- Fjordane folkehøgskule
- Telefon: 57 88 98 80
- E-post: post@fjordane.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur for linja: Riding på Lusitano-hestar i Lisboa, Portugal
- Studietur for skulen: Strandryddeseilas , Fjord Explore, Surf, fjell og camp - Overnattingstur til Hoddevik, Vintertur til Stigedalen
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
MiljøfyrtårnSertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.DebioMerkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Stad kommune
- Linjefag: 18 timar/veke
- Pris: fra 133 500,-
- Følg linja på Facebook
- Følg linja på Instagram
Ei variert og innhaldsrik linje for deg med ambisjonar om å konkurrere i sprang, dressur, køyring eller feltritt etter ønske. Undervisninga blir tilpassa ditt nivå. Ta gjerne med din eigen hest.
Denne linja er for deg som ønsker å satse på riding og køyring.
Satsar du på å delta på NM Fjordhest? Hos oss kan du og hesten din spisse formen fram mot NM. Vi har brei kompetanse og erfaring på å få ekvipasjar klare for Fjordhest NM.
Har du solid bakgrunn i riding eller køyring, og ønsker du kanskje å fokusere meir på dette enn det ein får på Hest Allround? I ridinga vil du få utvikle ferdighetane dine ekstra i både sprang og dressur. Vi fokuserer på at både du og hesten skal få allsidig trening, og at samspelet mellom deg og hesten skal utviklast gjennom god undervisning og forståing av ryttaren/ kusken sin innverknad på hesten. Vi samarbeider med den lokale rideklubben om å arrangere stevner i løpet av året, samt at vi reiser rundt på stevner i nærområdet.
Vi har også valfag som er retta mot hest. Du kan velje mellom sprangriding, tømmekøyring, køyring og prosjekthest, der får du moglegheita til å fordjupe deg meir i det du ønsker å fokusere på med hesten din.
Har du ikkje med din eigen hest er det ikkje noko problem. Du får då bruke ein av dei flinke skulehestane våre som går LB/LA med øvelsar til MB i dressur, middels kjøring, 80-90 cm baner i sprang og feltritt.
Vi har besøk av spesialistar innan tannhelse, kiropraktikk og saltilpasning.
I køyresport får du trene på konkurransekøyring i form av dressurkøyring, presisjonskøyring mellom postar og kjegler, og maratonkøyring.
Få meir informasjon om linja på: fjordane.fhs.no - Hest Ride- og køyresport.