
- Fjordane folkehøgskule
- Telefon: 57 88 98 80
- E-post: post@fjordane.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Europa - Movement X
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
MiljøfyrtårnSertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.DebioMerkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Nordfjordeid, Vestland
- Oppstartsdato: 28.08.2021
- Linjefag: 18 timar/veke
- Pris: fra 112 500,-
- Følg linja på Facebook
- Følg linja på Instagram
Tren hardt, bli sterkare, fleksibel, meir teknisk, lær deg en flikk-flakk, bli sterkare på scenen. MOVEMENT X er ei fysisk og allsidig nysirkuslinje, der du får utfordra deg på mange plan.
Movement X - den einaste nysirkuslinja i Norge!
Mange trur at sirkus berre er for dei spesielt interesserte, men det er óg like aktuelt for deg som likar f.eks parcour, turn og dansing. Vår erfaring er at elevar som ikkje har drive med dette før, blir like fascinerte og "hekta" som dei som er meir erfarne før dei kjem til Fjordane. Kombinasjonen av å vere i god fysisk form, få kroppskontroll og det å meistre ulike sirkusdisiplinar, blir ein stor inspirasjon som ein tek med seg vidare i livet (school for life). Moderne sirkus på Fjordane er den einaste staden i Norge der ein kan drive med sirkus eit heilt skuleår på heltid - utan eksamen!
Springbrett til vidare studier i utlandet
Kvart år er det nokre elevar som går vidare med utdanninga si på sirkushøgskular i utlandet. Andre hoppar rett ut i arbeid med sirkus i ei eller anna form, og for mange blir sirkus ein spenstig hobby som dei tek med seg vidare i livet.
Utanlandstur
Europa
Kvart år reiser linja på eit spennande studiebesøk til ein sirkusskule i utlandet. Det varierar litt frå år til år kva turen går. Turen varer 7-10 dagar der vi hovudsakleg reiser med tog.
Annleis og inspirerande
Tør du å ta sjansen på å utfordre deg sjølv i å prøve ut og lære nye ferdigheiter, likar du å bruke kroppen din og samtidig presse deg sjølv litt ut i det ukjente? Søk på Movement X no!
Meir info: fjordane.fhs.no