor vi skal bu på https://www.sourcekiteboarding.com/

 

Fellesturane skal fungera som hyggelege sosiale turar for alle elevar, samtidig blir det lagt inn spennande aktivitetar og faglege tema.

Obligatorisk: Ja

Pris: 10 000

Varighet: 5 døgn

Måltider pr dag inkludert: 3

Vi seglar frå Bergen til Kirkwall og lærer om seglskuta, om segling, om knutar, klatrar i riggen og pakkar og set ut segl. Vi overnatter i hengekøyer under dekk og går vakter på dekk etter tur. Du får også lære å styra skuta. 

To overnattingar ombord kvar veg og ei overnatting når vi ligg i land. 

Mads Orheim Hansen

Lærar i Friluftsliv

Mads har si utdanning frå Høgskulen i Sogndal der han har studert både Idrett og Friluftsliv opp til masternivå. Han er ein ivrig klatrar og driv også med både stisykling og telemark/randonnè. Han hiver seg ivrig med på både volleyball og innebandy og lagar morosame quizzar for elevane. Aller best rives Mads ute i det fri. 

Epost: mads.orheim.hansen@hardanger.fhs.no

Ei "normal" skuleveka vil vera slik:

  • MÅNDAG - Linjefag
  • TYSDAG - Linjefag
  • ONSDAG - Linjefag
  • TORSDAG - Valfrie fag ( valfag )
  • FREDAG - Fellesfag og valfag
  • LAURDAG - Seminar
  • SUNDAG - Fri

På årsplanen vil dei "normale" vekene vera i fleirtal, men vi legg inn besøk frå ulike organisasjonar, t.d. FN-sambandet, Røde Kors og Amnesty. Turar, aktivitetsdagar, prosjekt ligg også i timeplanen.

SKULEÅRET 2019/20; 

  • 18. august skulestart
  • Veke 36 linjeveka/linjetur
  • Veke 40 haustferie
  • Veke 43 og 44 linjeveka/linjetur
  • Veke 47 kulturprosjekt felles
  • ca.17. desember juleferie
  • 3.januar skulestart
  • Veke 8/9 vinterferie
  • Veke 10 musikkprosjekt felles 
  • Veke 11-12 linjeveka/linjetur
  • PÅSKEFERIE
  • Veke 15 Linjeveka
  • Veke 17 fellestur med Statsraad Lehmkuhl, 6 dagar
  • 9. mai avslutning

 

Du kan velgja ni ulike valfag.Tilbodet varierer frå år til år i fht til kva lærarkrefter vi har tilgjengeleg.
Sjå over.

Årbok/minnealbum

Lag skulen sitt minnealbum! Skriv tekstar, ta bilete og utforme det grafiske designet.

Baking

Digitalt foto

Fotografering med digitale fotoapparat, lagring, redigering, m.m.

Diskusjonsforum

Film - klassikarar

Filmklubb Dokumentar

Ikkje alle sider ved verda er like gode. Mange gode filmar er lagd for å kritisere dårlege/negative sider ved samfunnet i håp om å vekkje og engasjere. Vi vil vise fleire slike filmar og diskuterer det som er gjenstand for kritikken, trigge kvarandres haldningar og stille spørsmål. Døme på filmar: Supersize me, Bloody Sunday, The constant gardener, Sicko, Bowling for Columbine, m.fl.

Fotball

Fotball for dei som har spelt før. Grunnteknikk, samspel, individuelle og relasjonelle øvelsar. Fotball er moro, og skal vera moro. Det fokuserer vi på. Spel - mykje spel!

Friluftsliv

GPS/orientering

Hundeliv!

Hos oss kan du lære meir om din eigen hund, hundeadferd,lydighet, agility, blodspor, mm.

Idrett

Her vil du få boltre deg i ulike idrettar. Du får ulike ballspel som volleyball, basket, innebandy, slåball, og andre idrettar som klatring/buldring, symjing, styrketrening, leik, aking eller ski/alpint.

Innebandy

Kickboksing og styrketrening

Klatring

I hovudsak innandørs klatring i klatrevegg.

