Til hovedinnhold

MOVEMENT X - Modern Circus|Performing Arts -Europe

Søk på linja
Kontakt skolen

Tren hardt, bli sterkare, fleksibel, meir teknisk, lær deg en flikk-flakk, bli sterkare på scenen. MOVEMENT X er ei fysisk og allsidig nysirkuslinje, der du får utfordra deg på mange plan.

Nysirkus - den einaste i Norge!

Mange trur at sirkus berre er for dei spesielt interesserte, men det er óg like aktuelt for deg som likar f.eks parcour, turn og dansing. Vår erfaring er at elevar som ikkje har drive med dette før, blir like fasinerte og "hekta" som dei som er meir erfarne før dei kjem til Fjordane. Kombinasjonen av å vere i god fysisk form, få kroppskontroll og det å meistre ulike sirkusdisiplinar, blir ein stor inspirasjon som ein tek med seg vidare i livet (school for life). MOVEMENT X på Fjordane er den einaste staden i Norge der ein kan drive med sirkus eit heilt skuleår på heltid - utan eksamen!

Springbrett til vidare studier i utlandet

Kvart år er det nokre elevar som fortsetje sin utdanning på sirkushøgskular i utlandet. Andre hoppar rett ut i arbeid med sirkus i ein eller anna form, og for mange blir sirkus ein spenstig hobby som dei tek med seg vidare i livet.

Utanlandstur

Europa
Kvart år drar linja på eit spennande studiebesøk ved ein sirkusskule i utlandet. Det varierar litt frå år til år kva turen går. 7-10 dagar.

Sri-Lanka / Asia
Fellestur med hele skulen. Dette er ein ekstra moglegheit for dei som ønskar det. Her har linja mellom anna opptrådt på barneheimar og laga sjongleringsballar til borna som bur der.

Annleis og inspirerande

Tør du å ta sjansen på å utfordre deg sjølv i å prøve ut og lære nye ferdighetier, likar du å bruke kroppen din og samtidig presse deg sjølv litt ut i det ukjente? Søk på MOVEMENT X no!


Meir info: fjordane.fhs.no

Nybegynnere - viderekomne

Dette vil du lære

Utvalg;

  • Akrobatikk: trampoline, golvakro, luftakro, cyrhjul, Teeterboard
  • Balanse: håndstående, tight wire, slack rope, einhjulssykkel, rolla-bolla.
  • Sjonglering: Baller, kjegler, diabolo ++
  • Scenekunst: drama/teater, presentasjoner, opptredener, forestillingsarbeid
  • Styrketrening 
  • Bevegelighetstrening
  • Rigging

Vi tar også inn gjestelærere periodevis for spesialisering i visse emner/disipliner

Våre forventninger til deg

Vi stiller ingen krav til forkunnskap eller tidlegare erfaring med sirkusdisiplinar, men vi forventar at du er motivert for å lære nye ting og å trene. Du bør vere over 18 år

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

For motivasjon og nye impulsar reiser sirkusklassen på ein årleg utanlandstur i 7-10 dager. Formålet er som hovedregel et studiebesøk til en annen sirkusskole i Europa hvor vi møter andre sirkusartistar og knyter kontakter. Vi ønsker å oppleve mangfaldet av sirkuskulturen som ein finn i Europa. 

Skuleturen til Nysirkus er inkludert i skulepengane. Den står fast på programmet i vårsemesteret, og destinasjonen varierar frå år til år. Dei siste åra har vi vore i London, Stockholm, Rotterdam og København. Vi har vore gjestar både på Dans- och Sirkshögskolan, Codarts, AFUK og Chapitô, for å nemne nokre.

Formålet med turen er i første rekke å få fagleg inspirasjon og påfyll. Vi reiser heim med ny motivasjon og lærdom, etter å ha fått møte andre med samme interesse og eit større fagmiljø innan nysirkusverda.

I tillegg til at du skal få utvikle deg fagleg, er det sjølvsagt eit viktig poeng at vi skal ha ein kjekk klassetur saman. Vi har mange fine sosiale opplevingar saman, ser gjerne et sirkusshow eller to og utforskar byens kultur og sjåverdigheiter.

Fellestur til Sri Lanka

Obligatorisk: Nei

Pris: 20 000

Måltider pr dag inkludert: 3

Sri Lanka

Fellesturen vår går til Sri Lanka i januar. Dersom du har lyst på ein eksotisk tur, med opplevingar utanom dei vanlege turistreisemåla, anbefaler vi deg å nytte deg av denne moglegheita. Dette er ein variert og innhaldsrik tur, som er spekka med høgdepunkt frå start til slutt!

Spennande og samansett

Her får du oppleve kultur, besøke ein barneheim, sjå og smake på te som landet produserer, safari i jungelen, elefantar og andre eksotiske dyr, tempel, tuk-tuk, varmt og deilig klima, tropiske frukter, sterk og spennande mat, rafting, togtur gjennom vakker natur, vi besøker fleire ting som står på UNESCO si verdsarvliste og vakre strender, for å nemne noko. Sri Lanka var ramma av krig i 30 år, og det er berre 10 år sidan det vart fred i landet. No er det eit fredelig land, og innbyggarane er imøtekommande og vennlege.

Gje noko tilbake

Barneheimsbesøket er eit viktig høgdepunkt på turen. Her får vi treffe barn som må klare seg med veldig lite, og som setter stor pris på at vi kjem. Vi lagar ein aktivitetsdag for dei, og dette er ein fin plattform for dei gode møta mellom menneske. Det er ei god kjensle å kunne gje noko til nokon som treng det og set pris på det.

Vakre strender og surf

Sri Lanka har ein vakker og frodig natur, med nokre perler av nokre strender! Det er deilige sandstrender, med nydeleg badetemperatur i havet. Dersom du er nysgjerrig på å surfe, kan Sri Lanka freiste med nokre fantastiske surfeplassar.

Surf | Yoga | Hiking - Overnattingstur, Hoddevik

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

I starten av skuleåret reiser vi på ein "bli kjent-tur" til vakre Hoddevika. Dette eineståande surfeparadiset ligg berre ein liten time i bil unna skulen vår. Alle som vil, får prøve seg på surfebrettet, noko som er ei fantastisk oppleving enten du er heilt fersk eller er meir dreven på bølgene. Dersom du er glad i å gå på tur, byr Hoddevika også på fleire flotte turopplevingar i fjella som ligg rundt. Vi tar turen opp til toppar med fantastisk panoramautsikt! Ellers kan du gle deg til mange kjekke aktivitetar ilag med resten av gjengen, og til å avslutte dagen rundt bålet på stranda.

Vintertur til Stigedalen

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

Turen til Stigedalen er spekka med kjekke snøaktivitetar. Her er det langrennsløyper rett utanfor døra, akebakkar, grillhytte og fine forhold for mykje moro. Heile skulen er med på denne overnattingsturen, og det foregår mykje sosialt både ute og inne. Vi akar, har snø-rugby, lagar snøskulpturar, grillar, går på ski, har talentkonkurranse, quiz, spelar spel, ser på film og et god mat. 

  • Skulestart 24.08.
  • Bli kjent tur med overnatting
  • Eidamesse, vikingleir, frihelg 14.09-16.09
  • Sept: Fellestur til Krokpollen
  • Haustferie 04.10 kl.13 - 13.10.
  • Blåtur
  • Frihelg 09.11 t/m 10.11 
  • Des.: Juleverkstad, «Jul i Stallen»
  • Juleferie 20.12.kl.13 - 05.01.
  • Jan.: Annerledesveke
  • Fellestur til Sri Lanka
  • Feb.: Fellestur til Stigedalen
  • Vinterferie 14.02. kl.13 - 23.02.
  • Mars/april:Linjeturar utlandet
  • Påskeferie f.o.m. 03.04 kl.13 - 14.04.
  • April: Fellestur med surfing, fjelltur m.m.
  • Avslutting 09.05.
  • Avreise 10.05.

Du må ha minst 2 valfag, men kan velge så mange som du vil. Valfaga varierer i lengde frå 1-2 timar pr. veke.

Aerobic

Ein veldig kjekk måte å komme i bedre form på! Her kan alle som vil bli med og svette litt.

Årbok

Her skal du vere med å lage ei "minnebok" for kullet ditt som alle elvane kan ta med seg når skuleåret er slutt.

Band

Bli med i skulen sitt elevband! Dersom du er musikkinteressert, eller vil lære meir om å spele eit instrument er dette valfaget for deg.

Blankvåpen

Trening i bruk av øks, sverd og skjold med meir.

Elevstyrte valfag

Mange av studentane våre er ressurssterke på område som gjer at dei kan brukast som leiarar og lærarar for andre studentar på skulen. Dette kallar vi elevstyrte valfag eller elevstyrte aktivitetar. Dette veit vi først meir om når studentane kjem til oss.

Filmkveld

Vi viser filmar i ulike sjangrar på storskjerm ein fast kveld i veka.

Foto

Vi jobbar med motiv, bearbeiding og framkalling i tradisjonell form.

Fysisk trening

Valfag der du kan trene deg i form.

Gitar

Grunnopplæring basert på rock og visesang.

Glassarbeid

Du får lage mindre ting av glass som f.eks smykker og pyntegjenstandar. Glasset blir smelta i omnar og er eit populært materiale å jobbe med.

Hest

For deg som ikkje har Hest som linjefag. Er midt i blinken for deg om du går på Vikingliv til dømes.

Klatring

Her lærer du å klatre i ein innandørs klatrevegg, som ligg i nærleiken av skulen.

Kunst

For deg som ikkje har kunst som linjefag. Her får du prøve deg i ulike kunstsjangrar som teikning, keramikk, glassarbeid og maling.

Lokale lag og organisasjonar

Finn du ut at du vil vere med i ein lokal organisasjon utafor skulen, hjelper vi deg med å skaffe deg "innpass". Du finn mykje informasjon om lokale lag og organisasjonar på denne adressa www.eidaportalen.no

PR

Her kan du vere med på å jobbe med skulen sitt PR-arbeid, gjennom film og sosiale medier.

Prosjekthest

For deg med eigen hest som vil ha litt ekstra hjelp. Her er det hesten som står i fokus i valfaget. Det kan vere innriding, innkøyring, lasting, longering, handtering fra bakken osb.

Salmaker

Du får opplæring i arbeid med lær, du kan for eksempel sy din egen grime, belte, hundehalsbånd. Du kan også reparere ditt eget utstyr.

Sirkus

Eit fysisk valfag, der du får prøve mange forskjellige sirkusdisiplinar. Her får du mellom anna trent koordinasjon, reaksjonsevne, balanse og styrke.

Sprangriding

For deg som går på hestelinjen og vil jobbe litt mer med sprangridningen, i første omgang de som har egen hest med seg, men vi prøver og å gjøre det mulig for de som bruker skulehest.

Strikking

Aldri tatt i eit par pinnar før, eller er du avansert strikkeguru? Dette er timen de treffast og utfører mirakel med pinnar og garn, samtidig som det er veldig sosialt.

Styrketrening

Dette valfaget er supert å få med seg uansett kva linje du går på! Det er godt for alle å få styrka muskulaturen i kroppen.

Svømming/bading

25 m basseng til disposisjon for div. aktivitetar og avsluttande badstue.

Teater

Improvisasjon, teatersport, standup og lage ditt eige skodespel er noko av det du får vere med på her.

Tømmekjøring

Her får du jobba hesten frå bakken både ved å tømmelongere og gjere ulike dressurøvingar. Du kan vere med uavhengig av kva forkunnskap du har.

Volleyball

Er hovudsakleg i idrettshall med volleyballnett, men har også moglegheit for beachvolley om det er eigna vêr og interesse for det.

Voltige

Turning på hesteryggen.

Yoga

Kom i kontakt med både kropp og sinn, gjennom yoga. Her jobbar du med øvingar som gjer deg smidigare samtidig som du finn din indre ro.

På Fjordane finn du den kanskje mest unike linjesamansetninga blant folkehøgskulane. Landets einaste Nysirkuslinje, ei Vikinglivlinje som er nabo til Norges største vikingskip, vi er ein av dei største på hest med tre hestelinjerKunst/foto/glass der du får prøve mange kunstformer, og den tilrettelagte Bu og fritid.  

Linjer ved skulen

Fra kr 97 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Studietur: Surf | Yoga | Hiking - Overnattingstur, Hoddevik
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vintertur til Stigedalen
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Europa
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 97 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 97 000,-
(9 700,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Øyvind Wallentinsen

Jeg merket at jeg har blitt mye mer selvsikker i sosiale relasjoner. Jeg tar kontakt med folk mer, er lettere å dra med på ting, og merker at jeg har fått større tro på meg selv og andre.

Øyvind Wallentinsen, elev 2010-2011
Tore Skjøtskift

"Folkehøgskule æ en bra måte å få livet igang på"

Frå bloggen

Norges eneste sirkuslinje

-Det vil alltid finnes en plass til deg i sirkuset, forteller en av elevene ved Fjordane folkehøgskole. Hun går på Norges eneste sirkuslinje, som i ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen