Sunnmøre Folkehøgskule er kanskje norges flottaste folkehøgskule (tidlegare SAS-hotell). Vi har mange ulike linjer, noko som gjer elevflokken til ein aktiv og samansett gjeng med ulike interesser og styrker. Dermed ligg alt til rette for at du får utvikle deg i eit kreativt og sosialt miljø bygt på kristne verdiar som kjærleik, respekt og likeverd.
Spesielt om skolen, utstyr og fasiliteter
- Aldersgrense 18 år
- Moderne skuleanlegg med alt under eitt tak
- Elevrom med eige bad
- Kort veg til Sunnmørsalpane
- Alle elevar kan ta dykkersertifikat, grønt kort (golf), brattkort (klatring) og båtførerprøven
- Dansesal
- Musikk/Band-ustyr
- Breiband og trådlaust nettverk i fellesareal
- Tilgang til seglbåtar
- Formingsrom
- Kanoar og ein livbåt.
- Tilgang til klatrehall
- Flott 9 hols golfbane 5.minutt frå skulen
- Gymsal og stort treningssenter med m.a 2 squashbaner (på området til skulen).
- Innendørs fotballhall 4.min i gangavstand frå skulen.
- Flotte turområder med lysløype
- Topp forhold for surfing, vind- og bølgjesurfing i rimeleg nærleik
- Tilgang til vannski/båt.
- Sykkelavstand til stor sandstrand.
- 3.minutt frå Høddvollanlegget med 3 fotballbaner og friidrettsbane.
- badstue og badestamp i hagen
Andre opplysninger om skolen
Sunnmøre folkehøgskule ligg i Ulsteinvik som er regionsenter for eit område med 24.000 menneske. Ulsteinvik har eit stort tilbod innan kultur og idrett. Fotballklubben Hødd høyrer heime i Ulsteinvik, det same gjer hovudkontoret til Rolls Royce Marine. Kjende bedrifter som Kleven Verft og Ulstein Group er også lokalisert i Ulsteinvik. Dei siste åra har det kome nytt hotell/kulturhus/kino og to nye kjøpesenter i sentrum, og ein har god tilgang til dei fleste butikk-kjeder og tjenester. Ulstein Kommune har bystatus.
Skulen ligg flott til med utsikt over himmel og hav, og det er kort veg til naturen.
Slik kommer du til skolen
Med fly:
Fly til Vigra (Ålesund, 45 min frå skulen)SAS og Norwegian
Fly til Ørsta-Volda (30.min frå skulen)Wideroe
Med buss:
Norway bussexpress frå Oslo til Ulsteinvik direkte med Møre-expressen.
God forbindelse med expressbuss i retning Trondheim og Bergen også.
Med båt:
Hurtigruta legg til kai 25 min. køyring frå skulen (Torvik)
Backpacker Europa
Opplev det europeiske kontinentet gjennom togvindauget eller vandrande med sekk på ryggen. Kva med frukost i Köbenhavn, middag i Berlin og ein kveldstur over Karlsbrua i Praha? Eller rett og slett non-stop tog til Barcelona, langs Rivieraen vidare til Italia, og segltur i Middelhavet, for så å våkne ein tidleg morgon i Istanbul?
Denne turen er inkl. i skulepengane.
Cuba
Her snakkar vi om folkeliv, musikk-klubbar, salsa og strender. Bli med og opplev musikken, historia, rytmen og dansen slik berre cubanarane gjer det. Gjennom guiding, seminar, konsertar og salsakurs vil vi lære meir om dette landet. Vi vil også reise litt ut av Havana og få med oss andre aktivitetar. Det vil nok ikkje gå mange år før det karakteristiske cubanske samfunnet ser annleis ut.
Fellestur til Latvia
Ein kontrastfylt tur, rik på opplevingar, der vi m.a. skal ha med klede og utstyr til ein barneheim og til ein internatskule for vanskelegstilt barn og ungdom. I tillegg vitjar vi den flotte, historiske byen Riga.
Denne turen er inkludert i skulepengane. Sjå heimesida vår www.sufh.no for meir informasjon om skuleturane våre.
Spania
Bli med BOA til Sør-Spania og få ein smakebit av spansk kultur, natur og folkeliv på ei veke. Vi bur i ei unik atmosfære på den norske sjømannskyrkja i Cala Honda utanfor Malaga og har mange spanande opplevingar på programmet. Kva med å få nærkontakt med ville aper i britiske Gibraltar, bade i Middelhavet, oppleve forrykande Flamenco-dans eller ri på muldyr i ein gamal fjellandsby?
Sør-Afrika
Reis til den spennande byen Cape Town, som er ein smeltedigel både når det gjeld folkeliv og musikk. I 1994 vart apartheid oppheva i Sør-Afrika, men det er framleis store sosiale skilnader. Vi vil m.a. overnatte i vertsfamiliar, besøke Robben Island, Table Mountain og Kapp det gode håp. Du vil også kunne få med deg aktivitetar som t.d. safari, dykking og rappellering frå Table Mountain.
Tanzania/Zanzibar
Opplev afrikansk kultur, natur og folkeliv på nært hald. Gjennom lokale partnerar får vi sjå ulike sider av Tanzania, også sider som ein vanlegvis ikkje opplever som turist. Vi besøker lokale familier, kyrkje, ein barneheim og andre prosjekt som jobbar med bekjemping av fattigdom. I tillegg får vi oppleve Tanzania sitt fantastiske dyreliv på safari og Zanzibar sine krittkvite strender.
Kostnader
Totalt koster kost og losji i dobbeltrom kr 62.000,- for neste skuleår. I tillegg kjem fellesutg. og linjetillegg.
Sjå skulen sin nettside www.sufh.no for totaloversikt over økonomi.