Kondisjon og styrke

Ein time med styrketrening og evt. spinning på det nye og godt utrusta treningssenteret på Lofthus. Spinningen vil vere på nybyrjarnivå og utfordre både kondisjon og styrke. Fengjande musikk, variert tempo, mykje svetting og slit, -og tjohei for ein form du kjem i! Godt for kropp og sjel. Det vert ei økt i for- og etterkant med oppvarming og uttøying.

Kreativ verkstad

Her får du lære ulike teknikkar for å lage fine ting til deg sjølv eller julegåver. Vi strikker plagg vi etterpå kan lære å tove, t.d. tøflar, vottar, vesker eller hattar. Vi syr buff/panneband, du kan få lære nålefilting, male på glas, eller lage armband av ulike materiale.

LUDO - vi leker!

Meditiasjon

Minimusikal

Musikklytting og plateprat

Psykologi

Skriveverkstad

Skyting

Bli bedre skyttar, eller lær deg skyting. Vi brukar innandørs skytehall og skyter med 22 kal.salongrifler. 15 meter bane på elektroniske blinkar.

Spansk

Strikking

Opplæring i strikking. Evt. hjelp til å strikke det plagget du alltid har ynskt å strikke.

Tips&Triks i naturen

Ut på tur!

Ikkje alle elevane får like stor glede av å være ute i naturen i løpet av linjetida.I dette valfaget får ein ta del i deler av dei aktivitetane som foregår på friluftslivlinja.

Utenriks

VIKTIG OM VALFAG!

For det meste praktiske valfag!

Volleyball

Spill i 4.divisjon, damer og herrer. Teknikk, taktikk, samspill. Spenst- og styrketrening.

Yoga

Hardanger Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule for ungdom. Vi legg vekt på å skape eit godt,trygt og inkluderande miljø som alle skal kunne trivast i. Vi tilbyr ei mengd aktivitetar og det meste av undervisninga er praktisk. Du skal få utvikle samarbeidsevne, toleranse for andre, mot til å møte livet, og lære å ta ansvar for eiga utvikling

Linjer ved skulen

Fra kr 126 600,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Studietur: SEGLTUR MED STATSRAAD LEHMKUHL
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: VIETNAM. Linjetur for friluftsliv
    • Mat (2 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 126 600,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 126 600,-
(12 660,- per måned)
Du betaler eit høgare beløp med forfall 1.september og i januar sidan utbetalinga frå Lånekassen er høgare då. Dei andre månadane vert også tilpassa Lånekassen sine utbetalingssatsar.
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Noen ekstra måltider på studietur VIETNAM. Linjetur for friluftsliv (2 måltider per dag er inkludert)
  • Alternativ mat (glutenfri, melkefri, vegan etc) om du har behov for dette. Ta kontakt med skolen for mer informasjon.
  • Utstyr til linjen (se Utstyr til linjen nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Internatet vert stengt kl. 18.00 siste skuledag før feriar. Internatet er ope att frå kl. 17.00 etter alle feriar.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret får du låne av skolen

  • telt
  • kokeutstyr
  • søkestenger
  • pulkar
  • kart
  • vindsekk/fjellduk
  • hodelykt

Dette utstyret må du stille med selv

  • klær og sko til friluftsliv
  • fjellski
  • kartmappe og kompass
  • min 80 l sekk
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Friluftsliv / KRIK

Nordfjord folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv / Norske eventyr

Nordfjord folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv Noreg

Sogndal folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Friluftsliv New Zealand

Molde Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Sport & villmark: France, Svalbard, Tenerife

Ringebu Folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Friluft - Basic

Folkehøgskolen Sørlandet
Ledig plass
HeilårskursKristen

Sjølberging

Fosen folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv - oppdrag Norge

Hallingdal Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Nordkalotten - Svalbard

Folkehøgskolen 69° Nord
Ledig plass
HeilårskursKristen

FIT -Friluftsliv Idrett Trening, Thailand (4 uker)

Møre Folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Idrett & Friluftsliv - Tirol, Dolomittene

Voss folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Arktis - Svalbard

Alta folkehøgskole
Venteliste
HeilårskursKristen