
- Hardanger Folkehøgskule
- Telefon: 53 67 14 00
- E-post: kontor@hardanger.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur for linja: Costa Rica
- Studietur for skulen: Hovden i Setesdal, Sandhaug på Hardangervidda
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Lofthus
- Oppstartsdato: 20.08.2023
- Linjefag: 15 timar/veke
- Pris: fra 143 903,-
- Følg linja på Instagram
- Følg linja på Youtube
EKSPEDISJONAR I NORGE og COSTA RICA. Padle packraft, elv, ski, fjell og fjord, telting, Hardangervidda, fiske, hengekøye, snorkling, dykking, klatring, rappellering, fallskjerm, sykling og fjelltur.
Friluftsliv, Backpacking og Ekstremsport er tradisjonelt norsk friluftsliv i moderne rammer! Dette passar for alle som likar å vera i aktivitet ute og som ønsker å utfordre seg sjølv.
Du treng ikkje å vera supersprek for å klara dei aktivitetane eller turane vi legg opp til, men i normal form. Det viktigaste er at du vil og er motivert, så kjem formen etter kvart.
Kan du tenke deg å padle fra vatn til vatn igjennom vassdrag på Hardangervidda og fiske ørret på over kiloen? Vi gjer det beste naturen og friluftsliv har å by på i Norge; fjellturar, fiske, klatring, packraft og elvepadling, telting, skiturar med og uten pulk, bål, bretur, førstehjelp, våttkortkurs, mm.
...og på seinvinteren tar vi pause fra snøen og reiser til sommaren i Costa Rica!
Norge:
- Trolltunga
- Via ferrata
- Tandem fallskjerm
- Strikkhopp
- Kryssing av Hardangervidda på ski
- Hardangervidda med packraft
- Tur i skog og på fjell, høst og vinter
- Overnatting i hytte, telt og gapahuk
- Matlaging i naturen
- Klatring og brattkortkurs
- Elvepadling og våttkortkurs
- Rotur og padling på fjorden
- Alpint, off-piste, telemark, snowboard
- Toppturar i Hardanger
- Brevandring
- Moglegheit for småviltjakt
Costa Rica:
- Surfing
- Snorkling i krystallklart vatn
- Rafting
- Klatring og rappellering
- Jungeltur
- Stisykling
- Padling
- Fjell
- Byvandring
- Zip-line-tur og Hanging Bridges
Vi har tilgang på klatreveggar og buldring inne og tre stk Via Ferrata i nærleiken. Hardangervidda inviterer til flotte fotturar og skiturar frå hytte til hytte. Forbehold om endringar i programmet.