Til hovedinnhold
Ledig plass

Eit år fylt med teikning, maling, grafikk, glass, keramikk, foto, street art og mykje meir. Du får utforska og utvikla dei kreative sidene i deg. Inspirasjonsturar både i Norge og i utlandet.

Prøv ut ulike kunstformer
Dette er linja for deg som vil ha eit år der du får prøve ut ulike kunstformer som teikning, maling, foto, keramikk, glass, streetart og andre ting. Vi utfordrar evnane i eit mangfold av form og uttrykk gjennom arbeid med desse emna.

Glass - spennande kunstmateriale
Kunstlinja vår er ei av dei få kunstlinjene der du får jobbe med materialet glass, noko som for mange ungdommar er eit ukjent materiale, men som fleire elevar blir "hekta på" i løpet av skuleåret. Her får du designe dine eigne unike produkt slik som glasfat, smykker og anna. 

Foto 
Digitalt og analogt. Grunnleggande teknikkar. Her får du eit innblikk i korleis eit kamera verkar, kva som må til for at eit bilde skal bli vellykka både når det gjeld valg av motiv, lys, fokus og digital etterbehandling. Du får også jobbe med portrettfotografering, samt med bilder i både fargar og svart/kvitt. Du får og jobbe i mørkerom. Har du eige kamera, ta det med!

Keramikk

* dreiing og handbygging

* raku

* alternative brenningsmåtar t.d. pit, smoke og saggerbrenning

Grafikk tegning og maling

* Lino, koldnål

* akryl/oljemaling/akvarell

* blyant/kull/pastell

 Design/redesign

Her er det berre din fantasi som setter grenser. Brukte materialer får nytt liv og ny funksjon

 

På denne linja er det også mogleg å jobbe med spesielle prosjekt dersom du skulle ønske det. Du vil få stor frihet til å jobbe med eigne ting både i undervisnigstida og på ettermiddag/kveld/helg.


Les meir på Fjordane folkehøgskule Kunst-Foto-Glasslinje

Linja for deg som er interessert i biletkunst og design i vid forstand. Særlege forkunnskapar er ikkje påkrevd. Det er viktigare med lyst, utforskartrang og evne til å arbeide sjølvstendig.

Dette vil du lære

  • Grunnleggande teknikkar innan dei ulike emna
  •  Arbeide kreativt, både individuelt og i gruppe
  •  Spennande linjeturar til Amsterdam og Japan
  •  Vi reiser for å oppleve og bli inspirert
  •  Oppbygging av eigen portefolio
  • Aktiv bruk av nærområde og Nordfjord regionen med besøk av gallerier m.m

Våre forventninger til deg

Positiv og åpen for nye inntrykk. Arbeide prosessorientert, målretta og eksperimenterande og sjølvstendig

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 1

I haustsemesteret skal vi oppleve europeisk kunst og kultur i Amsterdam. Byen er mellom anna kjend for sine kanalar, eit rikt utval av museum. Eit besøk til Anne Frankhuset står sjølvsagt høgt på lista. Amsterdam er ein vakker by, som du kan gle deg til å utforske nærmare.

I vårsemesteret reiser vi til Japan med ein stopp på omlag 3 døgn i enten København eller Paris. På turen får du oppleve japansk kultur og tradisjonar i møte med den moderne kulturen. Her står opplevingane i kø, og du kan gle deg til ein utanlandstur du mest truleg ikkje hadde gjort på eiga hand, og som du i tillegg får dele med likesinna på linja.

Den japanske kulturen er svært ulik frå det vi er kjent med frå Norge. Reisa til Japan vil gje deg mange heilt einestående opplevingar i eit spennande og heilt annleis land. Du blir kjend med det japanske folket, deira mange særeigenheiter, stolte tradisjonar, gjestfridom, audmjukheit og høflege hjelpsamheit. Japansk arkitetur og keramikk, vakker natur og japanske hagar, tempel, slott og fantastiske matopplevingar vil gje deg minner for livet.

 

Fellestur til Sri Lanka

Obligatorisk: Nei

Pris: 20 000

Måltider pr dag inkludert: 3

Sri Lanka

Fellesturen vår går til Sri Lanka i januar. Dersom du har lyst på ein eksotisk tur, med opplevingar utanom dei vanlege turistreisemåla, anbefaler vi deg å nytte deg av denne moglegheita. Dette er ein variert og innhaldsrik tur, som er spekka med høgdepunkt frå start til slutt!

Spennande og samansett

Her får du oppleve kultur, besøke ein barneheim, sjå og smake på te som landet produserer, safari i jungelen, elefantar og andre eksotiske dyr, tempel, tuk-tuk, varmt og deilig klima, tropiske frukter, sterk og spennande mat, rafting, togtur gjennom vakker natur, vi besøker fleire ting som står på UNESCO si verdsarvliste og vakre strender, for å nemne noko. Sri Lanka var ramma av krig i 30 år, og det er berre 10 år sidan det vart fred i landet. No er det eit fredelig land, og innbyggarane er imøtekommande og vennlege.

Gje noko tilbake

Barneheimsbesøket er eit viktig høgdepunkt på turen. Her får vi treffe barn som må klare seg med veldig lite, og som setter stor pris på at vi kjem. Vi lagar ein aktivitetsdag for dei, og dette er ein fin plattform for dei gode møta mellom menneske. Det er ei god kjensle å kunne gje noko til nokon som treng det og set pris på det.

Vakre strender og surf

Sri Lanka har ein vakker og frodig natur, med nokre perler av nokre strender! Det er deilige sandstrender, med nydeleg badetemperatur i havet. Dersom du er nysgjerrig på å surfe, kan Sri Lanka freiste med nokre fantastiske surfeplassar.

Surf | Yoga | Hiking - Overnattingstur, Hoddevik

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

I starten av skuleåret reiser vi på ein "bli kjent-tur" til vakre Hoddevika. Dette eineståande surfeparadiset ligg berre ein liten time i bil unna skulen vår. Alle som vil, får prøve seg på surfebrettet, noko som er ei fantastisk oppleving enten du er heilt fersk eller er meir dreven på bølgene. Dersom du er glad i å gå på tur, byr Hoddevika også på fleire flotte turopplevingar i fjella som ligg rundt. Vi tar turen opp til toppar med fantastisk panoramautsikt! Ellers kan du gle deg til mange kjekke aktivitetar ilag med resten av gjengen, og til å avslutte dagen rundt bålet på stranda.

Vintertur til Stigedalen

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

Turen til Stigedalen er spekka med kjekke snøaktivitetar. Her er det langrennsløyper rett utanfor døra, akebakkar, grillhytte og fine forhold for mykje moro. Heile skulen er med på denne overnattingsturen, og det foregår mykje sosialt både ute og inne. Vi akar, har snø-rugby, lagar snøskulpturar, grillar, går på ski, har talentkonkurranse, quiz, spelar spel, ser på film og et god mat. 

  • Skulestart 24.08.
  • Bli kjent tur med overnatting
  • Eidamesse, vikingleir, frihelg 14.09-16.09
  • Sept: Fellestur til Krokpollen
  • Haustferie 04.10 kl.13 - 13.10.
  • Blåtur
  • Frihelg 09.11 t/m 10.11 
  • Des.: Juleverkstad, «Jul i Stallen»
  • Juleferie 20.12.kl.13 - 05.01.
  • Jan.: Annerledesveke
  • Fellestur til Sri Lanka
  • Feb.: Fellestur til Stigedalen
  • Vinterferie 14.02. kl.13 - 23.02.
  • Mars/april:Linjeturar utlandet
  • Påskeferie f.o.m. 03.04 kl.13 - 14.04.
  • April: Fellestur med surfing, fjelltur m.m.
  • Avslutting 09.05.
  • Avreise 10.05.

Du må ha minst 2 valfag, men kan velge så mange som du vil. Valfaga varierer i lengde frå 1-2 timar pr. veke.

Aerobic

Ein veldig kjekk måte å komme i bedre form på! Her kan alle som vil bli med og svette litt.

Årbok

Her skal du vere med å lage ei "minnebok" for kullet ditt som alle elvane kan ta med seg når skuleåret er slutt.

Band

Bli med i skulen sitt elevband! Dersom du er musikkinteressert, eller vil lære meir om å spele eit instrument er dette valfaget for deg.

Blankvåpen

Trening i bruk av øks, sverd og skjold med meir.

Elevstyrte valfag

Mange av studentane våre er ressurssterke på område som gjer at dei kan brukast som leiarar og lærarar for andre studentar på skulen. Dette kallar vi elevstyrte valfag eller elevstyrte aktivitetar. Dette veit vi først meir om når studentane kjem til oss.

Filmkveld

Vi viser filmar i ulike sjangrar på storskjerm ein fast kveld i veka.

Foto

Vi jobbar med motiv, bearbeiding og framkalling i tradisjonell form.

Fysisk trening

Valfag der du kan trene deg i form.

Gitar

Grunnopplæring basert på rock og visesang.

Glassarbeid

Du får lage mindre ting av glass som f.eks smykker og pyntegjenstandar. Glasset blir smelta i omnar og er eit populært materiale å jobbe med.

Hest

For deg som ikkje har Hest som linjefag. Er midt i blinken for deg om du går på Vikingliv til dømes.

Klatring

Her lærer du å klatre i ein innandørs klatrevegg, som ligg i nærleiken av skulen.

Kunst

For deg som ikkje har kunst som linjefag. Her får du prøve deg i ulike kunstsjangrar som teikning, keramikk, glassarbeid og maling.

Lokale lag og organisasjonar

Finn du ut at du vil vere med i ein lokal organisasjon utafor skulen, hjelper vi deg med å skaffe deg "innpass". Du finn mykje informasjon om lokale lag og organisasjonar på denne adressa www.eidaportalen.no

PR

Her kan du vere med på å jobbe med skulen sitt PR-arbeid, gjennom film og sosiale medier.

Prosjekthest

For deg med eigen hest som vil ha litt ekstra hjelp. Her er det hesten som står i fokus i valfaget. Det kan vere innriding, innkøyring, lasting, longering, handtering fra bakken osb.

Salmaker

Du får opplæring i arbeid med lær, du kan for eksempel sy din egen grime, belte, hundehalsbånd. Du kan også reparere ditt eget utstyr.

Sirkus

Eit fysisk valfag, der du får prøve mange forskjellige sirkusdisiplinar. Her får du mellom anna trent koordinasjon, reaksjonsevne, balanse og styrke.

Sprangriding

For deg som går på hestelinjen og vil jobbe litt mer med sprangridningen, i første omgang de som har egen hest med seg, men vi prøver og å gjøre det mulig for de som bruker skulehest.

Strikking

Aldri tatt i eit par pinnar før, eller er du avansert strikkeguru? Dette er timen de treffast og utfører mirakel med pinnar og garn, samtidig som det er veldig sosialt.

Styrketrening

Dette valfaget er supert å få med seg uansett kva linje du går på! Det er godt for alle å få styrka muskulaturen i kroppen.

Svømming/bading

25 m basseng til disposisjon for div. aktivitetar og avsluttande badstue.

Teater

Improvisasjon, teatersport, standup og lage ditt eige skodespel er noko av det du får vere med på her.

Tømmekjøring

Her får du jobba hesten frå bakken både ved å tømmelongere og gjere ulike dressurøvingar. Du kan vere med uavhengig av kva forkunnskap du har.

Volleyball

Er hovudsakleg i idrettshall med volleyballnett, men har også moglegheit for beachvolley om det er eigna vêr og interesse for det.

Voltige

Turning på hesteryggen.

Yoga

Kom i kontakt med både kropp og sinn, gjennom yoga. Her jobbar du med øvingar som gjer deg smidigare samtidig som du finn din indre ro.

På Fjordane finn du den kanskje mest unike linjesamansetninga blant folkehøgskulane. Landets einaste Nysirkuslinje, ei Vikinglivlinje som er nabo til Norges største vikingskip, vi er ein av dei største på hest med tre hestelinjerKunst/foto/glass der du får prøve mange kunstformer, og den tilrettelagte Bu og fritid.  

Linjer ved skulen

Fra kr 110 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Material og utstyr slik som pensler, lerret, leire m.m
  • Bad på gangen
  • Studietur: Surf | Yoga | Hiking - Overnattingstur, Hoddevik
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vintertur til Stigedalen
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Amsterdam, København eller Paris og Japan
    • Mat (1 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 110 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 110 000,-
(11 000,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Keramikkovner, dreieskiver, glassovner, grafikkpresse, stort lysbord, mørkerom

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Norges eneste sirkuslinje

-Det vil alltid finnes en plass til deg i sirkuset, forteller en av elevene ved Fjordane folkehøgskole. Hun går på Norges eneste sirkuslinje, som i ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Billedkunst

Fana folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Kunst og arkitektur

Rønningen folkehøgskole
Venteliste
HeilårskursKristen

Tegneserie 2

Bjerkely folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Art, Design & Travel

Jæren folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs12 t/ukeFrilynt

Street ART - Travel, Berlin, Cuba, Tenerife

Ringebu Folkehøgskule
Få ledige plasser
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Game Art & Design

Sunnhordland folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt

Kunst og illustrasjon

Rønningen folkehøgskole
Venteliste
HeilårskursKristen

Visuell kunst

Nansenskolen
Fullt
Heilårskurs26 t/ukeFrilynt

Bilde, Form & Kunst

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Kreativ & Barista

Hedmarktoppen folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeKristen

Kunst +

Sunnhordland folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt

Tegning, maling & kunstreise (TMK)

Skiringssal folkehøyskole
Fullt
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt