Til hovedinnhold

Vil du bruke eit år i verdas villaste råaste, og vakraste klasserom? Me har plukka det beste norsk friluftslivet har å by på, og skal gjennom turar heile året oppleve det enorme mangfaldet Noreg har.

Vil du rafte i breelvar, padle kajakk blant øyer langs kysten, køyre hundespann, kom deg på nokre av dei høgaste toppane i landet, køyre ski i urørt pudder, surfe og klatre?

 

Vil du oppleve naturen sin raske endringar, råskapen i ein skikkeleg hauststorm, variasjonane i landskap frå kyst til innland, sør til nord og lågt til høgt i det langstrakte landet vårt?

Vil du opplev kjensla av fellesskap med turvenner på kjende attraksjonar og hemmelege perler? Då er denne linja for deg.

Reis mindre, opplev meir.

Me vil fokusere på å bli skikkeleg kjent i nokre av dei mest spektakulære friluftslivsområda i Noreg. Reise berekraftig og fokusere på å sjå mykje, med små utslepp. Det blir gode samtalar rundt bålet, netter under open himmel, hytteturar og teltturar. Det blir Jotunheimen, Lofoten, Hardangervidda, Jostedalsbreen og mykje meir. Det blir rom for å gjennomføre draumeturen din i Noreg. Dette er du som elev med på å fastsetje.

Dette blir eit år med tallause magiske opplevingar i Noreg.

Deg som vil oppleve mye variert aktivitet og natur i Noreg sammen med andre.

Dette vil du lære

  • Orientering  
  • Førstehjelp  
  • Grunnleggende skredkunnskap  
  • Grunnleggende brekunnskap  
  • Havkajakkpadling 
  • Kanopadling
  • Surfing  
  • Leirliv og leirbygging  
  • Telemarksvingen på fjellski 
  • Matlaging på bål og brenner
  • Overnatting i gapahuk, telt, snøhule/ igloo og under åpen himmel
  • Turplanlegging og om turlederrollen 
  • Klatring
  • Topptur
  • Kystfriluftsliv 
  • Vinterfriluftsliv 

Våre forventninger til deg

  • Møter motivert og med åpent sinn 
  • At du vil se mye av Norge og oppleve magiske øyeblikk ute  
  • At du forventer å få venner for livet og møte mennesker som vil bli kjent med deg

Studietur Lofoten

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 10-12 dager

Måltider pr dag inkludert: 3

Nordlys, bratte fjell, kvite strender og solnedgang!

Skreifiske, surfing, bålkos og fantastiske fjell!

Det er få plasser i verden som kan by på det same som Lofoten- og dette skal vi oppleve i lag.

Vi tek sjølvsagt den reiseruta som forureinar minst, og får derfor med oss ikkje berre destinasjonen, men og opplevingar på vegen dit. Noreg nesten på langs gjer oss vakker natur, ulike årstider og opplevingane står i kø frå fyrste etappe.

Det er rått å kunne nyte seine kvelden med nordlyset dansande over himmelen og høyre bølgjesus i bakgrunnen.

Frå Sognefjorden til det opne hav, som kan by på både «blæst og kuling» eller skyfri himmel så langt auga kan sjå.

Det blir smil og latter, kanskje noko godt attåt og nordnorsk humor på kjøpet. Bli med på denne vakre reisa til nord og Lofoten.

Studietur Hardangervidda

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 10-12

Måltider pr dag inkludert: 4

Klassikaren Hardangervidda på langs er ein lang skitur der vi verkeleg får testa samhaldet, utfordra oss fysisk og oppleve nærleik till naturen over ein lenger periode. Vi lagar all mat sjølv, pulken pakkar vi i telt-lag og ruta planlegg vi ilag. Vi får utforske det fantastiske viddelandskapet når vinteren er på veg til å verte vår og dei fyrste solstrålane verkeleg varmar.

Langtur saman med menneske du har lært å stole på og blitt gode vener med, forsterkar denne opplevinga og skapar minne som varar. Undervegs på turen besøkjer vi sjølvaste Trolltunga òg!

Fjærland, fjord, fjell og bre :)

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

Eit par uker etter skulestart dreg vi alle saman til Fjærland på ein tredagars tur. Dette gjere vi for å bli betre kjent med kvarandre, og for å oppleve eit av Noregs vakraste fjellområde. Vi tek dagsturar og deltek i bli-kjende aktivitetar. På kvelden blir vi samla rundt bålet til ein betre middag, og tek oss tid til å småprate, synge, eller berre slappe av etter ein dag med frisk luft og flotte opplevingar. Etter 3 dagar saman har vi allereie masse fellesopplevingar, og skaper eit godt grunnlag for å bli meire kjend med gode venner.

Hemsedal

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

I veke 3 reiser heile skulen over fjellet til Hemsedal. Vi bur i botnen av bakken, heilt perfekt for "ski inn og ski ut". Heile 3 dagar får vi i bakken for å utvikle skiteknikken og lære nye triks. Elevane blir delt inn i små grupper etter nivå, der du kan velje mellom telemark og slalom/randonnè. Nokre av instruktørane er innleigde, men det er mange lærarar frå skulen som er med! Det er to økter på dagtid med instruksjon, mens resten av tiden kan du bruke på frikøyring.

På kveldane er det god middag og sosialt i samlingsstova.

Vårcruise på Sognefjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Måltider pr dag inkludert: 3

Mot slutten av skuleåret reise me på ein todagers båtcruise på Sognefjorden. Me har heile båten for oss sjølv, og me seglar inn i majastetiske Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. I vakre Dyrdal, ei veglaus grend, overnattar me for natta. I denne grenda er det gode moglegheiter for uteaktivitetar og fjelltur for dei som ynskjer det. Me bur ombord i båten, i skulehuset, og for dei meir friluftsglade, i telt. På ettermiddagen lagar me grilmat på kaien og legg opp til sosialt samvær rundt bålet om kvelden. Neste dag går me i lang på nordsia av Nærøyfjorden for å gå langs den vakre postveg stien til Styvi. Her tek me lunsjen, som er grillmat, og for dei som er ekstra tøffe, er det moglegheit for å ta seg ein dukkert i fjorden. 

Tale Holsen Ivarhus

Linjelærar

Tale kan du sjå langt etter- bokstavleg talt. Ho har alltid eit mål, ein topp eller ein rekord å slå. Men når ho rosa i kjakane kjem tilbake, med eit stort smil og med den vakraste dialekt har hatt det "knakande kjekt" , må du berre smile. Om ho padlar, klatrer, spring (!) på toppar eller går på ski får ho alt til å sjå leikande lett ut. No skal ho byte ut drikkeflaska med tåteflaska eit år<3

Epost: tale@sogndal.fhs.no
Telefon: 404 50 763
Facebook
Instagram: @tale_ivarhus

Timeplanen varierer litt frå veke til veke. Linjefaga går heile året. Når du startar om hausten vil veldig mykje tid går til linje. I oktober er det lengre turar og studiereiser, frå november mot slutten av januar er det litt meir fokus på valfag og fellesprosjekt. Linjefag og studieturar er igjen i fokus frå februar mot slutten av året. 

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Skulestart - 25. august 2024
  • Fellestur i september
  • Haustferie: uke 41
  • Oktober: Studietur haust
  • Juleferie
  • Fellestur Hemsedal i januar
  • Vinterferie: uke 8
  • Studietur utlandet mars/april
  • Påskeferie
  • Skuleslutt - 10. Mai 2025

I valfagsperiodar kan du velje 2 eller 3 valfag i veka. I kvar periode er det 6-8 ulike fag du kan velje imellom.

Akrobatikk

Jepp, du les rett! Her går du på line og sjonglerer- du øver hvert fall på det. Kanskje du står litt på hender eller klarer en piruett på lina- her får du prøve deg som akrobat for ein dag.

Analog foto

Pris: 100,-

Lær meistaren sine teknikkar! Det er spennende å lage bilder på "gamlemåten". Her lærer du grunnleggjande fototeknikk, korleis ta gode bilete, så fremkaller du filmen på mørkerommet. Høyres enkelt ut.

Autogen trening

Dette er ein behageleg avspenningsteknikk som ikkje er ulik enkelte meditasjonsøvingar – men det er heilt utan religiøse koplingar. Du treng eit teppe, ei pute, litt lause men varme klede.

Band

Lær samspel og start eit band! Me har bandinstrument og utstyr: alt frå kontrabass, elbass og -gitar, trommesett og godt lydutstyr. Bandet får gjerne oppdrag både på og utanfor skulen.

Barista

Pris: 200,-

Me lærer om malegrad og forskjellen på ulike bønner og ikkje minst å byrgge perfekt espresso som er ein kunst i seg sjølv. Me besøkjer det lokale kaffibrenneriet for innføring i brenning.

Basketball

Her varmar me opp og gjer oss klar til øvelsar, forsvar/angrepsteknikk, fintar og spel. Leik med ball og litt alvor på kamp- det er basketball det!

Beachvolley

Målet for faget er å utvikle tekniske, taktiske ferdigheiter og kunnskap ved teknisk trening og spel i ulike former. Me jobbar med ulike typar serve, smash, legg og blokk, samt alle grunnslaga.

Dessertverksted

Pris: 200,-

Freisting for smakssansene! Me lagar alt frå kaker til is, sjokolade og sitronterte. Her er de med på å bestemme kva som skal stå på menyen.

DIY- saum

Pris: 50,-

Sy din eigen jakke eller snekkarbukse? Eller kanskje du vil sy di eiga penskjorte til juleballet? Eller kalkpose? På valfaget treng du ikkje noko erfaring, du skal få kledd deg opp i eige design lell.

Film

Målet er å lage så mange gode filmar som mogeleg, men fyrst og fremst gi deg idéar og erfaring med å lage film. Faget er tilpassa interessene og erfaringane dine.

Foto

Pris: 50,-

Lær å ta gode bilete med digitalkamera, kamerateknikk og komposisjon. Introduksjon til biletbehandling i Photoshop, studio og printing. Du treng eit vanleg digitalkamera.

Førstehjelp

Førstehjelp er nyttig å kunne uavhengig kva stadiet i livet ein er i. Me nytter både teori og praktiske øvingar på alt frå sår til alvorlege ulukker.

Gardsarbeid

Pris: 100,-

Her vitjar me den økologiske garden Bøtun på Indre Hafslo. Me får eit innblikk i kva det å produsere mat betyr. Dette er skikkelig god stemning med litt fysisk arbeid attåt.

Gitar

Nå har du sjansen til å bli bålets must have! Dette er gitar for nybyrjarar som likar å dra i gong ein allsong eller berre klimpre litt for deg sjølv ein roleg stund. Skulen har fleire gitarer.

Hybelkokken

Unngå å leve på junk food i studietida og bruk pengane på anna moro! Me lagar enkle og gode rettar som er sunne for kropp og sinn. Mykje godt kan lagast rimelig og kjapt!

Jakt

Pris: 200,-

Har du lyst til å prøve jakt, eller har jakta litt før er dette valfaget for deg. Med spanande jaktterreng nær skulen får du prøve deg på både leirdueskyting og bruk av rifle.

Kajakk

Pris: 300,-

Me padlar på verdas lengste fjord- Sognefjorden. Her får du grunnleggjande kajakkteknikk og opplæring i redning- alt i spektakulære omgjevnader langs fjorden vår.

Klatring

Sikring på topptau og led, klatring på topptau og led, grunnleggjande klatreteknikk, utstyrsval, klatrehistorie. Valgfaget ender med at du får moglegheit til å ta brattkort. Utstyr kan lånast gratis.

Kniv

Pris: 250,-

Lag din eigen kniv- med slire til. Velg mellom ulike tresortar til skaftet og design det til å passe perfekt i handa di. Slira kan du setje ditt eige preg på med initialar eller dekorere med ornament.

Konfekt

Akkurat passe store til ein munnfull med lykke! Mørk eller lys, med basilikumsukker eller karamell? Kanskje du finn din eigen kombinasjon av favorittsmakar og får plass til det i ein einsleg bit. NAM!

Kreative valfag

Pris: 100,-

Me har fleire kreative sjeler, både blant dei tilsette, men og blant elevane. Dei kreative valfaga kan vere å lage eiga saopa (sognemål), sy kalkposer, snekring eller smiing.

Linotrykk

Pris: 200,-

Å sjå det første, ferske trykket frå presset er som å opne ei julegåve! Med litt enkel teknikkopplæring og kreativiteten din vil du garantert verte overraska over resultatet.

Longboard

Pris: 900,-

Design ditt eige personlege kvalitetsbrett til asfaltsurfing! Longboard er ikkje berre moro å lage, men og eit genialt framkomstmiddel- miljøvenleg og artig.

Mat på bål

Her diskar me opp med god mat som er enkelt å ta med seg i sekken. Kan det freiste med kake på bål, varme skillingsbollar, eller ei lefse med mykje godt i? 

Måling

Pris: 150,-

Her kan du utfolde deg kreativt. Me måler på økologiske handlenett, lerret eller ark- alt etter motiv og teknikk. Du kan produsere gåver eller til pynt på rommet ditt.

Pudderklar

Melkesyre og blodsmak- men du så herleg til vinteren når beina er rusta for pudderkøyring og bratte fjellsider! Her vert det trappeløp og barmarkstrening i høgt tempo.

Roadtrip til kysten

Pris: 600,-

Her pakkar me bagen og tek turen ut til kysten. Avhengig kvar me dreg så kan me hvertfall skilte med fisking, god stemning, kanskje ein krabbe eller berre nyte solnedgangen i lag.

Selbuvott

Pris: 100,-

Lær deg å strikke flotte selbuvottar. Om du aldri har strikka før så kan me garantere at dette klarar du! Er du erfaren så kan du leike deg med mønster og lage ditt eige, eller berre strikke julegåver

Ski

Pris: 900,-

Her kan du finspisse svingteknikken eller lære deg å stå på ski. Undervisninga skjer ved Sogndal skisenter og du kan nytte dei skia du har, enten det er telemark, alpint, langrenn eller fjellski. 

Snekring og sløyd

Pris: 150,-

I sløydsalen kan du arbeide med treslag av mange sortar tre. Frå lite til stor- her er det du som utforskar kva du kan lage. Teikn- lag ein plan og set i gong, resultatet gler me oss til å sjå.

Street Art

Pris: 100,-

Lær grafitti og sjablongtrykk på lerret og t-skjorter. Me nyttar foto og photoshop, spraybokser og anna taggeutstyr.

Terrengsykkel

I Sogndal har me flotte terrengstiar som mange kjem langveisfrå for å teste. Stiane er både utfordrande og krevjande, men om du aldri har prøvd det før så er det tilpassa stier for alle nivå.

Topptur basis

Pris: 900,-

Å gå på randonee å sjå utover snøkledde fjell og dalar er berre vakkert. Om du ikkje har gjort det før så får du deg ei oppleving for livet. Sogndal er eit eldorado for toppturar på ski!

Volleyball

Her er det berre å strekke godt ut handledd og førebu deg på teknikkar, øvingar og ikkje minst kampar. Høgt tempo, smashar og action. Me kan og bruke sandvolleyballbana på tunet dersom det er mildt!

Wellness

Pris: 400,-

Me skal lage eigen massasjeolje, ansiktskrem, saltbad, ansiktsmaske og sjølvsagt bruke dette. Me skal og lage frisk juice av grønsaker og frukt. Her kan du lære å ta godt vare på deg sjølv.

Yoga

Iyengar yoga legg vekt på å gjere kroppen og sinnet sterkt og fleksibelt på same tid. Dette blir gjort gjennom fysiske stillingar asanas og pusteøvingar pranayama.

Yogamat

Pris: 200,-

Me skal gå eitt skritt videre med matlaging og sjå på fleire moderne kokekunstar. Her får du lage steinalder mat, "raw food" og lære om fermenteringens kunst.

Ølbrygging

Me brygger vårt eige øl, flasker og brukar blant anna malt som me lagar sjølve. Du får vere med å brygge fleire forskjellige ølsortar og blir kjent med litt av vår historie og tradisjon knytt til øl

Årbok

Årbok-gjengen skriv, utformar og set saman årboka for folkehøgskulen. Du lærer enkel biletredigering, artikkelskriving og korrekturlesing, sideutformingsprogram, godt hjelpt av store mengdar kaffi.

Lag dine egen ski

Pris: 800,-

Her får du mulighet til å lage dine egne ski. Vi har egen sløydsal og lærer som er "Skimaker". Du får god opplæring og sitter igjen med dine egne ski!

Fra kr 140 900,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Studietur: Fjærland, fjord, fjell og bre :)
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Hemsedal
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vårcruise på Sognefjorden
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: Studietur Lofoten
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: Studietur Hardangervidda
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 140 900,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

  • 8 900,-

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 140 900,-
(14 090,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret må du stille med selv

  • Ryggsekk, minst 65 l.
  • Dagstursekk, 30-40 l.
  • Sovepose (komforttemp. - 15º)
  • Liggeunderlag (min. 14mm tjukt)
  • Skalljakke
  • Skallbukse
  • Turbukse
  • Gamasjer
  • Fjellsko
  • Lue
  • Buff eller skjerf
  • Tjukk ullgenser eller dunjakke
  • Ullundertøy
  • Ullvottar
  • Vindvottar
  • Turservice
  • Hodelykt
  • Solbriller
  • Kartmappe
  • Kompass (360grader)
  • Fjellski med stålkanter
  • Skistøvlar for høgfjellsbruk
  • Snøspade
  • Søkestang
  • Skifeller
  • Skrivesaker
  • Termos
  • Sykkel til undervisning og fritid

Me tilrettelegg for deg så godt me kan og gjør justeringer i samråd med deg.Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpasninger, eller lurer på om me kan tilrettelegge for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Veslemøy Haugland

Dette året på Sogndal fhs har vore eit minnerikt år! Vi har fått halda på med hobbyane vi elskar, men også fått utfordra oss med mykje nytt. Kjem aldri til å gløyma toppturane, surfebølgene, bålkosen, klatringa, pudderet, strikkinga, maten og folka.

Veslemøy Haugland
Elias Rekkedal

I Sogndal byr folkehøgskoleåret på gode og sosiale opplevelser, enten det er på toppen av et fjell om dagen, eller rundt bordet med kort om kvelden. I friluftsliv Noreg møter vi mye av landets vakre natur, fra skog og fjell til bre og fjord.

Frå bloggen

Byungdom strømmer til bygda for å gå på folkehøgskole

Storslått natur, fjell og fjord lokker. Det samme gjør lysten til å oppleve livet på bygda. Stadig flere byungdom flytter til mindre steder for å ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Friluftsliv Finnmark - Afrika

Pasvik Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

REIS Outdoor Adventure

Ålesund Folkehøgskole
HeilårskursKristen

Opplevelseslinja

Folkehøgskolen 69 Grader Nord
HeilårskursKristen

Friluftsliv

Sogndal folkehøgskule
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt

Friluftsliv / Utforsk Norge

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen

Fjell og Fjord - Europa​ og Bali

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Friluftsliv Hav & Fjell

Bømlo folkehøgskule
Helårskurs B5 t/ukeFrilynt

Friluftsliv lett

Nordmøre Folkehøgskule
Helårskurs B6 t/ukeFrilynt

Friluft Basic

Folkehøgskolen Sørlandet
HeilårskursKristen

Friluftsliv 70° Nord

Alta folkehøgskole
HeilårskursKristen

Tropisk seilas, hav og fjell

Kristiansand folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Villmark - vann og snø, Svalbard, Franske alper

Ringebu Folkehøgskole
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt